RETTLEIAR FONNAKART OG WEBPLAN Kvinnherad kommune sin kartportal og planklient Kvinnherad kommune Juni 2014 FONNAKART og WEBPLAN • Fonnakart er Kvinnherad kommune sin kartportal – Kartportalen er felles for 19 kommunar – Her finn du grunnkart, plankart og flyfoto for heile kommunen – Nyttig verkty for deg som ynskjer å orientere deg rundt i kommunen, søkje om tiltak og leite etter informasjon. • WebPlan gjer deg fullt innsyn i alle planane (kommunedelplanar og reguleringsplanar) i kommunen – planar som er vedtatt – planar under arbeid FONNAKART • Fonnakart finn du her: http://fonnakart.no/ • Kan nyttast til: – Orientering • Koordinatar • Himmelretning • Tema i området, til dømes kablar, grenser, vern osv. – – – – – Eigedom, adresse og stadnamn Måling, lengde og areal Situasjonskart Plassering av tiltak, teikning i kart Arealføremål Zoome inn og ut i kartet 1 2 3 4 For å bevege deg inn og ut i kartet, er det fleire moglegheiter: 1. Forstørringsglas: Du får opp eit kryss. Hald venstre musetast inne og trekk eit rektangel over området du ynskjer å zoome inn på. Slepp venstre musetast når du er ferdig. 2. og 3. Dersom du ynskjer å zoome ut att, kan du nytt ×2 og ×5. Då vil målestokken doblast eller femdoblast. Klikk på knappen og kartet vil automatisk zoome ut frå sentrum av kartet du står i til ei kvar tid. 4. Ynskjer du ein gitt målestokk over området du er i, kan du velja frå rullegardina. Trykk på pila ned og vel målestokken du ynskjer, til dømes 1:500. Orienteringsverkty 3 2 1 1. Handa: Handa nyttar ein til å «skubba» kring på bilete. Hald inne venstre musetast, rør musa der du ynskjer, og slepp musetasten. Då vil bilete oppdatera seg. Dersom du ynskjer å bevega deg opp langs til dømes ei strandlinje, gjentek du denne handlinga. 2. «Krysset»: Klikkar ein på krysset, vil bilete gå attende til utgangskartet (viser heile basen). 3. Pilene til venstre i toppmenyen, nyttar ein for å gå mellom ulike utsnitt av kart ein har hatt oppe. Koordinatar og himmelretningar KOORDINATAR: Hald musepeikaren over staden du ynskjer koordinatane for. Les av koordinatane nede i venstre hjørne. I Fonnakart er nord alltid opp, sør alltid ned, vest alltid til venstre og aust alltid til høgre. Karttype Fonnakart har 5 ulike karttypeval: Grunnkart, kommuneplan, regulerings- og bebyggelsesplan, arealbruk og flyfoto. Desse finn du i rullegardina under «Velg karttype» til venstre. Klikk på karttype, og kartutsnittet vil oppdatere seg. Nokre karttypar blir berre vist i gitte målestokkar. Då må du zoome deg inn i kartet. Grunnkart Flyfoto Kommuneplan Reguleringsplan Tema Somme tider treng ein fleire detaljar på eit kart. Desse finn du under «Utval» (1). Fyrst vel du den karttypen du ynskjer (2). Deretter huker du av det du ynskjer at kartet skal vise (3). Trykk så på «Oppfrisk» (4). 2 1 4 Målestokken på kartutsnittet og val av karttype påverkar kva tema du får tilgjengeleg. Prøv deg fram. Utan EL og VA 3 Med EL og VA Eigedom 1 • Du kan gjere søk etter adresse, stadnamn, gards- og bruksnr. og koordinatar. • Mest brukt er gards- og bruksnr. og adresse. – Klikk på fana «Søk» (1) – Vel frå rullegardina «Adresse» eller «Eigedom». (2) 2 – Vel kommune - Kvinnherad (3) – Skriv inn adresse eller gards- og bruksnr. (4) – «Søk» (5) – Somme gonger kjem det opp fleire alternativ, til dømes fleire teigar. Trykk på alternativet du ynskjer, eller leit deg fram ved å prøve fleire alternativ 3 4 5 Eigedom • Dersom du ynskjer å finne gards- og bruksnr. til ein gitt eigedom, og du veit kvar på kartet denne staden er, kan du zoome deg inn i kartet. Vel grunnkart. Gards- og bruksnr. skal stå på alle eigedomane. Måling; lengde og areal Lengde: Klikk på «Mål avstand» (1). Klikk den lengda du ynskjer å måle på kartet (2). Dobbeltklikk når du er ferdig. Les av i menyen til venstre (3). 1 2 3 Areal: Klikk på «Mål areal» (4). Klikk deg gjennom det arealet du ynskjer å finne ut av (5). Dobbeltklikk når du er ferdig. Les av i menyen til venstre (6). 4 5 6 Situasjonskart Situasjonskart er eit kart som inneheld opplysningar om: Eigedomen sine grenser Høgdekoter Gards- og bruksnummer Bygningar Vegar Anne relevant informasjon på kartet kan vera areal, leidningsnett for vatn og avløp, høgspentliner, byggegrenser, frisiktslinje, senterlinje i regulert veg og eventuelt anna nyttig informasjon. • Dersom situasjonskartet skal nyttast i byggesaken, teikn inn tenkt tiltak. • • • • • • Døme på situasjonskart, med tenkt tiltak. Korleis lage situasjonskart • Gå inn på Fonnakart. • Slå opp aktuelt område. • Sjekk alltid reguleringsplanar og tema i området før du startar med situasjonskartet. Når du tek til med situasjonskartet, kan det vere greitt å ta utgangspunkt i grunnkartet. • Dersom det er eit situasjonskart for byggesøknader, ynskjer kommunen situasjonskart i målestokk 1:500 eller 1:1000 (kjem an på tomtestorleik). • Sentrum i kartutsnittet, vil bli sentrum i situasjonskartet. Pass difor på at viktige vegar, bygningar og grenser viser tydeleg. • Slå på aktuelle tema, t.d. VA og EL («Oppfrisk»). Sjå kart neste side Målestokk Aktuelt område i sentrum av kartutsnittet Slå på aktuelle tema Teikne inn tiltak i situasjonskart • Det er fleire måtar å teikne inn eit tenkt tiltak i eit situasjonskart: 1. Skriv ut situasjonskartet, og teikn det inn for hand. Hugs å bruke linjal for å få rette avstandar 1. Vidare kan du skanne inn kartet igjen, eller 2. Sende det i posten til mottakar 2. Bruk teiknefunksjonane i Fonnakart (ei enkel forklaring følgjer) 3. Bruk andre teikneprogram som du har tilgjengeleg på Pc/Mac, men hugs at måla og avstandar skal vere rette Teikne inn tiltak ved hjelp av Fonnakart. • I Fonnakart er det ein funksjon som heiter «Påtegninger» (1). • Bruk linjalen flittig, då er det større sjanse for at måla blir korrekte (2). • Zoom godt inn før du tek til å teikna (meir nøyaktig). Når du teiknar tiltaket, blir teikninga verande igjen med rett målestokk. • Bruk linjalen. Mål opp kvar tiltaket skal vera. • Før du vel form (i dei fleste høve rektangel), vel farge (3), skravur (4) og linjetype (5). • Plasser figuren på gitt stad (6). • Zoom deretter til rett målestokk (t.d. 1:500) (7). • Klikk på tekst-knappen (8). Skriv gitt mål i boksen under (9). Før musa bortover på kartet, høgreklikk der du ynskjer at teksten skal stå. Gjenta denne handlinga for resten av måla. • Når du er ferdig med situasjonskartet, kan du skrive ut kartet eller lagre det. Sjå kart neste side 7 1 6 Tiltak 8 9 3 4 5 2 Lagre og skrive ut situasjonskartet • Lagre: Klikk på skriver-ikonet. Lag ein tittel på situasjonskartet. Vel dei innstillingane som du ynskjer. Klikk på «Forhåndsvisning». Ser det OK ut? – Les teksten på sida som kjem opp godt! – – – – • Utskriftsmargane må vera maks 15 mm på alle kantar for at målestokken skal bli rett. • Sjekka at det ikkje er bestilt tilpasning til arkstorleik i skriveroppsettdialogane. – Her i frå er det ulik frå maskin til maskin. Sjekk om du har one note, pdfkonverterar eller liknande. Dei fleste har moglegheit til å lagre som pdf eller eventuelt gå via one note. Lagre og skrive ut situasjonskartet • Skriv ut: – – – – – Klikk på skriver-ikonet. Lag ein tittel på situasjonskartet. Vel dei innstillingane som du ynskjer. Klikk på «Forhåndsvisning». Ser det OK ut? Les teksten på sida som kjem opp godt! • Utskriftsmargane må vera maks 15 mm på alle kantar for at målestokken skal bli rett. • Sjekk at det ikkje er bestilt tilpasning til arkstorleik i skriveroppsettdialogane. – Trykk «Skriv ut». Då får du opp eit nytt vindauga der du vel rett skrivar. Her i frå er det ulikt frå maskin til maskin • Gå inn på innstillingane til skrivaren. Juster margar, sjekk skriveroppsett (papirstorleik, orientering). – Skriv ut • Gjer justeringar dersom naudsynt. Arealføremål • Arealføremål fortel om kva type funksjonar som kan fylla område og kva type inngrep som er tillate. • Døme: Bustadområde, LNF, industri, mm. • Kommunedelplan: kommuneplanen skal vere kommunen sitt overordna styringsdokument. Planen gjer rammer for verksemda sine planar og tiltak, samt planar for bruk og vern av areal i kommunen. • Kvinnherad kommune har 6 kommunedelplanar • Reguleringsplan: er eit arealplankart med tilhøyrande føresegner som fastlegg bruk, fleirbruk og vern i bestemte områder, og gjer grunnlag for avklaring av kva byggje- og anleggstiltak som kan gjennomførast i planområdet. • I dag blir dei fleste reguleringsplanane i Kvinnherad kommune utarbeidd av private. Arealføremål for gitt område • • • • Gå inn på Fonnakart. Slå opp gitt område. Vel karttype «Kommuneplanens arealdel» eller «Regulerings-/Bebyggelses-planer». Vel fana «Tegnforklaing» (1). Då dukkar det opp ei forklaring for alle arealføremåla i kartutsnittet. • Døme: Eg skal finn ut arealføremålet for eit hus - gult område Område for bustader. • Ynskjer du å finne ut meir om kva som er mogleg og ikkje mogleg, sjå føresegnene og plankartet. Sjå WebPlan. 1 WEBPLAN • Kvinnherad kommune gjer deg moglegheita å sjå alle vedtekne planar og alle planane under arbeid • Kommunedelplanar • Reguleringsplanar • Start på Fonnakart og zoom deg inn på gitt område. • Vel karttype; kommuneplan eller reguleringsplan. • Bruk - knappen (1). Klikk på planen du ynskjer informasjon om . • Somme stader kan det vera fleire planar, ein vedtatt og ein under arbeid. 1 2 Når du klikkar på planen, får du opp informasjon til venstre (i dette tilfellet er det to planar, ein vedtatt og ein der planlegginga er igangsatt). Klikk på «Vis Webplan» (2) for meir informasjon. Her kan du finna mykje informasjon om ein plan, blant anna: - Plannamn - Dispensasjonar - Status - Mindre endringar - Ikraftsetjingsdato - Planskildring - Føresegner - Plankart - Vedtak - og anna Blå skrift er link til PDF-filer (t.d. føresegner og plankart), Fonnakart eller andre planar. «Vis i kart» er sti til Fonnakart og viser plassering av dispensasjonar og mindre endringar. Har du spørsmål angåande Fonnakart, arealplanar eller anna knytt til kart, ta kontakt med Kvinnherad kommune. Sentralbord 53 48 31 00 Kart/oppmåling 53 48 32 75 Byggesak 947 89 309
© Copyright 2024