Vedtak

Rosendalsvegen 10
Kvinnherad kommune
5470 ROSENDAL
Tel: 53483100
Fax: 53483130
Org. nr: 964 967 636
Bankgiro: 3460.07.00083
Fellestenester
Politisk sekretariat
post@kvinnherad.kommune.no
www. kvinnherad.kommune.no
facebook.com/kvinnherad
«MOTTAKERNAVN»
«ADRESSE»
«POSTNR» «POSTSTED»
Saksbehandlar
Kjartan Thoresen
Tlf. direkte innval
53483168
Vår ref.
2008/1384-23
Dykkar ref.
«REFDATO»
Dato
11.02.2015
BS - 196/51 - naust og brygge - Toftevåg - Liv Karin Helvik Skjærven
Kvinnherad forvaltningskomité hadde saka føre i møte 4.2.2015 med vedtak nr 2015/18.
Vi legg ved utskrift av møteboka og syner til vedtaket.
Då saka gjeld dispensasjon etter plan- og bygningslova kap 19, vert kopi av vedtaket også send
til berørte regionale og statlege styresmakter for eventuell klagevurdering.
Dette brevet er sendt elektronisk utan underskrift og vert ekspedert med e-post som inneheld
lenkje til kommunen sin arkiv webmodul.
http://innsyn.kvinnherad.kommune.no/eInnsyn/Journalpost/Details/311547
Her kan de finna alle dokument som er vedlegg til saka.
Dersom du vurderer å klaga på vedtaket, viser vi til reglane i forvaltningslova og spesielt til plan og
bygningslova §1-9.
Vi viser også til pbl §21-9 om at eit dispensasjonsløyve fell bort etter 3 år dersom eit tiltak ikkje er
igangsett. Tiltak omfattar også oppretting og endring av eigedom (frådeling).
Eventuelle spørsmål kan rettast til saksbehandlar.
Med helsing
Bente Høyland
Møtesekretær
Kvinnherad kommune
-fellesskap og trivsel –utvikling og vekst
Side 2
Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift.
Kopi til:
Kjartan Thoresen
Mottakarar:
Fylkesmannen i Hordaland
Postboks 7310
5020 Bergen
Hordaland fylkeskommune
Postboks 7900
5020 Bergen
Liv Helvik Skjærven
Halsnøy Trelast A/S
5454 Sæbøvik
Kvinnherad kommune
-fellesskap og trivsel –utvikling og vekst
Side 3
Saksframlegg
Kvinnherad kommune
Saksmappe
2008/138422
Saksbehandlar
Kjartan Thoresen
Saksgang
Saksnr
Utval
2015/18 Forvaltningskomiteen
Møtedato
04.02.2015
Behandling forlenging av dispensasjon - 196/51 - brygge - Toftevåg - Liv Karin
Helvik Skjærven
Innstilling frå rådmannen:
Kvinnherad kommune gjev dispensasjon frå plankrav på område F-15, samt vannareal for allmenn
flerbruk i gjeldande kommunedelplan. Det kan difor gjevast løyve til oppføring av brygge og slipp
på 196/51 som omsøkt. Dispensasjonen er heimla i pbl §19-2 og omsyna bak planen vert ikkje
vesentleg tilsidesett, og ulempene ved dispensasjon er mindre enn føremonene.
Behandling i Forvaltningskomiteen den 04.02.2015
Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteken.
Vedtak frå Forvaltningskomiteen den 04.02.2015
Kvinnherad kommune gjev dispensasjon frå plankrav på område F-15, samt vannareal for
allmenn flerbruk i gjeldande
kommunedelplan. Det kan difor gjevast
løyve til oppføring av brygge og slipp på
196/51 som omsøkt. Dispensasjonen er
heimla i pbl §19-2 og omsyna bak planen
vert ikkje vesentleg tilsidesett, og
ulempene ved dispensasjon er mindre enn
føremonene.
Saksutgtreiing:
Historikk:

Januar 2011: det blir søkt om dispensasjon frå plankravet (arealet er sett av til fritidsbustad
m/plankrav) for å setje opp naust og bryggje.
Kvinnherad kommune
-fellesskap og trivsel –utvikling og vekst




Side 4
September 2011: forvaltningskomiteen behandlar dispensasjonssaka og går samrøystes for
rådmannen si positive innstilling.
Statens vegvesen vil ikkje godkjenna avkøyrsla til naustet, slik at tiltakshavar ikkje fekk koma
igong med tiltaket innan fristen på 3 år.
August 2014: det vert søkt om
Figur 1: Overisktskart, Toftevågen.
forlenging av dispensasjonen frå oktober
2011 (denne går ut etter 3 år). Tiltakshavar veljer å endra dispensasjonssøknaden til å berre
gjelda
bryggja, og utsetja naustplanane til avkøyrsla er avklara med statens vegvesen.
Rådmannen tek no opp saka for å forlenga dispensasjonen frå 2011, som no berre gjeld
bryggja.
Søkjar: Liv Karin Helvik Skjærven
Søknad dagsett: 08.01.15
Om søknaden og eigedommen:
Det er søkt om same bryggja som det vart gjeve dispensasjon til i 2011, med støypekant ut til
sjølina med ei 2m lang trebryggje framføre. Trebryggja vert 2 X ,4,20m brei. I tillegg er det søkt om
slipp i betong, som vist på teikning.
Figur 2: Situasjonsplan og teikning.
Arealstatus og strandsone
Det omsøkte arealet ligg i eit område som er sett av til fritidsbustad, med krav om utarbeiding av
reguleringsplan etter gjeldande kommunedelplan som var vedteken 25.09.2008. Sjøarealet er sett
av til allmenn flerbruk. Heile parsellen ligg innafor 100m-beltet frå sjøen, men i dette område er
det ein detaljplan som skal avgjere byggjegrense til sjø. I kommuneplanen er det omsøkte arealet
sett av til byggjeområde, slik at byggjeforbodet i 100-metersbeltet er oppheva. Det er ikkje gjort
vurdering av funksjonell strandsone i området.
Kvinnherad kommune
-fellesskap og trivsel –utvikling og vekst
Side 5
Figur 3: Ortofoto og kommuneplansituasjon.
Nabovarsel
Aktuelle naboar er varsla, det er ikkje komen merknad.
Uttale frå regionale og statlege styresmakter
Saka har ikkje vore sendt på uttale til regionale eller statlege styresmakter då deira
interesseområde ikkje vert råka. Fylkesmannen får eit ev. positivt vedtak sendt på klagevurdering.
Naturmangfaldlova
Det er ikkje registrert særskild viktige naturtypar eller biologisk mangfald i området
(www.naturbase 29.01.15).
Kulturminne
Det er ikkje registrert automatisk freda kulturminne, sefrak-bygningar eller anna i området
(www.kulturminnesok.no 29.01.15).
Støy
Ikkje relevant.
Klimatilpassing
Bryggja må tilpassast og dimensjonerast for ekstremvær.
Aktuelle lovheimlar
Det planlagte tiltaket krev dispensasjon etter pbl § 19-2 frå føremålet vannareal til allmenn
friluftsliv, samt plankravet i kommunedelplanen for Halsnøyområdet.
Dersom det skal gjevast dispensasjon må omsyna bak reglane det vert dispensert frå, eller omsyna
i føremåla til lova, ikkje verta vesentleg sette til side. I tillegg må fordelane ved å gi dispensasjon
vere klart større enn ulempene etter ei samla vurdering.
Kvinnherad kommune
-fellesskap og trivsel –utvikling og vekst
Side 6
Vurdering og grunngjeving
Eigedomen ligg i eit område med plankrav. I praksis vil det seie at ein reguleringsplan, evt.
kommunedelplan, bør utarbeidast før nybygging kan skje. Dette er det gitt ei retningsline om på s.
23 i planforklaring, føresegner og retningsliner for kommunedelplan for Halsnøy-området 2008 –
2017.
Det har ikkje vore kommunen sin intensjon å hindra utbygging på allereie frådelte tomter i dette
området. Eit tidlegare utkast til retningsliner for området tok omsyn til dette ved å presisera at
det på slike tomter skulle kunne søkjast direkte om byggeløyve. Denne formuleringa vart ikkje
godkjent av fylkesmannen, og vart difor teken ut av planen før endeleg vedtak. Kvinnherad
kommune gav i tillegg løyve til frådeling av tomta så seint som i 1989 (sjå vedlegg).
Administrasjonen meinar på bakgrunn av dette at omsyna bak planen ikkje vert vesentleg
tilsidesett, og ulempene ved dispensasjon er mindre enn føremonene.
Kvinnherad kommune
-fellesskap og trivsel –utvikling og vekst