4 Tysdag 21. april 2015 nyhende Grenda Heldt innlegg på landsmøtet Ap sin ordførarkandidat i Kvinnherad, Johnny Håvik, var på talarstolen under partiet sitt landsmøte i helga. (Foto: Arbeidarpartiet). – Det har vore ei strålande helg! Det seier ordførarkandidat Johnny Håvik etter Arbeidarpartiet sitt landsmøte. Laurdag føremiddag heldt han innlegg om fagarbeidarar, industri og klima. – Det er ei glede at vi har gjort mange gode vedtak som vil få positive verknadar for Kvinnherad, seier Håvik etter møtet. Han trekkjer fram overføringane til kommunane som eitt døme. – For Kvinnherad sin del mista vi heile 25 millionar kroner over førre statsbudsjett. 5 millionar forsvann på grunn av skattesvikt og 20 millionar forsvann på grunn av finansdepartementet si prioritering av vekstkommunar. Når Arbeidarpartiet har sete i regjering og det har inntreffe skattesvikt, har dette vore kompensert over statsbudsjettet. Det valte den mørkeblå regjeringa å ikkje gjera, seier Håvik. Ap vil auka overføringane til kommunane og kompensera årets skattesvikt, samt sikra eit inntektssystem som gjev likeverdig tenestetilbod over heile landet. Yrkesfag Når det gjeld skule og opp- vekst, vil Ap auka lærartettleiken. Dei ynskjer også ein lese-, skrive- og reknegaranti som skal sørgja for at elevane beherskar grunnleggande ferdigheiter når dei går ut av andre klasse. – Vi vil styrka skulehelsetenesta og vi vil ha eit løft for yrkesfag. Vi slår ring om den offentlege skulen, og er sterkt bekymra over Høgre sine privatiseringsplanar, kommenterer Håvik. Ap legg elles opp til ei offensiv satsing på kunnskap og industri. Til dette temaet hadde både Johnny Håvik og Tysnes sin ordførar Kjetil Hestad ordet. Johnny Håvik fekk god kontakt med Tysnes-ordførar Kjetil Hestad under landsmøtet. (Foto: Privat). – Det var ei glede å kunna fortelja landsmøtet at verkemidla vi fekk på plass i regjering no fører til det vi kan kalla ein ny industriell revolusjon, og at optimismen igjen er tilbake i industrikommunen Kvinnherad. CO2-kompensasjon, klimateknologifondet og lånegarantiordninga er alle heilt avgjerande moment i at den kraftforedlande industrien igjen satsar for fullt, opplyser Håvik. Jens Stoltenberg slå av ein prat med Jens Stoltenberg under landsmøtet. – Eg nytta sjølvsagt høvet til å gje han ei oppdatering på korleis det går i Kvinnherad. Han har tidligare vitja Hydro Husnes, og var svært glad for å høra at optimismen no er på topp, seier Johnny Håvik som er valt inn i partiet sitt industriutval i Hordaland. Morten Nygård Ordførarkandidaten fekk elles morten@grenda.no Karriererettleiarane Lurer du på kva yrke du skal velja eller vurderer å skifta jobb? Alle innbyggjarar i Kvinnherad over 19 år kan no få hjelp til å finna ut kva karriereveg som passar best. Marie E. Isdahl (t.v.) og Birgit Bratseth vil hjelpa kvinnheringane med med å finna ut kva yrke som passar. Utdanningsdirektoratet ynskjer at alle fylke skal ha eit tilbod om karriererettleiing for vaksne. Tilbodet er flunkande nytt i vår region, og har her fått namnet Karriere Sunnhordland. Karriererettleiarane Marie E. Isdahl og Birgit Bratseth har kontorstad på Stord, men éin dag i månaden vert dei å finna på Husnes. No ynskjer dei å gjera bebuarane i Kvinnherad kjent med det gratis tilbodet. På fredag heldt derfor dei føredrag for 11 tilsette i Nav og Vaksenopplæringa. Konkret kan Karriere Sunnhordland hjelpa til med individuell rettleiing eller i grupper, jobbsøkjar- kurs, kartlegging av interesser og personlege preferansar, finna yrke og utdanning som passar, samt digital dugleik. I tillegg kan dei fortelja om kva som er viktig å tenkja på dersom arbeidstakarar må gjennom nedbemanning, omstilling, permitteringar, eller rett og slett mister jobben. Varig læring To månader etter at Isdahl og Bratseth tok i mot sin fyrste kunde - eller vegsøkjar som dei kallar det har dei passert 40 samtalar. – Det synst vi er ganske bra, vurderte fyrstnemnde. Dei føretrekk at folk tingar time på førehand. Den fyrste samtalen bør skje ansikt til ansikt, medan oppfølginga kan skje via Skype eller på andre måtar. – Vårt overordna mål er å auka vegsøkjar sine karriereferdigheiter. Vi gjev ikkje råd eller anbefalingar, men ynskjer å bidra til at vegsøkjarane blir meir medvitne på korleis dei kan ta eigne val, opplyste Isdahl. – Vi vil bidra til varig læring, ikkje berre brannsløkking i ein gitt situasjon, la Bratseth til. Prosessen startar ved at ein kjem fram til ein «bestilling» i høve til kva vegsøkjar vil og kva han/ho kan frå før. Det er òg mogleg å kartleggja gjennom ulike verkty og påfølgjande samtale kva yrke/utdanning som kan passa. Personar som mistrivst i noverande jobb og som drøymer om noko anna, er også ei naturleg målgruppe. Slagordet til Karriere Sunnhordland er «Ditt val». Morten Nygård morten@grenda.no
© Copyright 2024