OMRÅDEREGULERINGSPLAN FOR SOS – Trudvang – Prestadalen og omkringliggande område Framlegg til planprogram Sogndal kommune 14. juni 2012 Innhald INNHALD 1 1 2 1.1 1.2 1.3 1.4 1.5 INNLEIING BAKGRUNN OG FØREMÅL STATUS FOR PLANPROGRAMMET UTGREIINGSBEHOV I PLANPROSESSEN LOVGRUNNLAGET GRUNNLAGSDOKUMENT 2 2 2 2 3 2 PLANPROSESS 3 2.1 ORGANISERING 2.2 PLANPROSESS OG MEDVERKNAD 3 3 3 PLANOMRÅDET 5 3.1 3.2 3.2 3.3 3.4 3.5 5 5 0 6 6 7 LOKALISERING OG PLANAVGRENSING PLANSTATUS EIGEDOMSSTATUS BRUKEN AV OMRÅDET KULTURMINNE OG KULTURMILJØ NATURTILHØVE 4 TEMA SOM MÅ UTGREIAST I PLANPROSESSEN 7 4.1 BEHOV FOR UTGREIING AV VERKNADER FOR MILJØ OG SAMFUNN 4.2 V URDERING AV ALTERNATIV 7 7 VEDLEGG 1 KART OVER GRUNNEIGEDOMAR I PLANOMRÅDET 8 1 1 Innleiing 1.1 Bakgrunn og føremål Hovudføremålet med planarbeidet er å leggja til rette for utbygging av helse- og omsorgstenestene i kommunen. I økonomiplanen til Sogndal kommune 2012-2015 heiter det i eit av 10 på topp punkta at: «vi skal fylgje opp samhandlingsreforma ved å planleggje utbygging av helse- og omsorgstenestene i kommunen, slik at kommunen sjølv kan levere tenester som vi kan ta over frå spesialhelsetenesta, m. a ved å styrkje det førebyggjande helsearbeidet og auke kompetansen innan helse- og omsorgstenestene og planleggje utbygging av helse- og omsorgstenestene. I utgreiingsarbeidet må vi ta i bruk all kunnskap om førebyggjande helsearbeid og aldring med meir, inkludert den erfaringsbaserte kompetansen». Kommunestyre har i møte 26. 04. 2012 sak 13/12 gjort vedtak om at det skal arbeidast vidare med utbygging av Sogndal omsorgssenter/ Sogndal lokalmedisinske senter. Folketalsutviklinga og nye oppgåver i samband med samhandlingsreforma gjev behov for ei utviding av eksisterande helse- og omsorgstilbod. 1.2 Status for planprogrammet For reguleringsplanar som kan ha vesentlege verknader for miljø og samfunn skal det utarbeidast planprogram som grunnlag for planarbeidet, dette er gjort i medhald av plan og bygningslova §§ 4-1 og 12-9. Planprogrammet skal: • • • • • 1.3 Gjere greie for føremålet med planarbeidet Gjere greie for planprosess, framdrift og medverknad Vise planavgrensinga Vise behov for utgreiingar Gjere greie for alternative vurderingar Utgreiingsbehov i planprosessen Etter vår vurdering er områdereguleringa omfatta av forskrift av konsekvensutgreiing etter plan og bygningslova § 4-2. 2. ledd. Reguleringsplanen kan gje ramme for ei større utbygging i området, førebels byggjevolum er vurdert til 5 400 m2 nybygg. Utbygginga vil skje i nærleiken av og kan berøre Sogndal Prestebustad, som er freda med vedtak etter kulturminnelova (KU-forskrift § 4a). Reguleringa kan også innebere at friområdet Stitoppen vert omregulert til utbyggingsføremål (KUforskrift § 3d). 1.4 • • Lovgrunnlaget Lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan og bygningslova, pbl) av 27. juni 2008 Forskrift om konsekvensutgreiing av 26. juni 2009. 2 • • • 1.5 • • • Lov om forvaltning av naturens mangfald av 19. juni 2009 (naturmangfaldlova, nml) Lov om kulturminner av 10. juni 2005 (kulturminnelova) Rikspolitiske retningslinjer for universell utforming. Grunnlagsdokument Geoteknisk vurdering. Rapport frå Norconsult datert 13.12.2011. Utviding av Sogndal pleie- og omsrogssenter, skisseprosjekt. Rapport utarbeidd av Arkitektkontoret 4B Økonomiplan 2012-2015 2 Planprosess 2.1 Organisering Utarbeide planprogram og plan Administrativt Plan og næring Godkjenning av planprogram Politisk Kommunestyret Godkjenning av områdereguleringsplan Politisk Kommunestyret 2.2 Planprosess og medverknad Reguleringsplanen vil verte utarbeidd som ein områdereguleringsplan, i medhald av plan og bygningslova jf. § 12-2. Førebels framdriftsplan er vist i tabell 1. Tabell 1 Framdriftsplan for prosessen Planprosessen Vedtak om oppstart av planarbeid og utlegging av planprogram til offentleg ettersyn Annonsert oppstart i Sogn Avis Varsel om oppstart og høyring av planprogram til berørte partar og høyringsinstansar Frist for å kome med innspel og merknader til planprogrammet og planarbeidet 2. gong handsaming av planprogram Utøvande myndigheit Forvaltningsutvalet Framdrift/fristar 21. juni 2012 Plan og næring Plan og næring 23. juni 2012 23. juni – 6. aug. 2012 Plan og næring 6. august 2012 Forvaltningsutvalet 23. august 2012 Fastsetting av planprogram Utarbeiding av planframlegg 1. gongs handsaming av planframlegg Offentleg ettersyn Høyringsfrist 2. gongs handsaming Vedtak av reguleringsplan Kunngjering Kommunestyret Plan og næring Forvaltningsutvalet Plan og næring Plan og næring Forvaltningsutvalet Kommunestyret Plan og næring 6. september August – sept. 2012 20. september 2012 22. sept. – 5.nov. 2012 5. november 2012 6. desember 2012 13. desember 2012 Desember 2012 3 Varsel om oppstart av planarbeid vert kunngjort i slutten av juni 2012. Samstundes vert framlegg til planprogram sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. Frist for å gjeva uttale til framlegget er lovbestemt minimum 6 veker frå utleggingsdato. Fastsetting av planprogram vert gjort i kommunestyremøte i september. Ved fastsetting av planprogram vert det teke stilling til om det er behov for tilleggsutgreiingar, jf. § 11 i Forskrift om konsekvensutgreiingar. Utarbeiding av framlegg til reguleringsplan med ROS- analyse, jf. pbl § 4-3 og konsekvensutgreiing vert gjort i august – september, med 1. gongs handsaming i forvaltningsutvalet i september 2012. Framlegg til områdereguleringsplanen vert sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i minimum 6 veker. Etter høyring vert planen handsama andre gong i forvaltningsutvalet i starten av desember 2012 og vedteken i kommunestyret i desember 2012. Medverknad: Arbeidet fylgjer planprosessen i medhald av plan og bygningslova §§ 5-1 og 12-8: Alle grunneigarar og festarar innafor plangrensa og naboar til planområdet, offentlege instansar og andre interesserte/ interesseorganisasjonar vil verta gjort kjent med planarbeidet pr. brev om oppstart av planarbeid, høyring/offentleg ettersyn av planprogrammet, høyring/ offentleg ettersyn av sjølve planframlegget og vedtak av plan. I tillegg vil ovannemnde verta varsla i Sogn Avis og på kommunen si heimeside. Etter oppstart av planarbeidet er meldt og framlegg til planprogram er sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn, er det høve til å koma med innspel og merknader til planen. Frist for å koma med innspel / merknader er sett til: 6. august 2012 Når planprogrammet er fastsett, vil det verta utarbeidd framlegg til områdereguleringsplan med risiko- og sårbarheitsanalyse og konsekvensutgreiing. Alle innspel og merknader på varselet om oppstart vil verta kommentert og vurdert. Etter 1. gongs politisk handsaming i forvaltningsutvalet vil framlegget bli sendt ut på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i minimum 6 veker. Det er høve til å koma med innspel og merknader til framlegget i løpet av desse 6 vekene. Innspela og merknadene vil verta kommentert og vurdert. Det vil i verta lagt opp til eit ope informasjonsmøte i høyringsperioden. Etter 2. gongs politisk handsaming i forvaltningsutvalet vert planframlegget lagt fram for kommunestyret for vedtak. Vedtaket vil verta annonsert og kan påklagast av berørte partar. Klagefrist er 3 veker. 4 3 Planområdet 3.1 Lokalisering og planavgrensing Planområdet er på om lag 70 daa og ligg i Sogndal sentrum, nord og vest for Sogningen Storsenter (figur 1). Området omfattar Sogndal omsorgssenter, Sogndal prestegard, Trudvang skule, Stitoppen, bustader i Prestadalen og nord til Leitevegen/Rutlinslid, samt delar av Aarvoll-Hove. Figur 1 Planavgrensinga merka med svart stipla line. Grunnkart: Topografisk Norgeskart. 3.2 Planstatus I arealdelen til kommuneplanen, 2008 – 2018, er området dels sett av som «område unntatt frå rettsverknad» grunna gjeldande reguleringsplanar, dels som eksisterande bustader (Prestadalen nord til Leitevegen/Rutlinslid) og dels utan arealføremål (Trudvang). Sistnemnde er heller ikkje regulert i reguleringsplan. Reguleringsplanar som inngår i planområdet, og vert erstatta av ny plan (sjå figur 2): 1. 2. 3. 4. Del av Prestegarden, vedteken 26.6.1975 Sogndal sentrum område B2, Leighgota, vedteken 25.4.2001 Aarvoll-Hove, vedteken 30.6.1989 Aarvoll-Hove, endring felt B og I, vedteken 18.2.1993 Reguleringsplanar som delvis inngår i planområdet: 5. Del av Studentheimen – Rutlin – Ulvahaugen, endring, vedteken 15.12.2005 5 3 5 4 1 2 3.2 Figur 2 Utsnitt frå det digitale planregisteret til Sogndal kommune. Reguleringsplanar er merka med nummer etter lista på føregåande side. Planavgrensinga er merka med svart, stipla line. Eigedomsstatus Fylgjande eigedomar inngår i planområdet (sjå kart vedlegg 1): 20/15/1, 20/15/2, 20/15/3, 20/15/22, 20/15/18, 20/15/23, 20/15/21, 20/6/2, 21/119, 21/117, 21/140, 21/111, 21/1/95, 21/147, 21/57, 21/168, 21/167, 21/11, 21/92, 21/153, 17/157, 17/156, 21/4, 21/155, 21/154, 21/141, 21/157, 21/1, 21/1/77, 21/133, 21/127, 21/140, 21/142, 21/110, 21/61, 21/130, 21/136, 21/137, 17/2, 17/5, 17/137, 17/52, 21/64, 21/37. Fylgjande eigedomar inngår delvis/ marginalt i planområdet: 20/27, 20/6, 20/26, 17/94, 20/15, 21/1/56, 21/59, 21/43, 21/53, 20/17. 3.3 Bruken av området Innafor planområdet er det mellom anna lokalisert ein barneskule, eit omsorgssenter med sjukeheimsavdeling, ein prestebustad med uthus og hage, ein kommunal bustad, eit velferdssenter, eit friområde (Stitoppen), eit tjuetals private bustader og to leilegheitsbygg. Trudvang skule har elevar frå 1. til 5. klasse med tre parallelle klasser på kvart trinn, til saman rundt 330 elevar og rundt 40 vaksne tilsette. Uteområdet ved skulen er på om lag 7000 m2 og er under utbetring (2011/2012). Sogndal omsorgssenter har 33 sjukeheimsplassar i Skulevegen 7 A og trygde-/omsorgsbustader i Skulevegen 7 B, 7 C og 9. Stitoppen vert nytta av born og unge til leik (t.d. til aking, klatring osv.) og som snarveg til skule. 3.4 Kulturminne og kulturmiljø Registrerte kulturminne innafor planområdet: • • Eitt freda bygg på gbnr 21/1: Hovudbygning, Sogndal prestegard To SEFRAK- registrerte bygg på gbnr 17/5: Bustadhus og stabbur, Årvoll. 6 3.5 Naturtilhøve Området ligg sentralt i sentrumskjernen, med sterkt omforma vegetasjon og landskap. Unntaket er skråninga opp mot Ulvahaugen/ Stitoppen, ei tydeleg markert terrasse. Vegetasjonen her består hovudsakleg av krattskog, med bjørk, rogn, lerk, alm, samt noko gran og furu. Mange store stubbar står att frå tidlegare planta gran. Lausmassane i planområdet består for det meste av elveavsetningar, unnateke eit belte med tjukt dekke av hav- og fjordavsetning langs Leitevegen. Grunnforholda i området kring Ulvahaugen/ Stitoppen er godt skildra i geoteknisk vurdering av Norconsult, datert 14.12.2011. 4 Tema som må utgreiast i planprosessen 4.1 Behov for utgreiing av verknader for miljø og samfunn I samband med områdereguleringsplanen skal det utarbeidast ei konsekvensutgreiing (KU), som skal ta for seg følgjande tema: • Bygningsmiljø og estetikk • • • • Nærmiljø/ bumiljø Kulturminne og kulturmiljø Landskap og grøntstruktur Infrastruktur • Støy I tillegg til KU vil planomtalen ta for seg skildring av andre tema som ikkje har vesentlege verknader for miljø og samfunn. 4.2 Vurdering av alternativ Det har det tidlegare vorte vurdert ulike alternativ for utbygging av helse- og omsorgstilbodet i kommunen. Desse alternativa ligg innafor planområdet for dette reguleringsarbeidet. Det har også blitt vurdert eit alternativ der helsetenestene vert utbygd knytt til dagens Helsesenter, men kommunestyret har konkludert med at vi skal planleggje for ei samla løysing, der m.a. legetenesta og ambulansetenesta vert lokalisert i tilknyting til SOS. Fylgjande tilhøve som må vurderast i reguleringsplanen er ulike alternativ: • • Vegtilkomst knytt til utbygging av SOS/SLS Parkering knytt til utbygging av SOS/SLS 7 Vedlegg 1 Kart over grunneigedomar i planområdet 8
© Copyright 2025