Månådsplån for Håre Tlf.: 51 78 60 20 VEKE 41 MÅNDAG TYSDAG 5. Møtedag 6. 7. FormingsTurdag med aktivitet formjakt Drøymelomme Barnesamtalar Varm mat Uteleik ONSDAG TORSDAG FREDAG 8. Formingsaktivitet Drøymelomme Barnesamtalar 9. Uteleik formiddag og inneleik ettermiddag Løveklubben 42 12. Møtedag Uteleik 43 19. Møtedag Uteleik 13. Formingsaktivitet Drøymelomme Barnesamtalar 14. Turdag med song- og regelleiker 26. Møtedag Uteleik Varm mat 16. Uteleik formiddag og inneleik ettermiddag Varm mat Løveklubben 20. 21. FormingsTurdag med aktivitet balleik Drøymelomme Barnesamtalar Varm mat 23. Uteleik formiddag og inneleik ettermiddag Varm mat 44 15. Formingsaktivitet Drøymelomme Barnesamtalar 27. 28. Leikegrupper Turdag med Drøymelomme sortering Barnesamtalar 22. Matias S 5 år Løveklubben Leikegrupper Varm mat Drøymelomme Barnesamtalar Markering av FN-dagen 29. 30. Leikegrupper Uteleik Drøymelomme formiddag og Barnesamtalar inneleik ettermiddag Varm mat Løveklubben Varm mat Månaden som har gått I september har vi jobba mykje med fagområdet etikk, religion og filosofi. Vi har lagt stor vekt på korleis vi oppfører oss saman med andre. Dei vaksne har gitt barna tilbakemelding når vi har sett at barna har gjort positive og empatiske handlingar for andre barn. Dette har vi snakka om i samlingsstund og barna som har vore hjelpsame, trøystande, inkluderande og vore ein god venn har vore veldig stolte over at vi har sett dei gode handlingane. Vi har og rettleia barn som har tatt dårlige val i leik og aktivitet med andre barn. Vi har formidla at vi vil høyre at dei fortel kva som har skjedd, at vi ikkje er sinte på dei og at vi vil hjelpe dei til å finne ein annan handlingsmåte i den situasjonen som har vore vanskelig. Vi har og delt barna i mindre grupper. Når Haregruppa har både Hare- og Rådyrromma til disposisjon, opplever vi at barna klarer å konsentrere seg i ein leik eller ein aktivitet over lenger tid. Det er meir plass å leike på, færre forstyrrande element og ein roligare atmosfære i leiken. Vi opplever og at dei barna som er mest utrygge når vi er mange barn på ein plass, blir tryggare og klarer å sleppe seg meir laus i leiken. I brannvern veka har vi hatt fokus på nød nummer, rømmingsvegar, møteplassen og å svare høgt JA når ein høyrer namnet sitt. Vi tok ein runde i heile barnehagen og såg om det var røykvarslarar i alle rom og vi såg på dei grøne skilta som viser kor rømmingsvegane er. Vi såg Bente og Oli på brannstasjonen. Det var ein kjekk film. Når vi hadde brannøving opplevde vi at barna var raske med å følgje ein vaksen ut og stilte seg opp ved møteplassen vår, som er den brune, lange veggen på framsida av barnehagen. Alle svarte høgt og tydelig JA når dei blei ropt opp. Være sammen I samlingsstund har vi hatt besøk av Regnbueløva og rottebarna; Skalk, Hanske, Støvlett, Gamasje og Sløyfe. Dei vist oss kor leit det er å stå utanfor leiken, og korleis vi kan invitere andre med i leiken. Vi har og lest om Regnbueløva og rottebarna. Månaden som kjem Fødselsdag i oktober: 22. Matias S 5 år Hipp, hurra for Matias! Nærmiljø og samfunn: i samband med markeringa av FN-dagen skal vi verte kjende med livet til Biswas (5 år), Nischal (6 år), Puspa (7 år), Anjali (11 år) og fleire barn som bur på landsbygda utanfor Katmandu i Nepal. Vi får innblikk i kvardagen og leiken på landsbygda i Nepal, og i år skal vi og ut og treffe elefantar! FORUT ønsker at barn i Norge skal lære om barn i andre land. FORUT ønsker og at barn i Norge skal forstå at det går an å hjelpe dei som ikkje har det så bra som oss. Kunst, kultur og kreativitet: vi vil jobbe med ulike formingsprosjekt i samband med FNdagen. Her får barna kjennskap til korleis vi kan bruke «verdilaust» materiale til å lage kunst. Vi skal og BLIMe på dansen Dilla. Her får barna vere med på å røre seg til musikk og lære seg ulike «dansemoves» til songen Dilla. Teksten handlar om å vere ein god venn og gjere gode handlingar for andre. Dette kan de sjå og lese meir om på NRK Super si nettside. Være sammen Vi har fellessamling den 13. oktober. Da kjem Regnbueløva og vennene hans på besøk og speler eit rollespel for oss. Vi fortset med å bruke Regnbueløva og rottebarna i samlingsstund. Vi skal ha fokus på korleis barna sjølv kan invitere seg med i andre sin leik, og vise dei ulike strategiar dei kan bruke. Løveklubben Nå har vi hatt Løveklubben nokre gonger, og vi har erfart at barna har ulike behov og ønsker. Vi vil i oktober dele gruppa i to fordi vi meiner at dei har større utbytte av å vere i mindre grupper, det blir lettare å halde fokus og konsentrere seg og å bli sett, høyrt og anerkjent. Vi vil gjøre det slik at den eine gruppa har IKT med Monika, og den andre gruppa har Språksprell med Heidi. Når vi har vore i gruppa i ein time, møtes vi til felles leik og samling med Dragehola. Fredagen etter byter vi gruppene slik at alle får opplevd alt. Heidi legg ut informasjon om Språksprell på heimesida under «5åringane». Drøymelomma og barnesamtalar I oktober vil alle barna få vere med ein vaksen og teikne på drøymelomma si. Her får barna teikne seg sjølv og sin familie og vi samtalar rundt emnet: meg sjølv og min familie. Barna teiknar drøymelomma ein gong pr. halvår, og det er kjekt å sjå teikneutviklinga dei har. I barnesamtalane snakkar vi om kva barnet liker å gjere i barnehagen, kva dei treng dei vaksne til, kva venner dei har og om dei er ein god venn for andre. Diverse informasjon Skifteklede: Viktig å sjekke om det er nok skifteklede i skapet i garderoben! Fyll på! Det er og nødvendig med ein fleecegenser eller ein ullgenser og fingervottar for kalde og våte dagar. Foreldresamtalar/ foreldrerettleiing: i november skal vi ha foreldresamtalar. I samtalen snakkar vi om korleis vi opplever barna i ulike situasjonar og utviklinga dei har hatt. Vi ønsker og å ha fokus på foreldrerettleiing og situasjonar som de synes er vanskelige/ utfordrande å handtere, og vil tilby det til dei som ønsker det. I forkant av samtalen er det fint om de skriv ned nokre linjer på kva de ønsker å snakke om. FN-dagen med foreldre kafé: vi inviterer dykk på kafé med sal av mat og kunst, fredag 23. frå kl. 15.00. og utover. HA EIN FIN-FIN OKTOBER MÅNAD! HELSING ÅSE, TOVE, IRINA, GUNN IREN OG MONIKA DILLA PÅ Å støtte en som ligger nede BlimE!-sangen 2015 Det krever mot og gir meg glede Når du er trist og lei Jeg velger selv hvem jeg vil være Da vil jeg hjelpe deg En helt, et forbilde, en blære Og se På skolen og på nett Jeg tør gi beskjed Blir mange oversett For hva? REFRENG Hvem sier ifra? Jeg har fått dilla på å gjøre noen glad Se andre har det bra En helt er modig og rettferdig Å gjøre en forskjell er lett En helt er råtøff, snill og ærlig Bli med, det føles så fett Vi stiller alltid opp Et lite smil og noen fine ord Og tør å rope stopp Gleder mere enn vi tror For jeg Å gjøre en forskjell er lett Jeg bryr meg om deg Bli med, det føles så rett REFRENG Jeg har fått dilla på å gjøre noen glad Jeg har fått dilla på å gjøre noen glad Se andre har det bra Se andre har det bra Å gjøre en forskjell er lett Å gjøre en forskjell er lett Bli med, det føles så fett Bli med, det føles så fett Et lite smil og noen fine ord Et lite smil og noen fine ord Gleder mere enn vi tror Gleder mere enn vi tror Å gjøre en forskjell er lett Å gjøre en forskjell er lett Bli med, det føles så rett Bli med, det føles så rett Jeg har dilla på å gjøre noen glad VERS 2 Se andre har det bra Det finnes mange gode drømmer Å gjøre en forskjell er lett Der ingen krangler og fordømmer Bli med, det føles så fett Jeg respekterer deg Et lite smil og noen fine ord Du aksepterer meg Gleder mere enn vi tror For den Å gjøre en forskjell er lett For den som jeg er Bli med, det føles så rett
© Copyright 2025