Sakshandsamar, innvalstelefon Øyvind Vatshelle, 55572178 Vår dato 18.5.2015 Vår referanse Kommunane i Hordaland Notat om handtering av akutt landbruksforureining i kommunane – utkast per 18.5.2015 Hordaland er eit fylke med mykje aktivitet innan landbruket, og akutte utslepp frå landbruket skjer med ujamne mellomrom. Utslepp frå landbruk vert handtert på lik linje med anna utslepp frå landbasert verksemd. Med akutt forureining meiner ein forureining av betyding, som skjer plutseleg, og som ikkje er tillate. Dette notatet gir råd om korleis kommunane kan handtere melding om akutt forureining. Notatet er ikkje å sjå på som retningslinjer som skal følgjast i alle saker. Kommunen står fritt til å leggje opp arbeidet etter eigne rutinar. Det er viktig i slike saker å vise handlekraft og få slutt på skadeleg utslepp og å unngå gjentaking av utslepp. Akutt fase Forureinaren skal gjere det som er mogleg for å stoppe utslippet, og minske skadeverknadane. Ein må varsle kommunen med det same skaden blir oppdaga. I mindre saker er det ofte landbrukskontoret i kommunen som har myndigheit til å følgje opp akutt forureining frå landbruket. Alle plikter å varsle om akutt forureining til nødsentralen (brannvesenet) ved å ringe 110. Nødsentralen vurderer skadeomfang, og vil aktivisere brannvesen og kommunens beredskapsvakt dersom forureinar sjølv ikkje kan handtere skaden. Beredskapsvakta til kommunen vil normalt rykke ut. Oppfølging av hendinga Kommunen har ansvar for oppfylging av hending med akutt landbruksforureining. Landbruksforvaltninga i kommunen må vere underretta. Reaksjonar kan vere: Gi pålegg om kva som konkret må gjerast av retting og utbetring innan ei satt frist for å kunne drive i samsvar med gjeldane forskrifter. Knytte eit tvangsgebyr til pålegget, for å få det gjennomført. Gi trekk i produksjonstilskot når føretaket har brote regelverk for jordbruksverksemd. Melde tilhøva til politiet, som vil vurdere straffeansvar og mogleg bot. Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 20 09 Postboks 7310, 5020 Bergen Telefaks: Org.nr: 974760665 E-post: postmottak@fmho.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland Synfaring med kartlegging Melding om ureining kjem vanlegvis inn som telefon med klage, brev eller avisinnlegg. Tilrådd rutine for kommunane ved meldingar om landbruksureining, både hendelege uhell og anna påvist ureining: 1. I slike saker rår vi til at kommunen straks tek eit besøk på staden og kartlegg følgjande: a. Kva har skjedd? Kva er slept ut og volum? b. Kor går utsleppet? Går det til vassdrag? Kva skade kan det gi? c. Er det behov for varsling lengre ned i vassdraget? Ta mange bilete for seinare bruk, hendinga skal dokumenterast med foto av årsak og skade. Ta eventuelt også vassprøver. Ved større hendingar må det bli laga notat som beskriver kva som har skjedd. 2. Legg arbeid i, der og då, å få på plass ein munnleg avtale med brukaren om kva som må gjerast og kva tid det skal vera ferdig (tidsfrist). 3. Tilbake på kontoret er det viktig at den munnlege avtalen straks blir nedfelt i eit skriftleg notat som skal vere stadfesting av den felles forståinga av problemet. Notatet skal bli levert / sendt til bonden, evt med bilete vedlagt. NB! Notatet må vere utforma slik at det samstundes er eit varsel om mogleg pålegg, med eller utan tvangsgebyr. Varselet må vere konkret og inkludere sum for evt. tvangsgebyr. 4. Sjekk ut at arbeidet kjem i gang slik ein var samde om. Ved kontakt med brukaren: noter kvar gong både tidspunkt og kva som er gjort for å utbetre svikten. Pålegg om tiltak og tvangsgebyr Kommunen har myndighet til å gi pålegg om kva som konkret må gjerast av retting og utbetring innan ei satt frist for å kunne drive i samsvar med gjeldane forskrifter. Kommunen kan knytte eit konkret tvangsgebyr til pålegget. Vedtak med pålegg om retting og om tvangsgebyr er enkeltvedtak det kan klagast på. Kommunen er pålagt å varsle om pålegg som kan koma før slike vert gitt. Det må òg gis eit varsel på førehand om at tvangsgebyr i saka er under vurdering og pårekneleg. Tvangsgebyr er ikkje ein straff, men eit virkemiddel for å få gjennomført krav. Tvangsgebyr er ikkje til hinder for eventuell straffeforfølging. Tvangsgebyr bør bli gitt som eit konkret eingongsbeløp som kjem til betaling dersom skaden ikkje blir utbetra, og forureininga stoppa slik det er gitt pålegg om. Storleiken på gebyret skal vere slik at det ikkje lønar seg å la vere å rydde opp. Det må vera truverdig og pårekneleg i den forstand at forureinar må rekne med at tvangsgebyret blir innkravd, dersom det ikkje blir ordna opp på ein skikkeleg måte innan den fastsette fristen. Forureinar må òg vite at tvangsgebyret ikkje blir kravd inn dersom utbetringa vert gjort på ein tilfredstillande måte innan den avtalte/fastsette fristen. Ved større hendingar kan det vere aktuelt å påleggje forureinar å utføre miljøundersøkingar. Ved utslepp til vassdrag bør ein t.d. vurdera å ta vassprøvar eller søk etter daud fisk. 2 Produksjonstilskot – avkorting og motrekning Kommunen skal i tillegg vurdere avkorting av produksjonstilskot. Søkjarar av produksjonstilskot som bryt/har brote anna regelverk for jordbruksverksemd, kan få heile eller deler av produksjonstilskotet avkorta, (jf § 11 i forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket av 19. desember 2014). Det er berre regelverksbrot som er knytt til jordbruksdrifta som kan føre til avkorting i tilskotet. Det er viktig at kommunen vurderer og brukar avkorting av tilskot. Formålet med å avkorte tilskot, er å påverke føretaket til å leggje om til ei lovleg drift, samt å hindre at samfunnet sine fellesmiddel blir brukt til å støtte ulovleg drift. Avkorting av produksjonstilskot er ikkje ein straff, men konsekvens av drift i strid med regelverk. Avkorting kjem i tillegg til eit eventuelt tvangsgebyr. Når særlovsmyndigheita har fatta vedtak om regelverksbrot, kan kommunen fatte vedtak om avkorting i samsvar med § 11. Det har ikkje noko å seie om vedtaket om regelverksbrotet er eit pålegg om oppretting for første gong eller om det fatta fleire vedtak i saka tidlegare. Det kan avkortast i det samla tilskotet til føretaket, det vil seie i tilskot til alle typar produksjonar som føretaket har. Når ein avgjer storleiken av avkortinga, skal ein først og fremst vurdere graden av skuld, men òg kor lenge lovbrotet har skjedd. Det er nok å ha vore uaktsom for å bli avkorta i tilskot. Sjå meir utfyllande i rundskriv 2014-29. Det er òg mogleg å motrekne offentlege krav i produksjonstilskotet, jf § 13 i forskrifta. Ved motrekning går delar av tilskotet direkte til forvaltar av særregelverket, for å dekke dei krava dei har sett til føretaket. Merk at dette gjeld krav som er knytt til føretaket si jordbruksverksemd, noko kommunen må kontrollere før kravet om motrekning blir registrert. Melding av forureininga til politiet Kommunen bør som hovudregel bruke sine eigne verkemiddel (som t.d. pålegg og tvangsgebyr) for å få rydda opp. I saker av særleg alvorleg karakter, eller der ein ikkje får ordna opp i situasjonen på annan måte, kan kommunen melde hendinga til Politiet. Forurensingslovens § 78 gjer høve til å krevja påtale. Kommunen må då vurdere grad av skade, presedens og subjektiv skyld. I slike høve vil det vera naturleg at kommunen: - Gir ei grundig utgreiing av fakta i saka så langt ein kjenner dei - Opplyser om kva ein såg og opplevde under synfaringa - Viser til dei lovar og forskrifter som er brotne. - Dokumentarar så godt ein kan samanhengen mellom forureininga og skadane ein observerer. - Legg ved dei bileta som vart tekne under synfaringa som bevis, og gir ei orientering om kva som er gjort etter synfaringa. 3 Lovmessig grunnlag Forskrift om varsling av akutt forureining Plikt til å varsle om akutt forureining er heimla i § 3.. Her heiter det: ‘Den ansvarlige for akutt forurensning plikter straks å varsle i samsvar med denne forskrift. Denne varslingsplikten påhviler også oppdragstaker som utfører arbeid på vegne av den ansvarlige for forurensningen. Enhver annen enn den ansvarlige for forurensningen har varslingsplikt, med mindre det er åpenbart unødvendig. … Varslingsplikten gjelder også ved fare for akutt forurensning.’ Jamfør § 4 er det brannvesenet som skal varslast når det gjeld landbasert verksemd. Forurensingslova Det heiter etter forureiningslova § 7: ‘Ingen må ha, gjøre eller sette i verk noe som kan medføre fare for forurensing (…)’. Kommunen har ansvar og lovheimel når det gjeld forureining frå landbruket. Same lov gjer kommunane heimel til å gje pålegg om tiltak for å unngå utslepp (§ 7), krevje opplysningar (§ 49), foreta gransking (§ 50), gje pålegg om undersøking(§ 51), gje tvangsmulkt (§ 73), gjera tiltak for å stanse utslepp (§ 74) og å nytta annan manns grunn (§ 75). Kommunen må vurdere om forholdet er såpass grovt at straffeforfølging er aktuelt (§78), og i så fall melde saka til politiet. Gjødselvareforskrifta Lagring og bruk av husdyrgjødsel og silofôr er omfatta av forskrift om gjødselvarer m.v. av organisk opphav nr 951 av 4. juli 2003. Kommunane har etter § 29 tilsyn for at del III, lagring og bruk, i forskrifta blir etterlevd. Dette gjeld også verksemd utanfor produksjonstilskot, til dømes hestesenter. Kommunane kan etter § 32 gi pålegg om retting av forhold som er i strid med forskrifta eller vedtak gitt i medhald av forskrifta. Det kan også bli gitt tvangsgebyr. Anna regelverk er til dømes: Naturmangfoldlova Vannressurslova Forskrift om nydyrking (etter jordlova) Forskrift om landbruksveg (etter jordlova) Forskrift om bakkeplanering (etter forurensingslova) Førebygging Alle føretak i landbruket har eit sjølvstendig ansvar for å sjå til at utstyr og bygningar er i slik stand at dei ikkje utgjer ein fare for forureining. Dette er også ein del av KSL –standarden i landbruket. Føretaka skal jamleg kontrollere at gjødselanlegg fungerer som føresett, og at det er fritt for lekkasjar. Silopressaft skal samlast opp, lagrast og brukast slik at ho ikkje forureinar. Kommunane bør vere særleg merksame på at gjødselportar og tappelukar er sårbare punkt som må kontrollerast. I samband med oppfølging av saker der det har vore akutt forureining kan kommunen setje vilkår om gjennomføring og innsending av internkontroll for handtering av hsudyrgjødsel, silosaft og vaskevatn frå mjølkerom. Dette gir også kommunen grunnlag til å vurdere om lagerkapasitet og spreieareal for føretaket er tilstrekkeleg. Kommunen skal informere om korleis landbruksføretaka skal varsle ved akutte hendingar. 4 Anna kontroll av potensiell landbruksureining Kommunen skal føre tilsyn med forureiningssituasjonen i kommunen. Fylkesmannen vil frå no føre tilsyn med korleis kommunane forvaltar regelverk knytt til forureining, inkludert forureining frå landbruket. Fylkesmannen fekk denne rolla i juni 2014 ved innføring av § 48a i forurensingsloven. Forskrift om organisk gjødsel Aktuelle tema for tilsyn og , etter Forskrift om organisk gjødsel: - Lagring av hestegjødsel, utforming av lager generelt (§ 19) - Kapasitet gjødsellager (§20) - Spreietidspunkt (§23, samt evt. kommunal forskrift) - Gjødsling i utmark, bruk av spreieareal mm (§ 24) Aktuelle tema når kommunen gir byggjeløyve: - Plassering og utforming av lager for husdyrgjødsel og silopressaft (§§ 18, 20, 21) Produksjonstilskot - Gjødslingsplan (§11 også Forskrift om gjødslingsplanlegging) - Sprøytejournal (§11 også Forskrift om plantevernmidler) - Inngrep i kulturlandskapet (§ 4), inkludert mindre tiltak langs vassdrag, og etter vurderingar i Naturmangfoldlova. - Vegetasjon / ikkje jordarbeiding langs vassdrag (§ 4) Dersom føretaket manglar gjødselplan eller sprøytejournal når det skulle hatt det, skal tilskotet bli avkorta. Dersom føretaket har krav om gjødselplan, men har kryssa «nei» på spørsmålet om dette i tilskotssøknaden, skal tilskotet blir avkorta. Dersom føretaket har kryssa «ja», men det blir avdekka på kontroll av føretaket manglar eller har mangelfull gjødselplan/sprøytejournal, skal tilskotet avkortast. I tillegg er dette ein feilopplysning, som kan føre til meir avkorting, jf § 12. Føretak som gjer inngrep som forringar kulturlandskapet, utan å ha fått løyve frå kommunen, har ikkje rett på arealtilskot. Ein har heller ikkje rett på arealtilskot dersom det ikkje er etablert minimum 2 meter breie vegetasjonssoner mot vassdrag med årssikker vassføring. Jf § 4, tredje og fjerde ledd. Vassressurslova - Bredde på naturleg vegetasjonsbelte (§ 11). Fylkesmannen kan i særlige tilfelle gi fritak for kravet om å ikkje fjerne naturleg vegetasjonsbelte. Dyrking og flytting på jord Sjå til at tiltak som inneber dyrking, planering og bruk av tilkøyrde massar blir utført i samsvar med løyve og på ein slik måte at det ikkje gir fare for forureining. Sjølve reine jordmassar som kjem i vassdrag er skadeleg. Tiltaka kan vere heimla i reguleringsplan, planog bygningsloven, forskrift om nydykring, forskrift om bakkeplanering eller forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd. 5
© Copyright 2024