Samhandlingsutvalet Referat Tid og stad: 15.06. 2015. Kl. 12:00 – 15:00. Elektronisk møte Til stades: Nora Olsen Sund, Karmøy kommune Aslaug Tangeraas, Sauda kommune Gunn Haraldseid, HSH Marianne Hauge Wennersberg, FOUSAM Kari Ugland, Helse Fonna Reidun Mjør, Helse Fonna Berit Haaland, Helse Fonna Kenneth Eikeset, Helse Fonna, frå kl. 13.00 Meldt fråfall: Jostein Havnerås, Brukarutvalet Nils Magne Kloster, Brukarutvalet Oddvar Larsen, Kvinnherad kommune Andreas Moe Larsen, Fitjar kommune Referent: Sølvi Torvestad, vikar for SU koordinator Sak Omtale - oppfølging - vedtak/slutning: 32/15 Godkjenning av innkalling og saksliste. 33/15 Innkalling vart godkjend Godkjenning av referat. 34/15 Referat frå møte 24.04.15 vart godkjend Orientering frå FOUSAM Samhandlingsprosjekt «Kunnskapsfasilitering i eldreomsorg» Christine Øye orienterte via telefon. Forskningsrådet oppmuntrar til samhandlingsforskning med fokus på velferdsutfordringer. Forskningsrådet har i 2015 avsatt 50 millionar til prosjekt i tillegg til 30 millionar som kan nyttast i praksisfeltet. Tiltaket skal vare i 10 år og vil frametter ha ein årleg pott på 130 millionar til fordeling. Det er stilt krav til at prosjekta skal ha eit brukarperspektiv og stor nytteverdi. Det vert dirfor vesentleg å beskrive tiltak for implementering og evaluering. Øye stilte følgjande spørsmål til SU: Korleis kan FOUSAM strukturen bidra til ny kunnskap innanfor eldreområdet? Kva er dei spesielle utfordringane? Korleis kan FOUSAM samarbeidet fremme forsking for gode helsetenester på eldreområdet? Søknadar vil bli send frå senter for omsorgsforsking og dei vil og kunne bidra med midlar for finansiering av eventuelle prosjekt. Informasjon vil gå til alle deltakarar i Områdemøter og til Samhandlingsnytt Fagnettverk rehabilitering Det er eit ønske å etablere eit fagleg nettverk for rehabilitering. Etablering av eit nettverk må sjåast i samanheng med nettverk for koordinerande einingar i føretaksområdet. Ei arbeidsgruppe som er samansett av representantar frå HSH, kommune og sjukehus vil bli nedsett haust 2015 Representant frå SU stilte spørsmål om rutine for val av representantar til prosjekt og utval. Leiar av FOUSAM utarbeidar ei skisse med forslag til rutine. Skissa vil bli presentert på neste møte i SU. Prosess for faste stillingar i FOUSAM Korleis skal finansiering av stillingane sikrast? Kva stillingar skal dei kommunale midlane nyttast til? Saka vil bli sett på agenda til første møte i SU etter sommaren. Ei arbeidsgruppe samansett av Kari Ugland, Aslaug Tangeraas og Gunn Haraldseid vart nedsett for å førebu saka. Forskingskonferansen – utkast til plan Forskningskonferansen 2015 vil bli gjennomført 21.oktober på Tysværtunet. Se vedlagd forslag til tema for konferansen. FOUSAM nominert til "Årets Samhandlar" FOUSAM er ein av tre kandidatar som er nominert av «Folkets gave» til årets samhandlarpris. Prisen vil bli delt ut av Helse- og omsorgsminister Bent Høie under rehabiliteringskonferansen i august. Samhandlingsnytt Samhandlingsnytt inneheld nå informasjon frå både Samhandlingsutvalet og FOUSAM. Informasjon som går ut frå FOUSAM bør som hovudregel gå frå FOUSAM adressa, ikkje frå tilsette sin personlege e-postadresse. Det vert gjennomført ein questback undersøking haust 2015 for tilbakemelding frå brukarane på kor nøgde dei er med Samhandlingsnytt og om dei har forslag til forbetringar. 35/15 Oppfølging av sak 18/15. Følgjeavtalen Helse Fonna meiner at brev frå HOD ikkje er tilstrekkeleg avklarande. Føretaket har bedt om ny vurdering frå Helse Vest. Helse Fonna tar saka tilbake til SU så snart svar ligg føre. SU er einige om at avklaring i saka hastar. 36/15 Oppfølging av sak 05/15, 15/15 og 30/15 Handlingsplan for Samhandlingsutvalet. SU diskuterte utkastet til handlingsplan og var nøgd med oppsett og innhald, men ønskjer konkretisering av LMS arbeidet i samhandlingsfeltet samt plan for evaluering av handlingsplanen. Rapporteringsrutinar i Samhandlingsutvalet vert lagd inn i årshjul for SU arbeidet og tal vil bli presentert i Samhandlingsnytt. Handlingsplanen vil bli oppdatert og sendt SU til gjennomsyn før den går ut til kommunar og helseføretak månadsskifte juni/juli 37/15 Oppfølging av sak 06/15 og 16/15 Organisering av samhandlingskoordinatorstillinga. Brev med forslag til organisering er send kommunane frå nestleiar i SU. Karmøy sin representant informerte at saka vart handsama i det kommunale nettverket i førre uke: Leiarnettverket stettar at føretaket har leiarvervet i Samhandlingsutvalet også i 2016. Leiarnettverket var negative til å nytte sekretær som er tilsett i føretaket. Forslaget om å tilsette sekretær på undervisningssjukeheimen støttes. Undervisningssjukeheimen opplevast som ein ressurs som arbeider på tvers av kommunane og er tett knytt mot FOUSAM Val av kommunerepresentantar til Samhandlingsutvalet: leiarnettverket støtter forslaget om at dei kommunale medlemmane kan veljast for to periodar Rådmannsgruppa – og ikkje KS som i dag – bør utnemne medlemmar frå kommunane. 38/15 Revisjon av hospiteringsavtale Leiar for arbeidsgruppa, Astrid Håland melde status for arbeidet i møte Kort oppsummering Prosedyre er sterkt forenkla Hospitering for fleire faggrupper, også legar og tilsette ved HSH Praksisfeltet kan ønskje seg ein hospitant, men må då finansiere dette. Det vart stilt spørsmål om å få informasjon frå empirisk forsking på effekten av hospitering. Arbeidsgruppa vil søke å hente slik informasjon. Samhandlingsutvalet ser det som vesentleg å dokumentere og evaluere effekten av hospitering. 39/15 Elektroniske meldingar frå poliklinikk og terapiteneste i sjukehusa til kommunane Notat send SU frå EPJ gruppa i føretaket. Samhandlingsutvalet hadde mange spørsmål og behov for ytterlegare informasjon. SU ber om at felles IKT gruppe for oppfølgjing av tenesteavtale 9 tar stilling til henvendinga. 40/15 Sjukepleiarfaglege nettverk. Notat send SU frå verksemdsleiar Sigurd Næss, Kvinnherad kommune SU ser at det blir vanskeleg å innhente oversikt over alle fagnettverk i regionen. Retningsliner for oppretting av nettverk i FOUSAM bør utarbeidast. Leiar av FOUSAM følgjer opp saka og legger fram forslag til sam-organisering av geriatrisk nettverk og demensnettverket til neste møte i SU 41/15 Toppleiarforum Dato: 12. november 2015 Arbeidsutvalet informerte status for planlegging av dagen. Helse – og omsorgsminister Bengt Høie har meld at han ikkje har høve til å prioritere å komme til forumet. Samhandlingssjefen i Helse Fonna tar derfor kontakt med helsedirektør Bjørn Guldvog som vil være ei god erstatning for Høie, og tema kan være informasjon om Primærhelsemeldinga med fokus på utfordringar i eit samhandlingsperspektiv. 42/15 Analysegruppe Medlemmer. Forslag til medlemmer frå Helse Fonna vil bli send SU frå Berit Haaland Mandat Mandatet vart ikkje gjennomgått. Sak utsatt til neste møte 43/15 Orienteringer Innleggelse av demente pasienter i psykiatriske akuttmottak Skriv frå Fylkesmannen i Hordaland Problemstillinga er lite kjend i Helse fonna. Demente pasientar bør ikkje leggast inn i Klinikk for psykisk helsevern, men i Geriatrisk avdeling eller helst handsamast i kommunen. Kommunane blir oppfordra til å informere skrivet i eigen organisasjon. Kommunane bør ha eit fokus på å finna lokale løysingar. Informasjon om tilsyn med samhandling Tilsyn er gjennomført. Rapport vert send medlemma i SU når denne ligg føre. Evt. Ingen saker til evt.
© Copyright 2025