les heile partiprogrammet her

Tidleg innsats
Trygg styring
Sikker framtid
Radøy Senterparti
Valprogram 2015-2019
Radøy
Folk i sentrum
Gode radværingar!
Me vil gjerne vera dine tillitsvalde! Vårt
hovudfokus er livsglede, skaparkraft og
tryggleik. Me bur og lever i kommunen,
og kommunen skal leggja til rette for
oss. Me vil ikkje bruka mykje energi på
det negative, men fokusera på mogleg­
heitene, og å få noko gjort!
Tidleg innsats
Radøy er i dag ein god kommune innan
barnehage, skule, oppvekst- og helse­
sektor. Me tør påstå at det er tatt gode
løft og det er rydda opp i mykje dei sein­
are åra. Me vil aktivt jobba vidare med
desse viktige felta.
Trygg styring
Ei stor sak for komande periode er sam­
funnsutvikling, og her har både politi­
karar og administra­sjon ein jobb å gjera.
Stemmer du på oss, vil me gje ei tydeleg
bestilling til rådmannen på å byggja ein
kultur der ein alltid spør seg om ein kan
Helse, omsorg og livskvalitet
gjera ting betre, enklare og smartare,
til innbyggjarane sitt beste. Nærings­
utvikling vert sentralt framover. Dialogen
og samhandlinga mellom kommunen,
folket og næringslivet kan verta betre.
Helse- og omsorgssektoren er det største tenesteområdet i kommunen vår.
Fysiske og psykiske plager kan treffa menneske i alle aldrar, og då skal kommunen gje
oss dei lovpålagde tenestene me treng, til rett tid og god kvalitet. Kommunen skal
også vera aktiv i det førebygjande folkehelsearbeidet.
Me vil at plan- og byggesaksavdelinga
skal få eit solid omdømme som lett og
positiv å ha med å gjera. Me vil også at
sakene vert avslutta med evaluering av
prosessen.
Innan helse og omsorg vil me jobba for:
Innan folkehelse vil me jobba for:
• fleire sjukeheimsplassar
• utvida tilbod om avlastingsplassar
• styrkja dagsentertilbodet for eldre
• eige dagsentertilbod for heimebuande
demente
• å oppretthalde tannklinikken på Manger
• å utarbeida pleie- og omsorgsplan
• betre tenester og aktivitetstilbod innan
psykiatri
• å styrkja barne- og familietenesta (barnevern,
helsestasjon, jordmor, PPT og psykiatri)
• styrking av jordmortenesta for førstegongsfødande
• vidareutvikling av Frivilligsentralen
• skjerma ambulanseinngang ved legekontoret
• godt samarbeid med Eldrerådet og Råd for
menneske med nedsett funksjons­evne
• fritidskontaktar for barn, unge og andre med
særskilde behov
• betre høve for friluftsliv gjennom ulike tiltak
(tur­stiar, vegar m.m.) i alle deler av kommunen
• utvikla Skageneset gjennom Friluftsrådet
• at symjebassenga i Radøyhallen kan ha ope
i større delar av året.
• godt tilbod og tenleg utstyr i terapibassenget
• universelt utforma aktivitetspark i området rundt
Grønålen
• innføring av Den gylne spaserstokk
• at sydenreiser for pensjonistar framleis skal
organiserast
• kommunen skal arrangera faste “Mitt Radøy”turar
• ordningar med friluftsfadrar og treningskon­
taktar for dei med særskilde behov
Sikker framtid
Framtida er spanande, og kommun­
estruktur vert eit sentralt tema i neste
periode. Me vil arbeida for den løysinga
som sikrar tenestene til radværingane
best. Radøy skal uansett kjennast att
med dei gode kvalitetane våre, som kan
samlast under omgrepet den grøne øya.
Godt val!
Me vil stå på for deg! Me lovar å vera lydhøyre
politikarar, og ikkje setja nokre grupper framfor andre!
Valprogram for Radøy Senterparti 2015 - 2018 vart vedteke i medlemsmøte 28. mai 2015.
Redaksjon: Silje Namtvedt, Anne Berit Bø Palmesen, Leif Taule, Mai-Liss Sylta Møn og Jon Askeland.
Layout og grafisk produksjon: Mai-Liss Sylta Møn. Trykk: Unigrafisk.
2
Radøy Senterparti • Valprogram 2015-2019
Flyktningar
Leggje vekt på språkplassar for flyktningar slik at
dei snarast råd kan “stå på eigne bein”.
Det er viktig for Radøy SP at innbyg­gjar­ane – i alle aldrar
og livs­situasjonar skal ha best mogleg livskvalitet.
Radøy Senterparti • Valprogram 2015-2019
3
Oppvekst, kultur og bumiljø
Me vil setja fokus på innhaldet i barnehagane. Tidleg innsats og stor vekt på sosial
læring er avgjerande for borna si utvikling seinare i livet! Skulen skal sikra at
elevane meistrar opplæringsmåla alt frå første klasse og det skal vera null-toleranse
for mobbing!
Innan barnehage vil me jobba for:
Folkehelsesatsing blant unge:
• å byggje betre barnehagelokale på Bø
(riva gamle kommunehuset)
• plass til alle eittåringar (kontinuerleg opptak)
• tilbod om etter- og vidareutdanning for tilsette
• støtta ny barnehageetablering på Manger
• ny trafikkløysing for Bø barnehage
• fokus på sosial læring
(motverka erting/utestenging)
Berre halvparten av 15-åringane tilfredsstiller
helsemyndigheitenes minimumsanbefalingar til
dagleg fysisk aktivitet. Saman med eit uheldig
kosthald vil dette på sikt gje dårleg folkehelse.
Born og unge bør ha ein times fysisk aktivitet i
skulen kvar dag og alle skulane i Radøy bør ha likt
tilbod om frukt og skulemjølk. På sikt ynskjer me
at alle elevar skal få tilbod om skulemat.
Ein annan viktig faktor for god helse er friske
skule- og barnehagelokale. Her har me kome
langt på veg, men barnehagelokalitetane på Bø
er ikkje tilfredsstillande.
Psykisk helse hjå born og unge bør få meir
fokus. Skulehelsetenesta er eit viktig lågterskeltilbod som skal og må vera lett tilgjengeleg og
denne tenesta må difor byggast ut.
Og så til eit livsviktig helseløft i skulen: symjing.
Alle skulane må syta for godt med symjetimar og
symjeknappen bør innførast att. Det må setjast i
gong intensiv symjeopplæring for born i 5-8 års
alderen.
Innan skule vil me jobba for:
• at radøyelevane ligg godt over landssnittet
i kjernefaga norsk, matematikk og engelsk
• tidleg oppfølging av elevar med særskilde behov
• meir fysisk aktivitet i skuletida
• ny gymsal til Manger skule
• å behalda fire barneskulekrinsar i Radøy
• fornying av inventaret ved ungdomsskulen
• gode ordningar med frukt og skulemjølk
• meir fokus på praktiske yrkesfag og
estetiske fag
• styrking av ungt entreprenørskap
• tilbod om etter- og vidareutdanning for tilsette
• psykologtilbod i skulehelsetenesta
• kvalitetsplan for SFO
• betre skuleskyssordningar
Praktiske emne og bruk av naturen vil føra til eigen­skapar
og ferdig­heiter som nysgjerrigheit, kreativitet og nytenking.
4
Radøy Senterparti • Valprogram 2015-2019
Senterpartiet står i spissen for ei sterk satsing på førebyggjande ungdomsarbeid.
Takka vere politisk innsats, arbeidet til ungdomskoordinatoren og eit yrande frivillig
miljø, vart Radøy årets Barne- og ungdomskommune i 2014. Satsinga skal halda fram!
Attraktive tomteområde skal prioriterast til heilårsbustader framfor hytter, og me vil
opna for meir spreidd busetnad.
Innan kultur og fritid vil me jobba for:
Innan bumiljø vil me jobba for:
• å halda på ungdomskoordinatorstillinga
• gode arbeidsvilkår til lag og organisasjonar
som driv barne- og ungdomsarbeid
• kommunale tilskot til utbygging av idrettsanlegg
• utstyrsfond for skulekorpsa
• styrking av musikk- og kulturskulen
• oppgradering av kinosalen
• støtte til drift av forsamlingshus
• godt samarbeid med kyrkja og støtta opp
om trusopplæringa
• auka midlar til kultur og vedlikehald av
idrettsanlegg
• å støtta opp om Utvandringssenteret
• ei moderne bibliotekteneste
• å støtta opp om Manger Folkehøgskule
• å sikra eigartilhøva for Bogatunet og Syltastova
• ferdigstilla og iverksetja kulturminneplanen
• realisering av steinaldersenter på Straume
• at unge vert tryggare i og ved sjø gjennom
samarbeid med redningsselskapet sitt ung-lag
• at godkjende bustadområde vert utbygde
• gode bumiljø med leikeplassar, møtestader
og turstiar i samarbeid med velforeiningar og
bygdelag
• spreidd busetnad
• at strand­sonereglane vert praktisert i tråd med
folkeleg skjønn
• trygg og sikker skuleveg
• fleire småbåtanlegg
• yta tilskot til nærmiljøtiltak
• at parsellhagar kan etablerast
• bruk av startlån for unge i etableringsfasen
som har vanskar med å koma inn på bustadmarknaden
• rimelege gebyr på mindre tiltak i bustad­
område
• post i butikk i Austmarka
Frivillig innsats er hjarta i nærmiljøet.
Radøy Senterparti • Valprogram 2015-2019
5
Næringsliv og samferdsle
Radøy har hatt auke i nye bedrifter og arbeidsplassar dei siste åra, meste parten sør
i kommunen. Med Nordhordlandspakken på plass, må nye prosjekt raskt i gang!
Dette er avgjerande for utviklinga i kommunen, og me arbeider vidare med å få
etablert nytt næringsareal langs den nye vegen Soltveit - Marås. SP ivrar for betre
støtte til næringslivet og me ynskjer å styrkja Manger som tettstad.
Innan næring vil me jobba for:
Innan samferdsle vil me jobba for:
Innan landbruk vil me jobba for:
Innan miljø vil me jobba for:
• rask revidering av områdeplan Manger, der
næringslivet vert invitert inn i styringsgruppa
• få på plass funksjon som nærings- og
samfunns­utviklar
• vidareutvikla Olsvollstranda som attraktivt
nærings­område
• støtta opp om utvikling av næringsområde m.a.
ved GT Lakk, Storsandvik, Jotun og Manger kai
• aktivt samspel med nærings­livet i kommunalt
planarbeid
• halda årlege møte med næringslivet
• fleire sørvisanlegg for båtfolket
• å oppretthalda vekstbedrifta Aufera og
arbeidsmarknadsbedrifta NIS
• utarbeida næringsplan som også har fokus på
små­bedrifter, reiseliv og lokalmat
• områdeplan for Sletta – ny giv for bustad­
bygging når nyevegen kjem
• årlege løyvingar for å følgja opp trafikksikrings­
planen med særleg fokus på trafikksikring av
skulevegane
• ny Alversund bru
• oppstart av planarbeid for tofeltsveg
Namtveit-Manger-Bøvågen
• Tverrsambandet Radøy-Meland-AskøyØygarden
• utbetring av fylkesvegen Sletta - Tveiten
• bestillingstransport til busstakst i bygdelag
med dårleg busstilbod
• realisera bussterminalen på Manger
• utvida parkering i Austmarka (for overgang
til buss)
• ordninga «Heim for ein 50-lapp» for ungdoms­
arrangement
• asfalt til kommunale vegar
• fiber/breiband til alle bygder og betre
mobildekning
• eit landbrukskontor som aktivt støttar det
tradisjonelle landbruket og dyrkar entrepre­
nørskap i dei landbruks­tilknytta næringane
• at landbruksfagrådet sine innspel vert høyrt
• matjord som vert fjerna ved utbygging skal
gjen­brukast til landbruksføremål
• auka tilskot til grøfting gjennom SMIL-midlane
• tilskot til skogsvegar for å auka tømmerhogsten
• gode løysingar for rydding av kultur­landskapet
• auka produksjon av lokal mat
• at natur- og miljøvern er eit viktig tema
i skular og barnehagar
• gode energi/klimamessige kommunale bygg
• årlege aksjonar for “Hald Radøy rein”
• at friområde vert halde i god stand
• fortgang i kloakkutbetringa på Manger
• gradvis overgang til fleire EL-bilar i kommunen
sin bilpark
• støttar opp om å få heva ubåtvraket U864
• støttar biosfæreprosjekt i Nordhordland
• at oljefyrane i Hordabø og Manger kyrkje vert
skifta ut
Ny giv for vekst og verdiskaping i Radøy gjennom
satsing på næringsliv og samferdsle!
6
Radøy kommune er kjend som den grøne øya, og har eit vakkert kulturlandskap.
Dette er landbruket si forteneste. Vi vil fortsetja å støtta opp om primærnæringane
landbruk og fiske, og ta vare på miljøet. Vi skal framleis ha eit felles landbrukskontor
med Austrheim og Fedje, og hovudkontoret skal vera på Manger.
Radøy Senterparti • Valprogram 2015-2019
Innan fiske og havbruk vil me jobba for:
• gode oppdrettslokalitetar i kommuneplanen
• at arealavgifta i akvakulturnæringa tilfell
kommunane
• støtta fiskemottaket/fiskeutsalet i Bøvågen
• støtta opp om visningssenteret i Marøy
Radøy skal vera eit berekraftig samfunn.
Meir mat skal dyrkast, produserast og fiskast i Radøy!
Radøy Senterparti • Valprogram 2015-2019
7
8
Kommunal styring
Kommunereform - kva no?
Kommunestyret er arbeidsgjevar og styrer på overordna nivå, medan rådmannen og
dei tilsette driv kommunen i kvardagen. Som i alle andre verksemder, ønskjer me
gode arbeidsvilkår og stolte tilsette som har både hovud og hjarta med seg på jobben.
Kommunereforma er den viktigaste av sentrale styresmakter sitt pågåande arbeid
med strukturelle reformer i samfunnet. Kommunestyret i Radøy har etter pålegg frå
Stortinget, gjort vedtak om at dei innan våren 2016 skal melda frå til sentrale styres­
makter om kommunen vil halda fram som eigen kommune eller verta ein del av ein
større kommune i Nordhordland.
Plan- og byggesak
Kommunen som arbeidsgjevar
• Kommunen skal laga sørviserklæring for området plan- og byggjesak
• Kommunen skal vera kjenneteikna av raske og
løysingsorienterte planprosessar og byggjesaker
• Brei deltaking frå innbyggjarane og næringslivet
i planprosessar
• Områdeplan for Sletta i samband med ny veg
• Administrasjonen skal ha ein imøtekomande
dialog med innbyggjarane
• Enkle ordningar for bruksendring av eksisterande passive driftsbygningar
• Innføra IKT-basert byggesøknadsprogram
• Jobboppdraget er fornøgde radværingar
• Tydelege leiarar som tek ansvar og motiverer
dei tilsette
• Godt samarbeid med dei tilsette sine organisa­
sjonar
• Organisasjonen skal jobba smart og vera på
kostnadsjakt
• Reduksjon av sjukefråværet gjennom god leiing
• Gode rekrutterings­rutinar
• Gjennomføra brukarundersøkingar
• Nei til privatisering av kommunale tenester
• Aktiv lærlingbedrift
Teknisk drift, brann og beredskap
Kommuneøkonomi
• Oppgradera vass- og avløpsnettet
• Vaktmeistar som «eig sine bygg»
• Rydda breiare linjer frå vegar og kraftlinjer som
brannførebyggjande tiltak
• Vurdera fleire aggregat til kommunale bygg
• Tilskot til dugnadsbasert vassverkutbyggjing
• Tenleg og oppdatert utstyr i brannvernet
• Ringleidning vatn i Nordhordland for å tryggja
vassforsyninga vår
Noreg opplever no ein periode med lågare
økonomisk vekst, noko som gjev skattesvikt og
dermed inntektssvikt i kommunane. Det krevst
gode prosessar mellom politikarar, leiing og
tilsette for å tilpassa utgiftene til dei inntektene
som kommunen faktisk har.
Kommunen har ein svak økonomi, men har
like­vel gjennomført store og nødvendige investeringar. Framover må investeringane haldast på
eit nøkternt nivå.
Radøy kommune skal levera tenester med god
kvalitet. Tenestene kan alltid gjerast betre, enklare og smartare. Difor skal kostnads­kutt prioriterast framfor endringar i eigedoms­skatten.
Radøy Senterparti • Valprogram 2015-2019
I mellomtida er spørsmålet om samanslåing med
nabokommunar under utgreiing, slik at me kan få
nok kunnskap å byggja svaret på.
Radøy kommune har eksistert i 51 år, og har
bygd seg opp til å vera ein god kommune. Radøy
tilfredsstiller i dag både lovmessige oppgåver
og klarer ein god del ekstraoppgåver. Me veit at
innbyggjarane er svært delte i spørsmålet om
framtidig kommunestruktur, og uansett kva svar
kommunestyret gjev vil det vera både fordelar
og ulemper.
Kommunereforma baserer seg på at inn­
tektene og oppgåvene til kommunane vert endra.
Det store ubesvarte spørsmålet gjeld kommune­
økonomi, der Radøy er blant dei svakare stilte
kommunane. Dersom kommuneøkonomien vår
vert ytterlegare svekka, vil det raskt føra til at
dagens tenestenivå neppe kan vidareførast.
Senterpartiet legg til grunn at innbyggjarane
i Radøy uansett skal få gode og likeverdige tenes­
ter. Me vil velja den løysing som tek best vare på
tenesteytinga til innbyggjarane i framtida!
Me krev løysingar som sikrar:
•god utvikling på Radøy
•tenestetilbod på Radøy, – med
nærleik til viktige tenester innan
oppvekst, helse og omsorg
•arbeidsplassar på rådhuset
•at lokaldemokratiet får utvikla seg
og ha gode arbeidsvilkår
For å få best mogeleg grunnlag for
å ta avgjerd i saka er det viktig med
god dialog med innbyggjarane.
Me krev såleis at det snarast vert
kalla inn til folkemøte i alle fire skule­
krinsane.
Senterpartiet i Radøy krev
rådgjevande folkerøysting før endeleg
kommune­styrevedtak.
Senterpartiet tenkjer seg grundig om i saka, lyttar til folket
og kjem til å velje den løysinga som gagnar radværingane
best.
Radøy Senterparti • Valprogram 2015-2019
9
Jon Askeland Ordførar
Silje Namtvedt - kumulert
F: 1964 • Sæbø • epost: jon.askeland@radoy.kommune.no
F: 16.01.1975, SLETTA, e-post: siljenamtvedt@hotmail.com
Eg “elskar” å vera til nytte for innbyggjarane på Radøy!
Dette må eg få understreka. Etter å ha hatt tilliten som
ordførar i 8 år, stiller eg til attval fordi eg har eit ønske om
å framleis stå på for folket! Det er møta med innbyggjarane
som motiverer meg og gjev meg energi.
Eg vil framleis jobba for at radværingen skal verta høyrt og sett. Me går
inn i ei tid som ligg open framfor oss. Kommunestruktur/strukturendring
er omgrep vi høyrer om både tidt og ofte. Når me no ser på om det er det
beste for radværingen å vere del av ein storkommune i Nordhordland eller
ikkje, så vil eg legga størst vekt på innbyggjarane si meining. Elles er eg
særs oppteken av skule og ikkje minst folkehelse i vid tyding av ordet.
Anne Berit Bø Palmesen - kumulert
Eg ynskjer å vita kva folk er opptekne av. Difor
prioriterer eg å stilla opp i alt frå frivillige lag til
næringsliv, fordi der møter eg folk. Då får eg impulsar, som eg kan jobba vidare med. Eg ønskjer
å vera tilstades, og at eg i vervet mitt kan vera ei
positiv kraft for andre. For eg veit kor viktig det
er for oss alle å bli oppmuntra og sett, – det er då
me får ut skaparkrafta som bur i oss!
Då eg starta i politikken hadde eg eit stort engasjement innan skule- og oppvekst-området. At
me i fjor vart årets barne- og ungdomskommune
viser krafta me har til å gjera grep – også med
tronge økonomiske rammer. Eg har arbeidd
sterkt for næringstilrettelegging og mobilbreiband, og det er kjekt å sjå kva me har fått til
sjølv om mykje står att. Radøy har vekst både i
innbyggjartal og sysselsette i kommunen, men
me treng meir!
For fire år sidan sette eg meg som mål å bli
«vedlikehaldsordførar». Kanskje litt keisamt, men
eg er opptatt av å ta vare på verdiane, og eg ville
heva standarden på kommunale bygg. No er me
snart i mål med vedlikehaldsprogrammet, og me
har med det eit godt grunnlag for tyngre prioriteringar innan andre område framover.
Det er viktig at Radøy ser seg sjølv i det større
biletet, for det er også i vår interesse. Me skal
kjempa Radøy si sak, men også Nordhordland og
Bergens-regi­onen sine saker. Vekst og utvikling
på Radøy heng nøye saman med resten av regionen, det må me ikkje gløyma!
10
Eg har jobba mykje for å få Nordhordlandspakken på plass. Det har vore ein krevjande prosess, men no vert det endeleg vegbygging. No
ivrar eg for tung politisk satsing på nærings- og
samfunns­utvikling hjå oss framover.
Etter mitt syn er me på rett veg innan oppvekst
og stort sett innan helse/omsorgssektoren. Det
er me også på kommunaldrift, plan- og teknisk.
Men særleg innan sistnemnde er det for mykje
“støy i kanalane”, så i neste periode vil eg ha
større fokus på denne sektoren.
Når det gjeld kommunesamanslåing svarar eg
både ja og nei. Eg likar ikkje den knappe tidsfristen me har fått, for bak denne ligg tvangs­
trugselen som mange fryktar. Eg er tilfreds med
at me søkjer kunnskap i saka og drøftar med
nabokommunane før me bestemmer oss. Det er
radværingane sine interesser som er avgjerande
for meg.
Eg er uroa for Radøy kommune sin økonomiske
situasjon, og har hatt fleire vakenetter om haustane om korleis me skulle klara å sikra budsjettet.
Me må framleis vera nøkterne, men ein positiv
effekt av å ha dårleg råd, er at me brukar skattepengane meir effektivt enn rike kommunar!
Eg håpar at innbyggjarane gjev Radøy Senterparti tillit til å stå i bresjen for vidare utvikling av
den flotte kommunen vår!
Radøy Senterparti • Valprogram 2015-2019
F: 22.04.1957, BØVÅGEN, e-post: abbpalmesen@yahoo.no
Saker som eg brenn ekstra for er utbygging av Bø barnehage, veg, nye
nærings­område og utarbeiding av pleie- og omsorgs­plan med fokus på
kvalitet for eldre og pleietrengjande.
Friluftsliv er det enklaste og rimeleg­aste folkehelsebringande tiltak som
finst, og eg håpar kommunen kan halde fram med det gode arbeidet som
er gjort i Friluftslivets år 2015.
Dag Sætre - kumulert
F: 11.08.1974, MANGER, epost: dasaetre@online.no
Eg er oppteken av gode tekniske tenester og ei sikker vassforsyning. Vatn
er det viktigaste næringsmiddelet me har. Landbruk er også viktig for meg,
både store og små bruk. Ikkje berre p.g.a. mattryggleik og arbeidsplassar,
men korleis hadde Radøy sett ut utan landbruk? Kommunereforma er ei
utfordrande sak som opptek meg, kanskje spesielt kva folk i “utkantane”
tenkjer og meiner om saka.
May Iren Sylta og Sara Hamre Sekkingstad - ungdomskandidatar
F: 02.09.94, BØVÅGEN, e-post: mayirensylta@hotmail.no
F: 09.06.93, MANGER, e-post: sara.sekkingstad@gmail.com
Valet gjeld framtida vår, og dermed er det viktig at vi unge er med i dei
politiske prosessane. Politikk handlar om alt som skjer i samfunnet rundt
oss, grunnskulen du gjekk på og fibernettet heime hos deg. Vi har eit
fantastisk ungdomsarbeid, musikk- og kultur­miljø her på øya, som vi
begge har tatt aktivt del i og vil vidareutvikla. Alt dette enga­sjerer oss, og
vi ønskjer å bidra til at Radøy også i framtida vert ein god plass å bu!
Radøy Senterparti • Valprogram 2015-2019
11
1. Jon Askeland
Sæbøvågen, f. 1964
2. Silje Namtvedt
Sletta, f. 1975
Kumulert
Kumulert
Kumulert
Kumulert
Listepresentasjon - Radøy Senterparti
3. Dag Sætre
Manger, f. 1974
4. Anne Berit B. Palmesen
Bøvågen, f. 1957
5. Sara H. Sekkingstad
Manger, f. 1993
6. Leif G. Taule
Sæbøvågen, f. 1949
7. May Iren Sylta
Bøvågen, f. 1994
8. Martin Soltveit
Sletta, f. 1950
9. Bjørn Hjønnevåg
Sæbøvågen, f. 1966
10. Elin Morken
Manger, f. 1964
11. May Britt V. Gjerde
Sletta, f. 1964
12. Cyril Marøy
Bøvågen, f. 1970
13. Johnny Ystebø
Sletta, f. 1971
14. Arne Manger
Manger, f. 1981
15. Heidi B. Marås
Sæbøvågen, f. 1967
16. Marlen R. Rikstad
Manger, f. 1969
17. Laila S. Pletten
Sletta, f. 1954
18. Torill M. Fjeld
Manger, f. 1983
19. Arild Valdersnes
Manger, f. 1980
20. Merete R. Fjellsende 21. Mariann M. Rath
Bøvågen, f. 1970
Manger, f. 1971
22. John-Erling Lygren
Sletta, f. 1984
23. Marita T. Måge
Sæbøvågen, f. 1983
24. Heidi J. Mongstad
Manger, f. 1986
25. Randi H. Sagstad
Sæbøvågen, f. 1979
27. Ingvill Taule
Sæbøvågen, f. 1971
26. Kjersti Haugland
Bøvågen, f. 1949
28. Odd Matre
Manger, f. 1946
29. Arvid Taule
Sæbøvågen, f. 1942
Me lovar å arbeida hardt og målretta til beste
for menneska i heile Radøy.
Godt val!
30. Mai-Liss S. Møn
Manger, f. 1978
31. Olav Steinar Namtvedt
Sletta, f. 1947