Nr. 2 I juni 2014 I 42. årgang God sommar! Utgjeve av Sogndal og Leikanger Kyrkjelege fellesråd Redaktør: Magny Ugulsvik Bukholm Bankgiro: 3720 30 15063 Frå 4-årssamling i Stedje. Foto: NEB. Postadresse: Sogndal kyrkjelydsblad, Kyrkjevegen 6, 6856 Sogndal. Besøksadresse: Kyrkjekontoret Stedjetunet, 2. etasje Kyrkjevegen 6, 6856 Sogndal LEIAR: Gjevarteneste Beredskapsteneste i Sogn: Ved akutte behov kveld/natt og helg kan prest nåast på telefon 95 48 33 74. Kva er gjevarteneste? Me tenkjer vel ofte på at me då gir pengar, men det kan også vere av vår tid og merksemd. I diakonihjørna kan du lese meir om det å gi. Pengar er ikkje alt seier me, men me er heilt avhengige av å ha dei for å få utretta ein del ting. Slik er det for oss privat, og slik er det også i sokneråd og fellesrådet. Fellesrådet får overført driftstilskot frå kommunane og dette utgjer dei største inntektene til fellesrådet. Om kvart kyrkjemedlem hadde gitt kr. 600,- i året til fellesrådet so hadde det tilsvara driftstilskotet frå kommunane. Då kunne me ha dobla inntektene, og tenk på alt me kunne fått til! Eg veit at mange av dykk allereie gir mykje til arbeidet i kyrkja. Berre i Stedje kyrkje er det samla inn mange tusen til nytt teppe og til orgelrestaureringa. Og de betalar bladpengar og ofrar når de er til gudteneste, men eg vågar meg til å utfordre deg til å gå inn i ei fast gjevarteneste i kyrkjelyden. Du kan sjølv seie noko om kva pengane skal gå til; utstyr i kyrkja, til arbeidet blant born og unge eller Bladpengar: kr. 300,- pr. år, kr. 400,– for abonnentar. Foto på framsida: Telefon kyrkjekontoret: 57 67 99 85, e-post: post@sogndal.kyrkja.no Heimeside: www.sogndal.kyrkja.no Grafisk: skrivargarden.no Kyrkjelydsbladet blir sendt til alle heimane i Sogndal kommune. Det er også mogleg å tinga bladet for dei som bur utanfor kommunen. Neste blad kjem ut omlag 16. oktober. Stoff kan sendast til post@sogndal.kyrkja.no innan 16. september 2014. andre utoverretta oppgåver som det elles blir lite pengar til når alle lønningar, straumrekningar og forsikringspremiar er betalte. Gåver til Den norske kyrkja kjem også inn under ordninga med skattefrådrag, men for at du skal få det registrert på sjølvmeldinga di må fellesrådet som mottakar rapportere gåvene til skattemyndigheitene. Dette nummeret handlar mykje om å gi. Les den tankevekkande artikkelen om eit møte mellom menneske. Tid og pengar er flotte gåver, men den største gåva Gud kan få, er hjarta vårt. Gud gav son sin for at kvar den som trur på han skal få evig liv. Ingen ting kan difor gleda Gud meir enn eit menneske som trur på han! Gå ut og gled deg er helsinga du får gjennom andakten denne gongen! God sommar! Magny Ugulsvik Bukholm Frå undringstime for 4-åringane i Stedje. Konfirmantar i Stedje. Frå Babysong i Stedje kapell. Alle foto: Nils Einar Berget Ill.foto frå Morguefile.com 2 nr. 2-14 SOGNDALkyrkjelydsblad REDAKTØR Nytt frå kyrkjeverja Samarbeidsprosjekt for kyrkja i Sogndal og på Leikanger Som fleire av dykk kjenner til har me hatt eit samarbeid mellom Sogndal og Leikanger om felles fellesråd og administrasjon sidan sommaren 2010. Til å byrje med var det eit forsøksprosjekt som varte til 2012, men som vart forlenga fram til 01.07.14. Forsøksperioden går no snart ut, og me har i vår hatt ei evaluering og ein prosess der me har vurdert framtida for dette samarbeidet. Det har vore gode tilbakemeldingar på samarbeidet både frå publikum, tilsette og kommunar. Etter ei samla vurdering, med mellom anna soknemøter på saka i alle sokn, fatta fellesrådet til slutt eit vedtak om at dei ynskjer at dette samarbeidet no vert gjort permanent. Det er til sjuande og sist kyrkjedepartementet som avgjer slike saker, og søknad om permanent samarbeid etter kyrkjelova sin paragraf 14 er sendt. Truleg får me svar på dette snart, og mykje talar for at dette også vert godkjent. Dette samarbeidet trur me også vil gjere oss betre rusta til å møte endringar i tida som kjem. Mykje talar for at det vert endringar i kommunestrukturen her i landet, samt at me veit at det også er ein diskusjon som går om framtidig organisering av Den norske kyrkja. Samarbeidet mellom kyrkja i Sogndal og Leikanger har i store trekk vore slik: Samarbeid om: •Felles fellesråd for begge kommunane •Felles administrasjonsutval •Felles arbeidsgjevaransvar for dei fellesrådstilsette •Felles kyrkjekontor og administrasjon •Felles trusopplæringsnemnd og trusopplæringsområde •Felles heimeside Organisering av samarbeidet: •Eitt sokneråd pr. sokn - 5. stk. •Fellesrådet er samansett av ein representant frå kvart sokneråd, ein representant frå kvart kommunestyre, og ein representant frå prestane; alle med personlege varamedlemar. Kyrkjeverje er sekretær for fellesrådet. •Kvar kommune dekkjer utgifter til kvar sine kyrkjer. Utgifter til løn og administrasjon er fordelt etter avtale basert på innbyggjartalet i kommunen •Felles rekneskapsføring for det samla fellesrådet •Felles kyrkjekontor på Stedjetunet i Sogndal med kontortid kvar kvardag Tårnet på Stedje kyrkje De vil truleg oppdage eit stort stillas som vil dekke tårnet no i sommar. Diverre vart det oppdaga lekkasje i taket på tårnet på Stedje kyrkje før jul i fjor. Dette fekk me heldigvis tetta midlertidig, men må få gjort det skikkeleg no i sommar. Vestlandshus Sogn har fått jobben med å få tetta i sløysene mellom tårntaket og arkane på tårnet. Det er i desse at lekkasjen har oppstått. Det har vore jobba mykje med å finne ut av årsaka til dette, og Riksantikvaren er også inne i biletet når noko slikt skal gjerast. Me håpar at kyrkja vil vere tett og fin når sommaren er over. Endringar i arbeidstokken Det vert nokre endringar i staben framover. Stillinga som sokneprest for Stedje og Kaupanger vart lyst ut, og Bispedømekontoret hadde tilsetjing der no i vår. Me er glad for å kunne melde at Kjell Olav Høstaker Nordheim fekk tilbodet og har takka ja til stillinga. Han vil byrje i jobben i august. Stillinga som spesialprest for born og unge har også vore utlyst (Stillinga som Kjell Olav Høstaker Nordheim kjem frå). Bispedømekontoret vil ha tilsetjing i den stillinga i slutten av juni, og me ventar difor spent på kven som vil få den. Samtidig har me i desse dagar søknadsfrist på stillinga vår som leiar for trusopplæringa i Sogndal og Leikanger. Me håpar på mange gode søkjarar, og på tilsetjing der no i løpet av sommaren. Truleg vil det også bli endring i stillinga som kyrkjetenar i Norum. Denne stillinga er ikkje utlyst enno, men Nils Einar Berget har sagt seg opp i stillinga. Vonleg vil det også vere ein ny kyrkjetenar på plass der til hausten. Det blir difor ein spanande haust å gå i møte med «nye fjes» i staben, men dette gleder me oss til! Til slutt vil eg ynskje dykk alle ein retteleg god sommar! Jorunn Merete Haukås-Eide Kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger SOGNDALkyrkjelydsblad nr. 2-14 3 - OG EG ER MED! Frå boka om Sakkeus, utgitt av IKO-forlaget. “Babels tårn”. Foto: Gunn Haugen. Babel og babling (og lakris) i Nortun Det var høg bablefaktor når 4- og 6-åringane blei inviterte til kyrkjelydsfest i Nortun i januar. 14 born møtte opp og sørgde for god stemning og mykje lyd. Det må vere ny verdsrekord viss ein tek årskullet og plassen i betraktning! Kyrkjelydsfesten er eit årleg arrangement i Norum kyrkjelyd. 4- og 6-åringar vert spesielt inviterte – sidan dei fekk bok førre år. Men det er óg ope for litt eldre born. Trusopplæraren var med og fortalte ei bibelhistorie frå 4-årsboka. Den handla om ein mann som heitte Sakkeus (han fyren som klatra opp i eit tre). Sakkeus var ein mann som hadde gjort mange tåpelege ting. Han stjal 4 nr. 2-14 mellom anna pengar frå folk. Difor vart han mislikt av folk. Men Jesus ville gjerne vere saman med Sakkeus, og tok difor turen på middag. På den måten viste Jesus at han ville vere ven med Sakkeus. Denne opplevinga gjorde noko stort med Sakkeus. Han ville ikkje lenger leve på same måten som før. Denne historia viser oss at me alltid kan kome til Jesus. Og trusopplæraren meiner at vaksne treng å lære denne leksa like mykje som born. Han brukte og litt tid på å oppmode foreldre og fadrar til å bruke boka saman med borna. Etterpå fekk borna fylle magen med den delikate retten som på SOGNDALkyrkjelydsblad folkemunne heiter «pølse med brød». Ketsjup var der óg. Nokre av «nøredn» ville til og med ha sennep på pølsa (dei om det!). Etterpå det igjen var det tid for nokre leikar og konkurransar. Babels tårn vart gjennoppbygd, men blei heldigvis rivd ned at. Elles imponerte nokre av dei vaksne i spise-lakris-fortastmogleg-konkurransen. Trusopplæraren vart regelrett snurt, da han trudde han hadde sigeren. Med salt lakris hadde det gått mykje fortare. Trusopplæraren oppmodar alle til å legge seg i hardtrening til neste år. Nils Einar Berget Tekst og foto Underleg undringstime for 4-åringane Ein person som har musikkutdanning kan analysere eit musikkstykke. Men det betyr ikkje at han har opplevd musikken. Han kan bli så oppteken av detaljar at han gløymer heilskapen. Av og til er det viktigare å kunne leve seg inn i noko, enn å analysere det. Og dei som kan analysere, kan risikere å miste heile opplevinga. 4-åringar i Stedje, født 1. halvdel i 2010. Foto: MUB Slik er det òg med trua. Av og til kan hjernen vår hindre oss i å gripe den gode bodskapen. Av og til kan undring vere den beste måten å forstå på. Dette er viktig i trusopplæringa i kyrkja. Kristen opplæring handlar ikkje berre om å lære mange svar. Det handlar òg om å undre seg. For det er nemleg ein del sider av kristendommen som ein bør la seg fascinere av ved å berre stirre på dei. På same måte som utsikta frå Store Skagastølstind bør nytast ved å berre stirre rundt omkring seg, så er det og ein del ting i kristendommen som ein rett og slett må stoppe opp og ta seg tid til å undre seg over. Nokre ting skal forståast, medan andre ting skal sjølv få skape eit inntrykk – eller undring - i oss. Bli nysgjerrig på å høyre meir. Oppleve venskap og fellesskap i samlinga.» Me syng nokre enkle songar saman med borna, leikar dåp, tenner lys m.m. Det verkar som både foreldre og born har trives godt med samlinga. Då er i alle fall eitt mål nådd! Nils Einar Berget Tekst og foto Kyrkja har difor noko som heiter undringstime. Det er eit opplegg som fireåringane blir inviterte til i forkant av fireårsbokutdeling. Trusopplæringsplanen seier om samling at borna skal få kjenne seg: «Størst i Guds rike: Sett,høyrt og teken på alvor! At forteljingane om Jesus gir glede, trøyst og oppmuntring. SOGNDALkyrkjelydsblad nr. 2-14 5 Gudstenester med konfirmantane Foto: MUB 6 nr. 2-14 SOGNDALkyrkjelydsblad Frå Kaupanger. Foto: Kirsten Anny Amledal. Årsfest I alle sokn er det kvar vår årsmøte/årsfest/soknemøte der alle i kyrkjelyden kan få uttale seg om viktige saker. Soknerådet legg fram årsmelding, rekneskap, budsjett og planar for vidare arbeid. Kaupanger sokneråd inviterte til årsmøtefest 2. april og Stedje sokneråd 3. april. Damene i Kyrkjeringen sytte for vårpynta lokale og god servering. Foto: MUB. SOGNDALkyrkjelydsblad nr. 2-14 7 Konfirmantar 2014 Påmelding til konfirmantåret 2014-15 er via www.sogndal.kyrkja.no KAUPANGER 29.05.: 1. rekke (frå venstre): Miriam Fosøen, Eirin Teigen Volle, Ingrid Olstad, Hanne Senneset Aaberge, Ida Myhre Nornes, Dina Beate Lerum, Trine Yttri Fossøy, Hrafnildur Ósk Sverrisdottir, Frida Bøthun, Anne Mariell Breisnes. 2. rekke (frå venstre): Gitte Therkelsen Torstad, Glenn Erik Havnen Flåten, Gabriel Cuitlahuac Mendez Ness, Ole Kristian Havnen Flåten, Sondre Hagen, Andreas Sannebro, Simen Solbakken Skjerven, Roger Wathne Foss, Helge Torstad. 3. rekke (frå venstre): Ørjan Løypestrand, Eirik Andreas Albretsen, Trygve Lefdal Jensen. Foto: Fotograf Sviggum 8 nr. 2-14 SOGNDALkyrkjelydsblad STEDJE 10.05. og 11.05.: 1. rekke framme frå venstre: Hanne Synnøve Eide, Aila Øvstetun, Silje Marie Foss, Silja Nesse Ellingsen, Karianne Ylvisåker Mo, Cecilie Eggum Lerum, Andrea Wictoria Weka, Thea Wigum, Andrine Thomassen Øvreseth, Leni Holum Kjøstvedt, Nora Buvik. 2. rekke (f.v.): Tora Elisabeth Hovland, Miriam Svendsen, Ingrid Nordheim, Emilie Raunehaug Erlandsen, Vilde Lindblom, Marthe Flo, Marte Elise Stølen, Marte Bjelde Hjelmhaug, Oda Borlaug Kjønås, Anna Foss, Synne Veum, Emilie Fredheim Vidby, Maren Lucie Hofslundsengen, Tora Uglum Lindstrøm, Vilde Ylvisåker Førre. 3. rekke (f.v.): Nils Einar Berget, Helge Torstad, Kjetil Bruheim Gurvin, Sondre Anda Skjæret, Håvard Sanden, Eivind Nymark Sognnes, Håvar Eggum, Erlend Refsdal Thiem, Peder Andreas Torgersen Øyre, Andreas Flåten, Gjest Ingeson Kvåle, Oddbjørn Litlabø, Adrian Hagelin Gjermundstad, Kjell Olav Nordheim, Andreas Svendsen Hjelme. 4. rekke (f.v.): Preben Nymark, Jørgen Hovland Mo, Endre Nesse Hillestad, Kristian Skei Veum, Johannes Kollsete, Eirik Stedje, Lars Ove Dulsvik, Torstein Kjørnes 5. rekke (f.v.): Kristian Bergheim Rutlin, Andreas Lerheim Olsen, Sander Sjøvoll Nyheim, Eirik Håvik, Joakim Skrede Skjeldestad, Simen Selseng Salte, Magnus Håvik, Erlend Kvåle Holme, Jonas Risnes Øyre, Johann Sebastian Weinbach. Foto: Fotograf Sviggum NORUM 25.05.: Framme frå venstre: Gunvor Einevoll Fimreite, Jorunn Davidsen Fimreite, Ragnhild Tyssebotn, Embla Engesæter, Julie Øvretun Bak frå venstre: Presten Egon Askvik, Roar Nornes, Ørjan Hjelmeland Øyrehagen. Foto: Fotograf Sviggum FJÆRLAND 08.06.: Vegard Skeide. Foto: Nils Skeide SOGNDALkyrkjelydsblad nr. 2-14 9 Fjærland ule Gospelklubben Ving k s s g barnemisj a d n St ø ed je s sø nd ag on Miniklubben e ss ku t le e Nots ule Gjesthaugen søndagssk AMIGOS-klubben Innblikk Dei frivillige kristne organisasjonane er ein viktig ressurs i kyrkjelydane våre. Mykje godt arbeid vert drive, med sikte på å gi barn og unge ein stad der dei kan høyre Guds ord forkynt og vekse i trua på Han. Samarbeidet mellom organisasjonane og kyrkja er difor svært viktig for at ei systematisk trusopplæring kan skje i kyrkjelydane våre. Kyrkjelydsbladet ynskjer å gje eit innblikk i dette arbeidet. INNBLIKK I: AMIGOS-klubben i Norane BBarnegospelen BBa Amigos-klubben er ein barne- og ungdomsavdeling under Normisjon. Klubben i Norane er for born i alderen 5-12 år og starta 16.10.2003. Samling er på Norane oppvekstsenter annakvar torsdag frå kl. 17.30-19.00. Underteikna var på besøk i klubben torsdag 06.03. og fekk då møte både born, føresette og leiarar. Margrete Haug fortalde litt om klubben før borna kom. «På første møte i klubben 16.10.2003 møtte 24 born. Frammøte har variert gjennom åra og no er det om lag 12-15 born på kvar samling. Kvelden startar med song, og ein held fram med andakt, hobbyarbeid, mat og utlodding til inntekt for Normisjon sitt arbeid.» Første bilete: Dei vaksne er klare til innsats. Frå venstre Margrete Haug, Anne Kristin Gunvordal, Ester Norheim og Signy Fardal. Margrete, Anne Kristin og Signy har vore med frå starten, Ester kom med for om lag to år sidan. Signy har alltid med ferske bollar, noko alle set stor pris på. Andre bilete: Samlinga starta med song. Ester spela gitar og vi hadde besøk av Lindiwe, ein student frå Zambia, som var med og lærde borna ein ny song. Anne Kristin brukte flanellograftavla og fortalde om Jesus, Lasarus, Marta og Maria. Borna var rolege og interesserte. Særleg vart «å salve Jesus sine føter med velluktande salve» konkretisert ved at ei krukke med «velluktande salve» vart sendt rundt slik at alle fekk lukte. Tredje bilete: Hobbyarbeid denne kvelden var å lage «den vesle bibelen». Ein fin kveld som vart avslutta med gode bollar. Gunn Fondenes Tekst og foto 10 nr. 2-14 SOGNDALkyrkjelydsblad SOGNDALkyrkjelydsblad nr. 2-14 11 Kyrkjelydsfest i Nortun Sundag 16. mars hadde soknerådet i Norum bedt inn til samkome og fest i Nortun. Det var svært mykje folk og ein måtte dekke ekstra. Kjekt! Leiar i soknerådet, Rønnaug Dahl, ønskte velkommen. Konfirmantane i år var særleg innbedne, det same var fjorårets konfirmantar. Program: •Allsang frå heftet, ved orgelet Arild Slinde. •Song av AMIGOS •Dagens tekst v/ Edith Flatland. •Andakt v/ Egon Askvik «Kjemp for det du trur på, ikkje gje opp håpet». •Konfirmantane las tekst og dramatiserte forteljinga om den barmhjertige samaritan. •Song av Norum Songlag med dirigent Oddbjørn Ramstad. •MATØKT med kaffi, te, saft, «paosmurt» dvs. gode skiver og blautkake, servert av soknerådet og konfirmantane i 2013. •«Pause-underhaldning» ved Egon og konfirmantane. •Sal av lodd og loddtrekning. •Årsmelding v/Ingunn Marie Myren. Årsmeldinga ligg på heimesida til kyrkja.no Konfirmantane fekk kvar sin blom frå soknerådet og Edith orienterte om innsamlingsaksjonen til Kirkens nødhjelp m.m. Gunn Fondenes Tekst Foto: Egon Askvik 12 nr. 2-14 SOGNDALkyrkjelydsblad Diakonihjørna: «Kan eit menneske stela noko frå Gud?» Menneska som samla seg i kyrkjelydar i landa rundt Middelhavet i tida etter Jesu oppstandelse, etablerte ordningar for det meste. Gudstenestene var då, og er framleis teneste for både Gud og medmenneske. I fellesskapa skulle alle bli ivaretekne, og menneska sto i nære forhold til kvarandre, ikkje minst fordi dei hadde ansvar for tilhøva for sin neste. (Mal.3.8). Det er ei teneste som er høgst naudsynt. I kyrkjene våre samlar vi inn pengar som ein del av kyrkja si forbøn for andre menneske. Vi tek opp offer nesten kvar søndag, der desse ofringane vert fordelt mellom ulikt arbeid som organisasjonar med grunnlag i den kristne trua, driv. Vel halvparten av ofringane går til det arbeidet som kyrkjelydane driv, for born, ungdom og voksne. Å leve ut trua var og er, å vere praktisk. Den praktiske Vi ynskje på sikt å styrke arbeidet i kyrkjelyden, slik trua, diakoni, er ei side ved kyrkja sitt liv som kyrkja og kyrkjelydane ikkje kan vere utan. at fellesskapet kan møta ulike behov som er rundt oss. Vil du vere med som fast gjevar? Akkurat no er vi i ei startgrop- vi vil kome med konkret informasjon • I kyrkjelydane hadde nokon ansvar for å samle seinare gjennom kyrkjelydsbladet om korleis fast inn mat og dele ut til dei fattige. givarteneste er tenkt. Men om du vil kan du allereie • Prestar og andre lærde forkynte og underviste. • Nokon samla inn pengar som skulle nyttast til ulikt no melde deg om dette er noko for deg. arbeid i kyrkjelyden. • Nokon var vertskap og husa forkynnarar som kom Vi vert ikkje fattige av å gi - både gåva og vi vert på besøk. velsigna av Han som har gitt oss alt. Å vere med å gi • Nokon hadde bøneteneste. skapar ei overflod av takk til Gud. • Andre hadde ansvar for lovsong og bruk av instrumentar i kyrkjelyden. Bibelens ord seier mykje om pengar og gjevarteneste – og kvifor vi skal tenkje over vårt forhold til dette: Samla utgjorde dette kyrkjelyden sitt fellesskap, «Hald syskenkjærleiken levande! Lat ikkje kjærleik til og alle tenestene var naudsynte for å oppretthalde pengar styra livet, men ver fornøgde med det de har» fellesskapet. Ikkje ein einaste var overflødig, det var (Hebr. 13.1.5a). bruk for alle! Kyrkjelydane i dag er bygd opp på same vis – ulike oppgåve skal løysast av forskjellige menneske i fellesskapet- ikkje ein er overflødig! Soknediakon Gitte Th. Torstad Eg markerte særskilt; samla inn pengar - det var det eg ville ha fram denne gongen! SOGNDALkyrkjelydsblad nr. 2-14 13 Intervju med Kjetil Netland Kyrkjelydsbladet har starta ein serie med intervju der me mellom anna stiller spørsmål om kyrkja si rolle i lokalsamfunnet. Denne gongen har me utfordra prosten. • No har du vore prost i ¾ år. Korleis trivst du i stillinga og i Sogn? Eg trivst godt med å vere leiar for flinke medarbeidarar. Dei gjer tenesta si med stor innsats og tek bodskapen og menneska på alvor. Det er spennande å få vere med å utvikla denne viktige tenesta vidare. • Kva tankar har du om kyrkja si rolle i lokalsamfunnet? Framfor alt er kyrkja eit talerøyr for Gud til den einskilde av oss og til fellesskapen. Me skal formidle trua på at Gud skapar livet og alt vi ser rundt oss. Me skal vitna om at Gud bryr seg om oss, at han sende Son sin til verda for å berga oss og gje oss nytt liv. Når det skjer ulukker og vonde hendingar, treng me å søke hjelp og trøyst hjå Gud. Og så har eg tru på at me har viktige verdiar som det norske samfunnet må bli minna om, ikkje minst når det gjeld menneskeverd, forbruk, rettferd og å ta vare på livsmiljøet. Kyrkja byggjer desse verdiane på trua på Gud. Og så er det ei stor oppgåve å formidle håp til ungdomane våre. • Har du tankar om korleis me kan inkludere endå fleire i gudstenestefellesskapen? Det viktigaste er at folk opplever at gudstenesta har noko å gje dei, at det er ekte, Gud-vendt og jordnært. Så har det sikkert mykje å seie at det er ei form og eit språk som kommuniserer godt. Dessutan er det viktig at folk opplever at dei høyrer til i fellesskapen, at dei vert rekna med. • Er det noko du har lyst å seie til lesarane av kyrkjelydsbladet? Me skal vere stolte over trua vår. Me eig ein arv i kyrkja som det er avgjerande at vi tek vare på og gjev vidare til born og ungdom. Jesus Kristus har gjeve livet sitt for oss. Han har sigra over døden si makt og deler den sigeren med alle som 14 nr. 2-14 trur på han. Det må me aldri slutte å minne kvarandre om. Og så skal me ta trua på Gud på alvor i kvardagen, prøve så godt me kan å omsetje dei verdiane me trur på, i praktisk handling. MUB Tekst og foto Leir – sjølv for fotballfanatikarar Årets høgdepunkt for born mellom 11 og 13 år skjer på Lyngmo frå 11.-14. august. Då lagar nemleg trusopplæringa i Sogndal, Leikanger og Luster ein litt annleis leir. Den heiter Pangstart og gir deg gode opplevingar og mykje moro før skulen (endeleg) startar igjen. For spørsmål og påmelding: kontakt Lyngmo, bua@lyngmoinfo.com Tel: 57 68 43 66 Brosjyre og film finn du på sogndal.kyrkja.no Men før me snakkast, må det presiserast at det er mogleg å delta på leiren sjølv om ein er på fotballskule. Me tek ansvaret for å organisere køyring. SOGNDALkyrkjelydsblad VELKOMMEN PÅ LEIR! Denne våren har det ein god del dagar vore tiggarar som har sete på gata ulike stader i Sogndal sentrum. Truleg er dette for første gang på svært mange år, og då vert dette heilt nytt for dei fleste av oss å sjå dette i lokalmiljøet. Samstundes har politikarane våre diskutert intenst om tigging skal vera forbudt i Noreg eller ikkje. Det er mange nivå i ein slik diskusjon. Og det er skilnad på storsamfunn, lokalsamfunn og møte mellom einskildmenneske. Men kva skal vi gjera? Kyrkjelydane har i lang tid vore engasjert i medmenneskeleg naud, tydelege døme er lokal diakoni og Kirkens nødhjelp som «er der i katastrofen». Men kva når nauda og behovet vert synlege rett framfor oss? Tigging på open gate i lokalsamfunnet er ein ny situasjon, og derfor må me kanskje gjera noko nytt. Nett no har me fleire spørsmål enn svar. Men me tykkjer at dei tankane Hanne Veum deler i stykket ho har skrive, er vel verdt å ta inn over seg. Kjell Olav Høstaker Nordheim og Gitte Th. Torstad Møte mellom menneske I dag møtte eg nokon som kjem frå ei heilt anna verd enn den verda eg kjenner. Ein ung gut i 18-20 års alderen sto utanfor eit kjøpesenter med ein bunke magasin som han forsiktig og høfleg baud fram til dei som hasta forbi. Absolutt alle gjekk forbi utan å ense han eller gje respons tilbake. Eg fekk gjort det eg skulle og planen var å haste vidare til neste ærend i den travle kvardagen dei fleste av oss har. Guten sto på same plassen når eg kom ut. Eg kjende eit vondt stikk i hjartet når eg såg at han fortsatt sto der utan å få selt noko, men ei indre stemme formana meg om at eg absolutt ikkje skulle bry meg eller engasjere meg på nokon måte. Eg hadde klart eit avvisande uttrykk når eg skulle passere «tiggaren» som den indre stemma kalla han. Guten såg opp og smilte forsiktig til meg. Han hadde eit aldeles nydeleg smil, men det var dei triste augo som trefte hjartet mitt og gjorde at eg likevel ikkje kunne gå forbi han. Eg stoppa og prata med han om magasinet han selde for 100 kroner. Han snakka litt engelsk så vi kunne føre ein enkel samtale. Han fortalde meg på sitt haltande engelsk at han var frå Romania og at han var eldst av sju søsken og skaffa pengar til å forsørgje familien ved å selje gatemagasinet «Folk er folk». Eg hadde to hundrelappar i lommeboka og ga han dei for magasinet, og då han ville gi meg den eine hundrelappen tilbake sa eg at den var til han spesielt. Han såg på meg og sa «God bless you». Eg kjem aldri til å gløyme guten med det nydelege smilet og dei triste augo. Ikkje berre fordi eg tykte synd i han som måtte stå ute i all slags vær og by fram eit magasin nesten ingen av dei betrestilte som hasta forbi ville kjøpa, men også fordi det er så grunnleggande feil at nokon skal ha for lite mens andre har meir enn nok. Det er ein djup og vid avgrunn mellom mi verd og verda til denne unge guten som eg møtte i dag, og denne avgrunnen er forferdeleg urettferdig. På den eine sida heiter avgrunnen fattigdom og på den andre sida heiter den velstand. Vi som høyrer til på velstandssida har alt vi treng og lir ikkje nød, dei som er på den andre sida manglar nesten alt for å klare seg i kvardagen. Denne guten kan ikkje gå på skule for å få kunnskap og skape seg ei framtid med arbeid, i staden sel han gatemagasin for at familien skal ha mat. Han er deira einaste håp. Det triste er at sjansen er stor for at han blir fanga i ei fattigdomsfelle i ein evig sirkel utan moglegheit til å komma seg ut av det. Når eg gir han pengar bidreg eg også på ein måte til at han blir i denne fattigdomsfella. Som den opplyste personen eg er veit eg at det beste er at fattige får hjelp i eige heimland til å komma i jobb og klare seg sjølv, at vi tek tak i problemet ved rota i staden for å drive brannslukking. Samstundes veit eg også, som ein opplyst person, at det finnes land og folkegrupper som ikkje har desse moglegheitene. Det er ikkje så enkelt at han berre kan reise heim og få seg ein jobb. Kva ville du gjort viss du hadde mindre søsken og sjuke foreldre som alle ville svelte og fryse om du ikkje kunne forsørgje dei på ein eller anna måte? Mange av oss ville nok også selt gatemagasin om vi var i ein slik desperat situasjon. I ein situasjon der ein lever «frå hand til munn» frå dag til dag for å dekke heilt grunnleggande behov som mat og varme er det ikkje rom for å tenkje langsiktig, då handlar det rett og slett om å overleve denne dagen og den neste... Dette møtet var ei sterk påminning om kor heldige vi er som bur i dette landet med så mange moglegheiter til å få eit godt liv frå vi blir fødde til vi døyr, og at vi ofte er lite flinke til å setje pris på det vi har. Kanskje vi alle litt oftare burde rette blikket over til den andre sida av avgrunnen som står mellom oss som har og dei som ikkje har? Det var han, frå den andre sida der dei har så lite, som ga den største gåva i dette møtet. Difor er eg glad for at eg spontant svarde han «God bless you too». SOGNDALkyrkjelydsblad Hanne Veum nr. 2-14 15 Alpha-kurs i Sogndal til skogene i Birkenes, har i det meste av sitt yrkesaktive liv arbeidet som frilanser Livet utfordrar oss, og vi møter mange vanskelege spørsmål; om det er noko meining med innenfor tekst og musikk. Som tekstforfatter og komponist har han levert atskillig alt, om døden, om Gud – og kven er no eigentleg denne Jesus? stoff både til andres og eget bruk, samtidig med en omfattende somhet. http://torethomassen.no/om-tore-t/ Mange vel å leve åleine med sine spørsmål, for andre kjem det tider då det er nødvendig med eit svar som er til å stole på. Alphakurset si målsetjing er å skape ei trygg ramme deråvilæra kan snakke om desse tema. til oss songar, og det vert konsert på laurdags etterHausten 2014 er det Alphakurs i Sogndal. middag evt. tidleg kveld. Oppstart 11. september kl 19:00, med 10 vekentlige samlingar og ein Alpha-weekend (24.-25. oktober). Etter dette reiser Tore til Leikanger derdeltakarane han skal vera På kurset blir delt inn i grupper på 8-10 personar, som11-åringane skal vere ilag gjennom kurset. Ein kveld saman med på byrjar med at alle er saman til felles kveldsmat og unLys Vaken og gudstenesta dervisning. Deretter går vi i gruppene. Kvar gruppe har dagen etter. to leiarar, som skal syte for ein god og open samtale! Tidsramma for ein kveld er 19:00-21:30. Me gler oss veldig til å ta imot Tore oger Barbro Thomassen i Kurset lagt til Sogndal Indremisjonsforsamling Sogn desse dagane! (SIM) sine lokale, Granden 23. Frivillig kursavgift på 350 kr (inkludert kursmateriell og kveldsmat. Ikkje weekend.) Påmelding og spørsmål til John Torjus Eriksen (Forsamlingsleiar SIM), sogndalimf@gmail.com, 99045506. Velkommen! Arr.: Stedje sokneråd, Normisjon, Frelsesarmeen og Sogndal Indremisjonsforsamling 16 nr. 2-14 SOGNDALkyrkjelydsblad Alphakurs i Sogndal 2014 -‐ Oppstart 11.september kl 19:00 konsertvirk- Second Sacred Concert til skogene i Birkenes, har i det meste av sitt yrkesaktive liv arbeidet som frilanser I Stedje kyrkje, søndag 23. mars, med Sogndal Storband, Kaupanger Bygdakor, Hafslo innenfor tekst og musikk. Som tekstforfatter og komponist har han levert atskillig Songlag og Diccon Pearce. Det var Duke Ellington som var på programmet denne kvelden. stoff både til andres og eget bruk, samtidig med en omfattende somhet. http://torethomassen.no/om-tore-t/ konsertvirk- til å læra oss songar, og det vert konsert på laurdags ettermiddag evt. tidleg kveld. Etter dette reiser Tore til Second Sacred er vera ein av i alt tre kyrkjekonLeikanger derConsert han skal sertar storband og kor som samanfor med 11-åringane på Duke Ellington skreiv mellom 1965 og 1973. Verket vart ferdig i 1968 og vart Lys Vaken og gudstenesta første gong oppført i Cathedral og St.John i New York dagen etter. same år, med svenske Alice Babs som solist. Me glerKennedy oss veldig til å ta imot levde frå 1899 til Edward «Duke» Ellington Tore og i 1974, og Barbro vart førstThomassen kjend som orkesterleiar mot slutSogn dagane! ten av desse 1920-talet. Han hadde eit sterkt ønskje om å løfta jazzen ut frå nattklubbar og inn i orkestersalar og kyrkjerom. Originalversjonen av Second Sacred Concert er aldri blitt utgjeve som notesett for vanleg sal, verken før eller etter Duke Ellington sin død. Så denne kveldens konsert er, etter ein transkripsjon, skriven av førsteamanuensis i musikkvitskap, Sigvald Tveit. Og det var ei flott oppleving! Me fekk høyra – Praise God, Heaven, Something about beliving, Almighty God, The Shepherd, Its Freedom, Come Sunday, Don’t get down on your knees to pray og Praise God and Dance. Framført vekselvis med kor, solistar, storband og samla. Godt leia av musikalsk leiar og pianist Tom Sølve Myklebust. Det var berre heilt fantastisk å sjå samspelet mellom dirigent, kor og musikarar. Og det svinga skikkeleg, publikum var heilt med. Og innimellom alt dette, flott pianosolo, – Meditation, og orgelsolo, – TGTT, med Diccon Pearce. Kjempeflott! Dette vil me ha meir av! Tusen takk alle saman, for ein flott konsert! Kirsten Anny Amledal Tekst og foto SOGNDALkyrkjelydsblad nr. 2-14 17 JUNI Kunngjeringar og smånytt JULI Kransenedlegging 13.-15.: 2-4 klasseleir 20.-23.: 4-7 klasseleir 29.juni-07.: Bibelsommar i vest 13.-19.: Familieleir Ungdom i oppdrag 23.-27.: Familieleir NTM AUGUST 10.-14.: Pangstartleir 28.: Småbarnstreff 30.-31.: Bibelhelg SEPTEMBER 04.: Knøttekor og torsdagsklubb 11.: Småbarnstreff 12.-14.: 2.-4. klasseleir 18.: Knøttekor og torsdagsklubb 19.-21.: Internatmøte for kvinner 25.: Småbarnstreff 26.-27.: Loppemarknad OKTOBER 02.: Knøttekor og torsdagsklubb 03.-06.: 4.-7. klasseleir 9.-12.: 7.-10. klasseleir 16.: Knøttekor og torsdagsklubb 23.: Småbarnstreff 30.: Knøttekor og torsdagsklubb 31.: Haustbasar Haustmøte for Normisjon region Sogn og Fjordane i Sogn 2014 Tid: 27.-28. september Stad: Leikanger og Sogndal Talar: Fellesskapsutviklar i Normisjon: Vegard Tennebø Tema: Elska og sendt 17. mai var ordførar Jarle Aarvoll med på gudstenesta i Stedje kyrkje for å markere Grunnlovsjubileet. Han gav eit historisk tilbakeblikk, og han synte til fullmaktene frå vala til Riksforsamlinga som heng inn råma i våpenhuset. Stedje kyrkje var valkyrkje i 1814, den gong i den gamle stavkyrkja som stod fram til 1867. Etter gudstenesta var det ei minnemarkering av Eidsvollsmannen Nils Johannesson Loftesnes, der ordføraren la ned krans ved minnesteinen på Stedje kyrkjegard. Nils Johannesson Loftesnes var ein av Eidsvollmennene frå Sogndal. I 1814 var han musketer (feltsoldat) i Det Sogndalske kompani i Det Bergenhusiske regiment. Alt i 1813 hadde regimentet hans marsjert til Auslandet, og i 1814 var dei stasjonert i Smålenene (no Austfold). Våren 1814 skulle regimenta velje utsendingar til Eidsvoll. Det Bergenhusiske regiment valde kaptein Ole Elias Holck frå Ytre Sogn som utsending for offiserane, og musketer Nils J. Loftesnes for underoffiserane og soldatane. Nils Loftesnes var fødd på Loftesnes i Sogndal i 1789. Han var son til Johannes Nilsson Loftesnes og Marta Espendotter. I 1813 fekk han skøyte på garden Loftesnes, denne selde han i 1820 og flytta til Stenehjem, der han hadde kjøpt gard i 1818. Han var gift med Berta Olsdotter, og let garden frå seg i 1840 til dotter si, Marta. Nils Loftesnes døydde i 1848, 59 år gamal. Det er grunn til å tru at han vart gravlagd på Stedje kyrkjegard, men grava er ikkje påvist. Minnesteinen på kyrkjegarden vart reist av heradet 17. mai 1914. I Henrik Wergeland si konstitusjonshistorie står Nils Loftesnes omtala som ”En rask, vakker kar, fuld av sogningens næsten sydlandske livlighed”. Dei aller fleste etterkomarane etter Eidsvollmannen frå Sogndal bur i dag i USA, og i år er ei gruppe av dei på Noregs besøk i høve Grunnlovsjubileet. Den 22. mai var dei i Sogndal. (www.sogndal.kommune.no) Laurdag 27. september Kl. 15.00Bibel- og misjonstime i Leikanger kyrkjelydshus Kl. 16.00Mat Kl. 17.00Delesamling / Medarbeidarsamtale Kl. 19.00Misjonsfest Søndag 29. september Kl. 11.00Gudsteneste i Stedje kyrkje. 18 nr. 2-14 SOGNDALkyrkjelydsblad Tekst og foto: MUB Stell av kyrkjegardane Kyrkjeskyss i Norane Ta kontakt med ein av soknerådsmedlemane om du treng skyss til gudstenestene. Fellesrådet har inngått avtale med Sogndal kommune om stell av Stedje kyrkjegard for sommaren 2014. Avtalen om stell av kyrkjegarden på Kaupanger og i Norum er fornya frå 2013. • Sveinung Brusegard tlf. 41530855 • Rønnaug Dahl tlf. 97986526 • Gunn Haugen tlf.95231618 • Egil Fimreite tlf.99237666 • Ingunn Marie Myren tlf. 57 67 92 83 Open kyrkje Status i orgelsaka Etter anbodsrunden er det no bestemt at det er Orgelmakerij Steendam i Nederland som får jobben med orgelrestaureringa i Stedje, utifrå tilbod og etter tilråding frå orgelkonsulent Kristen Øgaard og kantor Arild Stedje. Arbeidet startar i haust, og i perioden med restaurering stiller Steendam med eit erstatningsorgel. I førre nummer av bladet skreiv me at statusen for finansieringa pr. 01.01.14 var kr. 729.400,-. Status pr. 01.06.14 er om lag kr. 1,2 millionar og følgjande har skjedd: •Sogndal kommunestyre vedtok på møte i april å løyva kr. 330.000,- i tilskot til orgelet i tillegg til løyvingane dei har gjort tidlegare. Dette var ei gledeleg melding å få. •I tillegg har det vore stort engasjement både blant private gjevarar og verksemder i Sogndal. So langt er det komme inn om lag kr. 60.000,- frå private. •Og følgjande verksemder har bidrege med totalt kr. 57.000,- pr. 01.06.2014: Norbohus Sogn, Rema 1000, Stiftinga Stedjetunet, Sogndal Rekneskapslag, Meny, Advokatfirmaet Tollefsen, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Fjøra frisør, Arkitektkontoret 38, Ellingsen Rekneskapsservice, Sparebanken Sogn og Fjordane, Sogn Gravferdshjelp, Lerum fabrikker, Sogneprodukt og Sogningen Storsenter v/Amfi Drift. Endå fleire er utfordra og me håpar på at kronene fortsatt kjem inn på konto 3720.15.86454. •Musikkfesten som vart arrangert av Stedje sokneråd i påskeveka gav kr. 80.000,- i billettinntekter! Og dette var rein netto då ingen kravde honorar og alt vart gjort på dugnad. Røyrleggjar Kjell Arne Haugen og snikkar Gullstein Rørstadbotten sponsa annonsane og Stedje Blomster gav blomstrane som aktørane fekk som takk for innsatsen. Tusen takk for alle bidrag! Det er veldig gledeleg å sjå engasjementet for orgelet og no ser me fram til å nyte flott orgelmusikk frå det nyrestaurerte orgelet. MUB Stedje kyrkje vil vere open mellom kl. 09:00 og 21:00 kvar dag i sommar til og med august månad. Det er Stedje sokneråd i samarbeid med kyrkjekontoret som syter for at kyrkja blir låst opp og igjen kvar dag. Bladpengar Tusen takk til alle som har betalt bladpengar! Det er veldig kjekt å få kontoutskriftene frå banken som syner at om lag 415 husstandar har betalt inn totalt kr. 125.900,- so langt i år. Me tek det som eit teikn på at de vil støtte arbeidet i kyrkjelydane våre. Det er fortsatt mogeleg å betale inn til konto nr. 3720.30.15063. TAKK! Takk til Lerum for juice og saft til konfirmantsamlingane og samtalegudstenestene. Kyrkjelydshytta Prisar: kr. 100,- pr. person pr. døgn Familie maks kr. 500,- pr. døgn Gruppe inntil 10 pers.: Kr.1000,- pr helg Gruppe 11 pers. eller fleire: kr. 1500,- pr. helg Ein familie: Kr. 2000,- pr. veke Møte Kr. 300,Grupper avtalar pris pr.veke Betaling for ved: Kr.60 pr.sekk For leige – kontakt kyrkjekontoret på tlf. 57679985 eller post@sogndal.kyrkja.no SOGNDALkyrkjelydsblad nr. 2-14 19 Støttespelarane våre: Hagalandet, 6851 Sogndal • tlf 57 67 16 22 6801 Førde • tlf 57 83 70 90 maskinsenteret.as • post@maskinsenteret.as www.lerum.no RØYRLEGGJAR Arild Johannes Sandvik 6848 FJÆRLAND Telefon 97 03 08 67 Aut. rekneskapsførar Parkveien 5, 6856 SOGNDAL • Tlf. 57 62 88 50 • e-post: post@advokat-tollefsen N-6848 Fjærland Telefon: 913 63 327 E-post: laurakv@online.no Optiker Kjell M. Talleraas Telefon 90 11 67 83 6856 Sogndal • tlf. 920 94 145 • nettbriller.com Byggmester Ingmar Stenehjem mob. 90 58 10 21 • tlf. 57 67 29 52 www.stenehjembygg.no AMFI Sogningen, Hovevegen 6, 6856 Sogndal www.amfi.no/sogningen E-post: post@sogningen.no Sogn Synssenter Synsprøve • Briller • Kontaktlinser Tlf: 57 67 50 50 ME SJÅAST Med topp moderne synsprøveutstyr og fokus på augehelse, tek me synsprøve, trykkmåling og bilete av auga. Ved behov for briller på dagen, har me lager på einstyrkeglas (+/- 4, cyl. 2) 20 nr. 2-14 SOGNDALkyrkjelydsblad Postboks 25, 6851 Sogndal Fossetunet 4, 6856 Sogndal Tlf. 57 68 144,776856 Sogndal Fossetunet Tlf. 57 68 Lærdal 14 77 Avdeling Tønjum, 6887 Lærdal Avdeling Lærdal Tlf. 574,666856 86 60 Tønjum, 6887 Lærdal Fossetunet Sogndal Tlf. 57 66 86 60 Tlf. 57 68 14 77 Telefon heile døgnet: Telefon 57 68 14heile 77 døgnet: 57 14 77 Kjell68Grønli Kjell Grønli Anne Kristin Gunvordal Anne Kristin Gunvordal post@sogngravferdshjelp.no Telefon heile døgnet: post@sogngravferdshjelp.no 57 68 14 77 Avdeling Lærdal Tønjum, 6887 Lærdal Tlf. 57 66 86 60 Kjell Grønli Anne Kristin Gunvordal post@sogngravferdshjelp.no Telefon: 57 67 18 85 Opplæring klasse A1-A-B-BE-T-M146 Trafikalt grunnkurs E-post: post@hofslundsengen-trafikkskule.no www.sognekraft.no - P.b. 3, 6891 Vik i Sogn - post@sognekraft.no Melbys skrifthugging AS Navnetilføyelser og oppussing av gravmonumenter. Vi tar oppdrag med • Navnetilføyelser • Oppussing av gravsteiner • Bolting/sikring av gravsteiner Alt arbeid blir utført på stedet. Ingen tillegg av frakt eller andre omkostninger. SLINDESENTERET • MARINA • TRANSPORTØR Ta gjerne kontakt med Kyrkjekontoret i Sogndal, tel. 57 67 99 85 eller til firma Melbys skrifthugging AS tel. 482 40 612. Slinde, 6856 SOGNDAL - Tel. 57 67 65 00 www.slindetransport.no Vil du gje tid til menneske som treng nokon å snakke med? Velkommen som medarbeidar på Kirkens SOS i Sunnfjord! Du kan gjere ein forskjell for menneske som har det vanskeleg, og samstundes oppleve personleg utvikling. Kirkens SOS er Noregs største døgnopne kriseteneste på telefon og internett. Du får god opplæring og oppfølging undervegs. Innføringskurs begynner i Førde 1. oktober. Interessert? Kontakt: Kirkens SOS i Bjørgvin, tlf 55 32 58 45 / mob 941 83 654 E-post: bjorgvin@kirkens-sos.no Meir informasjon på www.kirkens-sos.no/bjorgvin SOGNDALkyrkjelydsblad nr. 2-14 21 Ætti i glede og sorg DØYPTE VIGDE KAUPANGER: STEDJE: 16.03.14 Sindre Neraas Teigen 19.04.14 Ann Helen Lægreid og Grunde Høgi 25.05.14 Gabriel Cuitlahuac Mendez Ness DØDE FJÆRLAND: Oddvar Skarestad 10.04.1931 – 26.04.2014 KAUPANGER: STEDJE: Borghild Jermine Solvang 23.06.1912 – 07.03.2014 06.04.14 Malene Feigum Ylvisaker 13.04.14 Ella Aurora Birkeflet 13.04.14 Torstein Revheim Ramstad KAUPANGER: 19.04.14 Ingrid Nordheim 20.04.14 Kyrre Bukve Navarsete 20.04.14 Noah Selseng Leif Harald Rebni 06.09.1945 –11.03.2014 Kristen Nesvoll 08.03.1951 – 27.03.2014 Christen Knagenhjelm 15.05.1923 – 13.04.2014 27.04.14 Petter Emanuel Lykkebø Kvåle Gunnvor Olivia Hundershagen 21.08.1922 – 15.04.2014 27.04.14 Mathilde Eiken Per Jostein Lerum 18.03.1948 - 16.04.2014 27.04.14 Emma Kristin Gunvordal 27.04.14 Knut Jonas Gunvordal STEDJE: 04.05.14 Emmelinn Bjørk Hundere Odd Yttri 26.01.1936 - 13.11.2013 Jostein Yttri 05.11.1932 – 10.03.2014 Trond Hole 03.01.1946 – 12.03.2014 Svein Selseng 07.06.1942 – 12.03.2014 Karin Margrete Flæte 26.08.1954 – 16.04.2014 Kjell Hofslundsengen 20.04.1938 – 04.05.2014 Ove Arne Tonheim 30.10.1938 – 10.05.2014 Ella Skjeldestad 19.07.1917 – 11.05.2014 Sjå sogndal.kyrkja.no for påmelding til dåp eller ta kontakt med kyrkjekontoret om moglege datoar for dåp og vigsel. Telefon 57679985. 22 nr. 2-14 SOGNDALkyrkjelydsblad Velkomen til gudsteneste Med atterhald om endringar. Sjå Gudstenesteliste i Sogn Avis eller på www.sogndal.kyrkja.no JUNI 22. juni 2.s. i treenighetstida 29. juni 3.s. i treenighetstida Stedje kl.11.00: Høgmesse Fjærland kl.12.00: Blomstergudsteneste. 6-års bok Stedje kl.11.00: Høgmesse Leikanger kl.11.00: Gudsteneste Kaupanger kl. 19.30: Kveldsgudsteneste JULI 6. juli 4.s. i treenighetstida 13. juli 5.s.i treenighetstida 20. juli 6.s.i treenighetstida 27. juli 7.s.i treenighetstida 29. juli Olavsdagen Norum kl. 11.00: Gudsteneste Stedje kl.19.30: Kveldsgudsteneste Kaupanger kl. 11.00: Høgmesse Leikanger kl.11.00: Gudsteneste Fjærland kl. 20.00: Kveldsgudsteneste Stedje kl. 11.00: Høgmesse Norum, Fimreite kl. 12.00: Friluftsgudsteneste Leikanger kl.19.00: Gudsteneste Kaupanger kl.19.30: Olsokgudsteneste AUGUST 3. august 8.s.i treenighetstida 10. august 9.s.i treenighetstida 17. august 10.s.i treenighetstida 24. august 11.s.i treenighetstida 31. august 12.s.i treenighetstida Stedje kl.11.00: Høgmesse Fjærland kl.11.00: Høgmesse Leikanger kl.11.00 Anestølen kl.14.30: Stølsgudsteneste Stedje kl.11.00: Høgmesse. 6-åringar Skriksvatnet kl.12.00: Friluftsgudsteneste Leikanger kl.18.00: Gudsteneste før skulestart Kaupanger kl.18.00: Gudsteneste. 6-åringar Stedje kl.11.00: Høgmesse Leikanger kl.11.00: Gudsteneste Kaupanger kl.11.00: Gudsteneste med presentasjon av konfirmantane Fjærland kl.12.00: Gudsteneste. Rundballfestival Norum/Leikanger - Jamnaflaten kl.12.00: Friluftsgudsteneste SEPTEMBER 7. september 13.s.i treenighetstida 14. september Vingårdssøndag 21. september 15.s.i treenighetstida 28. september 16.s.i treenighetstida Stedje kl.11.00: Gudsteneste med presentasjon av konfirmantane Norum kl.16.00: Gudsteneste med presentasjon av konfirmantane Fjærland kl.11.00: Gudsteneste med presentasjon av konfirmantane Leikanger kl.11.00: Gudsteneste med presentasjon av konfirmantane Kaupanger kl.11.00: Gudsteneste. Diakoniens dag Stedje kl.11.00: Høgmesse. Diakoniens dag Fjærland kl.20.00: Gudsteneste Leikanger kl.11.00: Gudsteneste Stedje kl.11.00: Gudsteneste. Normisjon sitt haustmøte Kaupanger kl.16.00: Høgmesse OKTOBER 5. oktober 17.s.i treenighetstida 12. oktober 18.s.i treenighetstida 19. oktober 19.s.i treenighetstida 26. oktober Bots- og bønnedag Stedje kl.11.00: Hausttakkegudsteneste. Leikanger kl.11.00: Hausttakkegudsteneste Norum kyrkje kl.16.00: Hausttakkegudteneste Kaupanger kl.11.00: Høgmesse Stedje kl.11.00: Høgmesse Fjærland kl.11.00: Familiegudsteneste. Utdeling av bok til 4-åringane Leikanger kl.19.00: Gudsteneste Stedje kl.11.00: Bots- og bededagsgudsteneste SOGNDALkyrkjelydsblad nr. 2-14 23 INFORMASJON Gå ut og gled deg! Av Egon Askvik Me har hatt ein unik fin og varm forsommar i år. Pessimistane mellom oss brukte nok dei gode dagane tl å bekymra seg over sommaren: No brukar me opp godvêrsdagane. Andre berre nytte dei i fulle drag. Einar Skjæråsen har eit dikt som er kome inn i den nye salmeboka. Det er ein vakker salme som kan syngjast til alle årstider, men som om våren meiner eg han kan konkurrera med sjøvaste “No livnar det i lundar”. Himlen blåner for vårt øye, jorden grønnes for vår fot. Bekken risler for vår tørste, korn og blomst og tre slår rot. Fugler spiler sine vinger, barnet pludrer med sin mor. Lovet være Han som skapte drømmen og det første ord. Vinden har sin sti å vandre, bølgen har sin vei å gå, vår og sommer, høst og vinter skifter i det minste strå, gledens tid og sorgens time har sin bolig i hvert sinn. Lovet være Han som åpnet første le og siste grind. Lyset stiger, lyset faller over alle dunkle fjell. Morgensol og aftenstjerne viser dag og varsler kveld. Hjertet har sin lengsels høyde, hånden har sin gjernings fred. Lovet være Han som er og ånder over tid og sted. Me får fryda oss over alt det vakre Gud har skapt til glede og nytte for oss menneske. Difor vil eg nyta solskinsdagen i dag utan tanke på at det er meldt regn i morgon. Blomane, graset, fuglar, menneske og dyr - alt vitnar om vår skapar. Grensa mellom verdsleg og åndeleg vert viska ut: Lovet være Han som er og ånder over tid og sted! I denne fagre sumarstid gå ut, mi sjel, og gled deg i vår Herres store under! God sommar !
© Copyright 2024