1985 30 ÅR 2015 Øy-Blikk Torsdag 29. januar 2015 Spør oss om BUSTADLÅN Din lokale eiendomsmegler Dei beste vilkåra får du gjennom Møre Ung og Møre Verdi. Karen S. Synnes Trainee Tlf. 481 73 502 karens.synnes@sbm.no Odd-Arild Sæther Mob: 900 88 380 odd.arild.sather @moremegling.no Nr. 4 | 30. årgang Selge | ? Cecilie Clausen Dyb cecilie.dyb@em1mn.no Tlf: 400 01 064 www.oyblikk.no | Laussal kr 20,- Boligspesialisten i gisKe selge Bolig? Kontakt meg i dag for en gratis verdivurdering Audun Sjøholt mob 906 03 774 audun@notar.no www.notar.no Giske kan få fengsel – Eit fengsel vil gjere Giske meir attraktivt, meiner ordførar Knut Støbakk SIDE 7 Uroleg for sikkerheita ved gamleskulen på Giske Foreldre og vaktmeister er urolege for sikkerheita rundt det gamle bygget. SIDE 10-11 Foto: privat Naturoppleving: Gunnar Ramsli får halde ei ørn under opphaldet i Mongolia. På misjonstur til Mongolia Førre laurdag kom ein gjeng frå Vigra, Valderøya og Godøya att, etter ei veke på misjonstur. Dette året samlar Godøy bedehus inn 130.000 kroner til to prosjekt i Mongolia. SIDE14-15 Tilbudene gjelder t.o.m. lørdag 31/1. Et stort utvalg Fisk fra findus 40% ÷ Finn din nærmeste butikk på www.spar.no Salta fårekjøtt 49 frosset, pr kg, Ringdal Begrensninger på tilbudene kan forekomme. Vi tar forbehold om trykkfeil og utsolgte varer. Salg kun til private husholdninger. 90 Fårepølse/Salami/ Kryddersalami Skåret, 100 g, Ringdal 14 90 Alltid tilbud på noe godt! 29. januar 2015 Veke 5 Ubunden lokalavis for Giske Ansvarleg redaktør: Odd Egil Valderhaug Utgjevar: Øy-Blikk AS Øy-Blikk arbeider etter “Ver Varsam” plakaten og øvrige etiske retningsliner som vert lagde til grunn i norsk presse. Den som meiner seg råka av urett-messig avisomtale, vert oppmoda om å kontakte redaktøren. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er eit klageorgan oppnemnt av Norsk Presseforbund. Organet handsamar klager mot pressa i etiske spørsmål. PFU, Rådhusgt. 17, 0158 OSLO. Tlf. 22 40 50 40, fax. 22 40 50 55 ord for dagen: Uventa gjester får uventa retter Norsk ordtak Nyfødd Shutterstock 12.11.2014 kom Synne til verden. Ho var 4410g og 54cm. Stolte foreldre er Amanda Sundnes Blindheimsvik og Jørgen Varhaugvik 31.januar Ina Dajanna, Gullet vårt blir 12 år. Vi e kjempe glad i deg. storklem fra farmor og farfar, mamma og pappa Sofie Brunstad Fjærli. Hipp hurra for Sofie som blei 4 år Tirsdag 27. Januar! Oss er veldig glad i deg! Klem fra mamma,pappa og Emma. Hipp hurra for Sander Ringmo Fylkesnes som ble 16 år 28 januar. Du er en super sønn og bror, gratulerer med dagen! Mange klemmer fra Barbro, Heidi, mamma og pappa. Mormor og morfar hilser også. Bilethelsingar i Øy-Blikk er GRATIS (max. 30 ord) Helsingar med kunngjering av tid og stad for feiringa kostar 110 kroner. Vi oppfordrar alle til å bruke fullt namn på den eller dei som vert gratulert. Helsingar kan sendast på e-post til: annonse@oyblikk.no Legg ved frankert konvolutt dersom du ønskjer biletet sendt i retur. Siste frist for innlevering av helsingar og takkeannonser er tirsdag klokka 12.00. Stolt sponsor av 5 kilometer veldig friteknikk. Det er viktig å satse på de ressursene som skal glede oss i fremtiden. Derfor sponser vi barn og unge innen lokal idrett og kultur som gir oss noe å juble for. Nå kan du søke om økonomisk støtte til ditt lag eller din organisasjon. Vi gir ut midler fem ganger i året, og neste søknadsfrist er 1. februar. Les mer på tafjord.no/sponsing Gratulerer med 6-års dagen din, kjære Markus-vennen vår! Vi gleder oss til du kommer på besøk igjen. Da blir det ny tur med politibilen så husk å ta med uniforma di! Hilsen og klem fra William, Thea, Nikolai, Tante Tove Mette og Onkel Kristoffer tIpstELEfOn: 92 42 33 98 Telefon: 70 18 63 80 Faks: 70 18 63 90 e-post: redaksjon@oyblikk.no annonse@oyblikk.no abonnement@oyblikk.no Øysenteret, 6050 Valderøy Forretningsannonsefrist: Måndag kl.12 Privatannonsefrist: Måndag kl.16 Trykk: Polaristrykk as Sats og montasje: Øy-Blikk ODD EGIL VALDERHAUG ANSVARLEG REDAKTØR OG DAGLEG LEIAR odd.valderhaug@mimer.no RAGnHILD K V EspELUnD REDAKSJONSSJEF OG JOURNALIST ragnhild@oyblikk.no KRIstOffER OftEDAL JOURNALIST kristoffer@oyblikk.no REbEccA MOLtU RIIsøEn MARKEDSKONSULENT rebecca@oyblikk.no MARcUs MURpHy GRAFISK MEDARBEIDAR marcus@oyblikk.no JOURnALIst fRILAns: Anne Lise Roald Birgitte Magelssen Godø Anja Heimland Løkling dato til venstre 2 Torsdag 29. januar 2015 Øyriket Giske Giske kommune omfattar dei fire øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Øyriket har til saman 7.681 (utgangen av 3. kvartal 2013) innbyggjarar. Øyane er bundne saman med tunnel og bruer, og kommunen er knytt til fastlandet med undersjøiske tunnelar. det skjer øyglimt Utsikt frå Molnesfjellet. Foto: Ragnhild Kristine Vartdal Espelund Sveletreff Valderøy sokneråd arrangerer sveletreff kvar måndag i Valderøy kyrkje. Her blir det svele og kaffi, god prat, kanskje litt song og opplesing. Kom og gå når det passar deg. Alle velkomne. måndag 2. februar Valderøy kyrkje Pensjonisttreff Kvar tysdag tysdag 3. februar Husmortun Gudsteneste Familiegudsteneste ved Ann Helen Roaldsnes. Karneval. Bibelutdeling. Offer. søndag 1. februar Valderøy kyrkje Høgmesse ved Geir Sakseid Offer til Det norske bibelsselskap søndag 1. februar Giske kyrkje Naustbuda på Alnes Utstilling. Gjesteutstillar i februar er Lillian Øvrelid Berge. Populært på Molnesfjellet I 2014 var det 1411 personar som noterte sitt besøk på Molnesfjellet, av dei er det 25 ulike nasjonar. På ”Storhønnet”, på Vigra, er det ei postkasse med besøksprotokoll i. Nokon Lysregulering Rv. 658 Statens vegvesen har begynt med lysregulering vedrørande bygging av gang-/ sykkelveg Gjøsund - Røysa. Dette vil føregå måndag - torsdag mellom 07:30 - 18:30 ei periode framover. Kjem tilbake med konkret tidsperiode. Lysreguleringa er tidsstyrt, og vil justerast/tilpassast fortløpande. Håpar alle vil respektere lysreguleringa. Husk: det er mennesker som jobbar langs vegen, og vi har ingen å miste. Andreas Bergby Byggeleder Statens vegvesen dato til høyre Torsdag 29. januar 2015 av dei besøkande skriv seg inn i boka, andre går forbi utan å skrive seg inn. Sidan boka vart lagt ut 31. mai 2014 og fram til nyttårsafta har 1411 personar skrive seg inn i boka. I 2015 har det vore 115 besøkande. Nokon skriv inn heimstaden, men slett ikkje alle. Svært mange namn ser lite ”lokale” ut, men manglar stadnamn. Likevel kan ein telje 25 ulike norske stadnamn og i tillegg elleve nasjonalitetar. Den best besøkte dagen i 2014 var 1. juni med 64 innskrivne. Julafta var det åtte som forlet juleførebuingane til fordel for Molnesfjellet, og nyttårsafta var det tolv. Radio Sentrum feirar 30 år Lokalradioen Radio Sentrum er 30 år og har invitert Helge Gudmundsen til ei opa inspirasjonssamling på Valderøya måndag 9. februar. Helge Gudmundsen er kjend frå NRK og programserien ”Salmer til alle tider”, samt TV-satsinga ”Salmer i 60 timer fra minutt til minutt”. Han har dessutan vore engasjert i kulturlivet, har ei brei kontaktflate og ein god porsjon humor. Valderøykvartetten har i alle år stått Radio Sentrum nær og vil delta med frisk song og musikk. Programmet elles vil bere preg av at det er jubileumsår og festmat vil bli servert. Radio Sentrum var på lufta fyrste gong 8. januar 1985 med to timar i veka med bandspelar, kassettar og Lp-plater. Dagens situasjon er 71 sendetimar per veke, via data, og alt er digitalisert. I tillegg til FM-bandet går alle sendingane på webradio/internett og kan nåast over alt. I tillegg til to tilsette har Radio Sentrum mange frivillige som er med i arbeidet på ulike måtar. Målet for slike inspirasjonssamlingar er ei oppmuntring for alle og at fleire kan sjå verdien av å vere med. 3 Foto: Kristoffer Oftedal Vinnar av gåvekort på XLBygg Inger Wahl vart den heldige vinnaren av eit gåvekort på kr. 5000,hos XL-Bygg. Alle abonnenter i Øy-Blikk som betalte abonnementet for 2015 før 31. desember i fjor, vart med i trekninga av eit gåvekort på kr. 5000,- frå XL-Bygg ved Sverre Roald. Årets vinnar vart Inger og Tony Wahl. Det var kun Inger som hadde anledning til å hente gåvekortet. – Eg betalte abonnementet 3 0. de s e mb e r og r a k k akkurat å bli med på trekninga, fortel Inger Wahl til Øy-Blikk. Kva gåvekortet skal gå til er ikkje Wahl endå sikker på. – Oss er så gamle, oss har alt oss treng, seier Wahl, som legg til at dei nok finn på noko etterkvart. Giske kommune sett frå Stortinget Den kjente stortingspolitikaren og bloggaren Heidi Nordby Lunde, vil dele sine tankar om kommune-Noregs framtid og problemet med skatt på arbeidande kapital når ho møter på årsmøtet til Giske Høgre førstkomande torsdag. Bloggaren og medlem av Finanskomiteen på Stortinget, Heidi Nordby Lunde alias “Vampus” kjem til årsmøtet I Giske Høgre førstkomande torsdag for å snakke om kommuneøkonomi og problemet med skatt på arbeidande kapital. Heidi Nordby Lunde sit til dagleg i Finanskomiteen for Høgre, men er endå meir kjent som den frittalande bloggaren Vampus. Den populære foredragshaldaren er invitert til årsmøtet i Giske Høgre denne veka for å sparke i gong debattar om viktige vegval for kommune-Noreg. Høgres lokale ordførerkandidat, Trude Fjærli Giskås, påpeikar at politikarane må våge å ta ein diskusjon om kva som er kommunens prioriterte kjerneoppgåver og korleis desse best kan løysast innanfor rammene av ein framtidig økonomi. Giske Høgre er inne i ein svært positiv trend med aktive og synlege kommunestyrerepresentantar og svært god oppslutning på gruppemøta. Medlemstalet har dei fire siste åra auka med 30 medlemmar og partiet har no tilsaman 70 medlemmar i kommunen. På nominasjonslista til Giske Høgre finn vi 20 engasjerte medlemmar som har meldt seg til teneste for å drive ein bedre lokalpolitikk for alle som bur i øykommunen Giske. dato til venstre 4 Torsdag 29. januar 2015 Nokre av dei ansvarlege for foreldremøtet. Framme frå venstre: Grete Vannum Roald; Siv Merete Hatlen; Nina Rabben, rektor; Rita Valderhaug Dybvik. Bak: Hans-Olav Gjendem, leiar FAU; Lars-Ståle Giskeødegard, nestleiar FAU og Anita liljevold, miljøterapeut. – Det er viktig å hjelpe kvarandre Kampen mot mobbing blant unge Tysdag kveld vitja Sunnmøre politidistrikt, førebyggjande avdeling, ungdomsskulen på Valderøya. Søkelyset vart retta mot korleis mobbing skjer, konsekvensar av dette, og kva ein kan gjere for å hindre både skjult og openlys trakassering. Nora R. Hesseberg – Vi har utruleg mykje fin og positiv ungdom, men vi må jobbe førebyggjande, og alltid jobbe for at mobbing ikkje skal utvikla seg, sa rektor Nina Rabben. Ho leier Valderøy ungdomsskule med 278 elevar. Samarbeid skule og FAU Foreldremøtet skjedde i samarbeid mellom skulen og FAU. Cirka eitt hundre føresette kom for å høyre om mobbing generelt, der nettmobbing stod i særstilling. Rektor understreka at mobbing ikkje er noko meir utbredt på Valderøya enn på andre ungdomsskular, men ynskjer at skule og heim tek tak ilag for å gi ungdomen eit godt oppvekstgrunnlag. Døme på mobbing – Vi stiller oss spørsmålet: ”Korleis har du hatt det på nettet i dag?” Du kan ha hatt ein god dag på jobb, skule eller på fritida. Så kjem du heim og opplever at det kanskje er noko heilt anna når du kjem på nettet. Det kan ligge hatmeldingar i innboksa di, og krenkande meldingar på facebooksida, sa politimann Dennis Baccouche. Saman med sin kollega Line Kjellmo brukte han overhead og viste videoklipp med døme på korleis mobbinga føregjeng blant born og unge. Sosiale media ny arena. Truslar, stygge blikk og utestenging er berre nokre få av verkemidla mobbarane tek i bruk. Både offer, gjerningsmann og eit område må til for at eit lovbrot skjer. Området er ofte via sosiale medium. – Dette er den nye arenaen for mobbing. Borna opererer ofte med to profilar, sa Baccouche. Her kan skjulte grupper jobbe fritt. Dei opererer til dømes med å legge ut ulovlege bilete av andre og hjelper kvarandre med korleis ein kan stele utan å verte oppdaga. Lista er lang. Hjelp å få Mobbing er krenkande. Og skaper offer. For å motverka at dette skal skje, belyste dei to politibetjentane måtar å jobbe på. Tre punkt vart vektlagt. – Gi informasjon, åtvare gjerningsmannen, og å førebyggje. Å kome med truslar, anten munnleg eller skriftleg er ulovleg, understreka Line Kjellmo. Berre å føle at ein blir trua kan vere nok. Difor skal ein vere påpasseleg med sin eigen identitet, passord og profil. Godt frammøte under foredraget på Valderøy Ungdomsskule. – Gi gjerne passordet til foreldra, men aldri til nokon andre, var oppfordringa. Reglar i heimen ein tryggleik Konsekvensar for misbruk av facebook, andre sine bilete, krenkande åtferd, og truslar fører til straff, rulleblad, at jobb- og studiemoglegheiter innskrenkast, og familie og vener lid. Politiattest vert etterspurt i langt fleire tilfeller enn tidlegare, difor kan det vere lurt å ha reglar heime retta mot nettet og nettbruken. – Ikkje ver redd for å ta kontakt med politiet eller andre, var oppfordringa frå Baccouche og Kjellmo. Vis respekt. Kommuniser med nokon du stolar på. Ta affære. Tre viktige kjenneteikn på mobbing: • Negativ og trakasserande åtferd, vondsinna. • Gjentaking over tid • Det er ubalanse i styrkeforholdet, både fysisk og psykisk. Kilde: Noregs regjering, ”Manifest mot mobbing 2011 – 2014.” Line Kjellmo, ved Sunnmøre politidistrikt, gir grundig informasjon i jobben mot mobbing, og då særleg korleis vaksne og føresette kan ivareta dei unge ved sjølv å ta aktivt del i, og ansvar for bruken av nettet i heimen. dato til høyre Torsdag 29. januar 2015 Nyttige nettadresser som politiet lista opp: www.brukhue.com www.korspåhalsen.no www.nettvett.no www.slettmeg.no www.ung.no www.tips.kripos.no 5 Fryktar sosial dumping Onsdag samla fagorganiserte tilsette seg til politisk streik i to timar. Regjeringa sitt forslag om endring i arbeidsmiljølova vekkjer harme i ei samla fagrørsle. Rolf Hansen Rolf@oyblikk.no I går stod Noreg stille i to timar. Då gjekk 1,5 millionar medlemmar av LO, Unio og YS til politisk streik mot regjeringa sitt forslag til endringar i arbeidsmiljølova. Dei fagorganiserte i Giske markerte den politiske streiken utanfor Ålesund rådhus, saman med dei organiserte frå nabokommunen. Den politiske streiken gjekk føre seg utan at den råka ein tredje part i Giske kommune. – Alle barnehagar, SFO og skular hadde drift som vanleg. Det same gjeld innan helsesektoren og anna drift i regi av oss. Dette var ein lovleg og frivillig streik, der einingsleiarane fekk melding om å tilpasse drifta etter kor mange som var på jobb. Dei organiserte markerte truleg streiken utanfor arbeidstid, seier personalsjef i Giske kommune, Synnøve Thorset. Råka hardt Det er Arbeids- og sosialminister Robert Eriksson (Frp) sitt forslag til ny arbeidsmiljølov, som onsdag lamma kollektivtrafikk, fly, ferjer og tog i store delar av landet. Skular, barnehagar og SFO vart stengde. Tolltilsette, politifolk og helsearbeidarar la ned arbeidet sitt. Om lovforslaget vert vedteke, meiner hovudtillitsvalte for sjukepleiarane i Giske kommune, at det vil få forferdelege konsekvensar for helsesektoren. – Det vil vere grusamt om dette vert utfallet. I vårt yrke har vi allereie nok lange dagar, der vi ikkje har tid til å ta ei pause undervegs. I tillegg til at arbeidstida skal utvidast, skal ein heller ikkje få betalt overtid for kveldar og helgar. Det er eit lovforslag som gir arbeidsgivar all makt, det er lite familievennleg, og på lang sikt vil vi truleg få ei stor auke i talet på sjukemeldingar. I tillegg fryktar eg sosial dumping, yrkeskriminalitet, og ein stadig større klasseskilnad mellom oss som har fast jobb, og dei som berre har vikariat, seier Wendy Westerlund. Ny tid Regjeringa ønskjer å endre arbeidsmiljølova, og opnar for fleire midlertidige stillingar, nye overtidsreglar og alternative turnusar. Arbeidsgivaren kan pålegge deg meir overtid, og du kan jobbe fleire søndagar på rad, du kan jobbe lengre vakter, og midlertidige tilsettingar skal bli lettare. I det heile skal arbeidslivet vere meir fleksibelt, er regjeringa sitt bodskap. I fleire sektorar vekkjer dette harme. Pålagt overtid skal auke frå ti til tolv timar per veke og frå 25 til 30 timar per månad. Alle stillingar skal kunne lysast ut midlertidig i inntil eit år, sjølv om arbeidsoppgåvane ikkje er midlertidige. Det skal vere tillatt med søndagsarbeid når arbeidet sin art gjer det naudsynt. Regjeringa har også foreslått at ein skal kunne jobbe fem søn- og helligdagar på rad. Dette meiner Westerlund sett tryggleiken i fare innan helsesektoren. – Brukarane og pasientane likar tryggleiken med å ha folk dei kjenner kring seg. I tillegg vert vaktene våre lengre, og sjansen for feilhandsaming større. Vikarar kjenner verksemda dårlegare enn oss fast tilsette. Dette er det vikarbyråa som vil tene pengar på, medan kommunane vil få rekninga med ei stor auke i sjukemeldingar, held Westerlund fram. Dråpa for dei blå Westerlund meiner den nye regjeringa truleg kan skyte ei pil etter meir regjeringsmakt ved neste stortingsval. – Dette lovforslaget er dråpa som får begeret til å renne over for svært mange. Den kjem i tillegg til ei rekkje saker, der utfallet har vore svært uheldig for regjeringa. Wendy Westerlund er hovudtillitsvalt for sjukepleiarane i Giske kommune. Ho meiner forslaget frå regjeringa til ny arbeidsmiljølov vil få forferdelege konsekvensar for helsesektoren. I går gjekk 1,5 millionar medlemmar av LO, Unio og YS til politisk streik over heile landet. Foto: Rolf Hansen dato til venstre 6 Torsdag 29. januar 2015 Bilete viser to forslag til kvar fengselet kan ligge på Gjøsundneset. Olav Megrund, leiar for teknisk eining, presiserar at dei ikkje har vore i kontakt med grunneigarane, og at om Vigra vert valt til slutt må dei moglegeins også sjå på andre plasseringar, gjennom regulering. Foto: Illustrasjon Eit fengsel vil gjere Giske meir attraktiv Giske kommune har spelt inn to tomtar i Gjøsundmyrane, som aktuelle for prosjektet med eit nytt soningsog kompetansesentar på Sunnmøre. Eit nytt fengsel vil gje over 100 statlege arbeidsplassar. noko industri. Dette er eit område der bustadbygging er svært krevjande å få til, då det er eit reint myrområde. Difor trur vi også grunneigarane vil stille seg positive til eit eventuelt sal. Områda det er snakk om har ein stad mellom ti og tjue forskjellige eigarar, fortel Olav Megrund i Giske kommune. Rolf Hansen Hard konkurranse rolf@oyblikk.no Giske er blant fem kommunar som ønskjer seg det nye sonings- og kompetansesenteret, som Sunnmøre Regionråd jobbar med å få vedteke bygd på Sunnmøre. Rådet hadde onsdag med seg kommunerepresentantane, og dei øvrige involverte partane, på synfaring til dei aktuelle tomtane. Frå Giske kommune var einingsleiar for teknisk eining med på bussturen. – Vi har peika på to moglege plasseringar i Gjøsundmyrane, der tomtane frå før er regulert for friområde og dato til høyre Torsdag 29. januar 2015 Dei ti tomtane som er aktuelle, er lokalisert på Vadset, Vatne og i Brattvåg i Haram kommune. Digernes har to alternativ i Skodje, og Veibust i Sula. Ålesund kommune har peika på tre tomtar på Kverve på Ellingsøya, medan Giske altså satsar på Gjøsundmyrane som eit attraktivt område for eit eventuelt nytt fengsel. E it son i ngs - og kompe ta nsesenter føra r med seg eit høgt tal på nye statlege arbeidsplassar. I vekstkommunen Giske er det stor mangel på slikt, og denne type sysselsetting er med på å gjere kommunen meir attraktiv for innflyttarar. – Heile regionen vår er fattig på statlege arbeidsplassar, og i Giske kommune er det per i dag berre tre-fire slike. For i n n f ly t t a ra r v i l det te kunne by på arbeidsplassar for begge kjønn, noko som er vår største utfordring innan sysselset t i nga i dag, seier ordførar Knut Støbakk. Det er k riminalomsorga som har landa på at dette er dei mest aktuelle alternativa, og det er dei som gjer ei prioritering av dei ulike alternativa. Truleg vil deira sitt endelege val skje i den næraste framtid. Skulle valet bli Gjøsundmyrane, må Giske kommune snakke med grunneigarane. – Dette er tomtar på private hender, der vi ikkje har snakka med grunnaigarane førebels. Giske kommune har i tillegg tomtar i flukt med dei aktuelle private tomtane, som vil gje ein total på over dei etterspurde 30 måla eit slikt prosjekt krevjar, held Støbak fram. Prosjektet Sunnmøre Regionråd sette for to år sidan i gong eit prosjekt med tanke på å etablere eit sonings- og kompetansesenter på Sunnmøre. Etter at Stortingsmeldinga om kapasiteten i kriminalomsorga ikkje sa noko om ei prioritering av eit nytt fengsel på Sunnmøre, vart det fortgang i å få eit tomteval på plass. Bakgrunnen er at statsråden melde at dei som hadde kome lengst i planlegginga måtte prioriterast. Soningskapasiteten på Sunnmøre har vore lenge omtalt som alt for dårleg med fasilitetar utgått på dato for lenge sidan. Kvifor er Gjøsundmyrane løysinga på problemet? – Det er to særs gode alternative tomtar, der det er kort veg til flyplass. Buss-samband og anna kommunikasjon er grei, då dette ligg i aksa inn mot Vigra lufthamn. Det er dessutan kort veg til politi, tinghus og andre offentlege etatar, rundar ordførar Knut Støbakk av. Illustrasjon: Her er dei to tomtane ein idag foreslår at fengselet kan ligge. 7 Varmere, våtere og villere Temperat u ren st iger, stormene kommer tettere, nedbøren øker, ras og flom oppstår stadig oftere, og isbreer og havis smelter. Akkurat slik vi er blitt fortalt at det skal bli fremover, nå som menneskelig aktivitet har tatt kontroll over både vær og klima. Politikere og media uttrykker bekymring for fremtiden, om vi ikke snart tar til fornuft. Tiltak med tanke på redusert utslipp av CO2 er i dag det aller viktigste, og ses på som viktigere enn det aller meste av andre aktiviteter og tiltak for land og folk. Prognosene er bekymringsfulle. Noen hevder at vi har passert det CO2-nivået som vi kan håndtere. Andre mener at vi ennå kan berge verden, men det haster. Men hva hvis vi ser på virkeligheten? Stemmer den med prognosene? Data fra alle de ledende institutter som måler og bearbeider temperat u r- og k limadata, bl. a. HadCRUT3, GISS, NCDC og NA SA, v iser et stadig økende avvik mellom IPCCs prognoser og virkelig klima og vær. Den globale temperaturen har knapt steget de siste 15 – 20 årene, men den har steget med 0,60- 0,8 grader siden 1880, like etter slutten på Den lille istid. Temperaturstigning er nor malt etter en kald periode. Det kan ikke dokumenteres mer ekstremvær nå enn for noen tiår tilbake. En IPCC-rapport fra januar 2012 peker på det samme. Det eneste som har øket betydelig er CO2 -innholdet i atmosfæren. Basert på en påstått avsluttet forskning er det bemerkelsesverdig at klimaet ikke har utviklet seg i takt med CO2-økningen. Det kan være flere grunner til det. Noen forskere hevder en motsatt sammenheng mellom CO2 og temperatur enn den rådende oppfatning. Selv med dagens betydelige CO2 -utslipp, og den sterke økningen som har vært de siste tiårene, er CO2-innholdet i atmosfæren likevel ikke blitt høyere enn 4 promille. Av dette utgjør den menneskeskapte andelen kun ca. 5 %. Noen sier at dette bare i meget liten grad kan påvirke global temperatur. Selv 100 % reduksjon av menneskeskapt CO2 ville knapt kunne måles i atmosfæren, enda mindre ha betydning for den virkelige klimautviklingen. I Norge er vi selvsagt opptatt av våre klima- og værforhold. Når vi får vær som er “varmere, våtere og villere”, blir det straks brukt som bevis på global oppvarming. Når vi får annet vær, f.eks. to kalde vintre på rad, hvorav den ene meget snørik, og denne vinteren med snørekorder lenger sør på Vestlandet, nevnes dette knapt i klimasammenheng. Men da vi i Norge i 2014 hadde høyere temperaturer enn vanlig, var det et bevis på hva vi har i vente. Da NASA presenterte 2014 som året med klodens høyeste målte temperatur, ble NASAs eget forbehold om at deres temperaturdata bare var 38 % sannsynlige, ikke tatt med i norske media. For øvrig er Norge et lite sted i verden, som ikke nødvendigvis viser hvordan resten av kloden har det. Det ble ikke noe av den storstilte skipstrafikken gjennom Nordøst-passasjen. Av flere hundre planlagte seilinger ble bare to gjennomført. Også i Antarktis øker sjøisen betydelig, uten at forskerne forstår hvorfor. Inntil videre synes det ikke som om økende forskjell mellom prognoser og virkelighet påvirker vestlige politikere. Heller ikke media er synlig opptatt av dette. Vi skal forberede oss på en varmere verden, enten det blir slik eller ikke. Kolbjørn Rørstad Vinglete køyring Politiet rykka 22. januar ut etter meldingar om vinglete køyring i Ellingsøytunnelen. Det var medtrafikantar som varsla politiet om sjåføren, som køyrde ein lånt leigebil. Det skal ikkje ha vore rus involvert, men politiet vurderte k ø y r i nga som u for sva rleg og innd rog føra rkor tet på staden. Konfiskert plante Førre veke konfiskerte politiet ei plante som er eigna til framstilling av narkotiske stoff, i heimen til ein ung mann. Han har erkjent tilhøva og får eit forelegg. Valdsepisode Førre helg oppstod ei valdsepisode i samband med ei privat tilstelning på Valderøya. Politiet vart tilkalla, og saka vert etterforska. Framleis mogleg å delta på UKM Fristen for å melde seg på Ungdommens kulturmønstring (UKM) er utsett til laurdag. For at dei som ikkje fekk meldt seg på UKM innan fristen ons- dag morgon, eller som kanskje har kome på at dei vil delta likevel, har arrangørane Valderøy skulekorps, Vigra skulemusikk og Giske kommune bestemt å utsetje påmeldingsfristen til laurdag 31. januar. Påmeldinga skjer på Giske kommune si UKM-side www.ukm.no Mange deltakarar Det er 68 deltakarar som allereie har meldt seg på. Desse fordeler seg innan eit vidt spekter med fleire utstillarar, eigen nettredaksjon, programleiing, film og heile 26 sceneinnslag. – Vi kan mellom anna allereie no fastslå at det blir ei rik og mangfaldig kulturmønstring av mange dyktige og talentfulle ungdommar frå Giske kommune i kultursalen på nye Valderøy barneskule søndag 8. februar. Dette blir veldig kjekt, seier kultursjef Frode E. Synnes. Bli abonnent i 2015 Abonnement i Øy-Blikk 2015 (PDF/nett/papir): 1 år: kr. 890,½ år: kr. 550,- dato til venstre 8 Torsdag 29. januar 2015 Benny Borg med sitt technicolor og einmannsshow på Valderøya barneskule. Elvis lever Tysdag kveld entra Benny Borg scena på nye Valderøy Barneskule og tok publikum med på ei reise gjennom livet til Elvis. Nora. R. Hesseberg Alle som har levd eindel år kunne leve seg igjennom ei gripande forteljing om ein heilt spesiell mann som ville ha blitt 80 år i 2015. «Can`t help falling in love with You og In the Ghetto.” Kjende slagerar for folk som har levd ei stund. Salen var nesten full då Benny Borg entra scena, og starta forestillinga ”Hvor var du da Elvis døde?” frå publikumssuksessen i 2006 og 2007. Med gitaren stod Benny Borg på scena. Einmannsshowet var i gong. Benny Borg har g itt publikum mange f ine musikklåtar. Denne gongen var det ein rein hyllest til Elvis Presley. Rockande, vemodig og sårt. Med sin sceneopptreden, si melodiøse stemme, og eit rikhaldig utval av kjende Elvis-låtar, klarte Benny Borg å røyve ved den innerste ”Elvisstrengen.” Han losa publikum gjennom ei glamorøs og verdig livshistorie med si rustne stemme. Og fulgte opp med låtane som gjorde Elvis verdsberømt på meget kort tid. Svartkledd, berre seg sjøl, med ein barkrakk ved sida av, klarte han å skape ei verd der ein kunne leve seg inn i livet til eitt av dei største musik kgenia som har levd blant oss i nyere tid. Enkelt og stillferdig Konserten var enkel og stillferdig. Både stønn, og ”uh-ah-ha” og kvart skjelvande ”luv” fekk Benny Borg fram. Og publikum var med på notane då dei blei oppfordra til å taka del i framføringa av nokre av dei velkjende Elvis-låtane. Benny Borg krydra historieforteljinga med personlege minner, som det festlege møtet med Priscilla Presley i Los Angeles. dei mange publikummerane. Dei som fekk istand konserten, Frivilligsentralen, ved hjelp av Den Kulturelle Spaserstokk, fekk gjennomført eit flott og gripande stykke musikkhistorie. Etter konserten baud arrangør på omvisning rundt i den flotte og prektige nye barneskulen. Janita Sæter, Inger Marie Røsvik og Nina Synes synest konserten var veldig bra, og Nina Synes seier ho har plater av begge to, Benny Borg og Elvis Presley. Borg leverte Sterke minner og eit sørgeleg endelikt prega slutten av konserten. Frå den sørstatsfattige, unge, slanke og ambisiøse rock`n roll-oppfinneren som mista tvillingbroren rundt fødsel til eitt av verda sine mest einsame menneske. Med sin framtreden klarte Benny Borg å skape ei forestillingsverd av alt det Elvis gjekk igjennom i sitt liv. – Det var flott måte han gjorde det på. Benny Borg leverte, sa Inger Marie Røsvik, ein av Publikum møtte fram for å høyre Benny Borg. dato til høyre Torsdag 29. januar 2015 9 Fasade med sikra vindauge. Urolege f ved gaml Gamleskulen på Giske er over hundre år gammal. Bygget forfell, og giskeværingane uroar seg for sikkerheita til born og vaksne – særleg når haust- og vinterstormane rasar. Kristoffer Oftedal kristoffer@oyblikk.no Etter nokre bekymringsmeldingar frå giskeværingar tok Øy-Blikk turen til Skulevegen på Giske, der nyeskulen og gamleskulen står som siamesiske tvillingar, bundne i hop av taket på nybygget frå 70-talet. I rektor sitt fråvær treff vi vaktmeister Roar Giskegjerde, som gir ei omvisning i og rundt gamleskulen. Glasrute vart blåst ut Fleire Øy-Blikk har prata med omtalar gamleskulen som eit signalbygg på Giske, men om han ser flott ut på avstand, er biletet eit anna på nært hald. Målinga flassar og vindskeiene rotnar. Sjølv om gamle bilete viser at i det minste nokre av vindauga har vore skifta minst ein gong sidan skulen vart reist, har vêr og vind sett kraftig preg. Nokre av vindauga er rett og slett pill rotne. I andre etasje har fleire vindauge fått ekstra sikring, og eitt av glasa er erstatta med ei plexiglasplate. Årsaka til dette er skremmande. Ein vindfull skuledag hausten 2014 vart denne glasruta blåst ut av trykket på grunn av ei vindlekkasje i huset og fall rett ned på graset nedanfor. Til alt hell hadde det enno ikkje ringt ut til langfriminutt. På det høge taket kan ein skimte ei skiferhelle eller to som manglar, men meldinga ein har fått frå fagfolk etter synfaring der oppe er urovekkande. Tilstanden skal vere mykje verre enn det ser ut til frå bakken. På veg opp i andre etasje går vi forbi vasskadde veggar og tek oss opp på loftet. Her får Giske skule frå 1903 Øy-Blikk sjå taket frå innsida, og for ein journalist utan særlege byggtekniske kunnskapar er det lett å bli uroa. Borda i undertaket har tydelege fuktmerke og spikrane som held skiferhellene på plass er rustne. Fleire stadar slepp dagslyset inn gjennom sprekkane. Førebels sikring Øy-Blikk får opplyst at Byggog eigedomsavdelinga i kommunen var på sy nfar ing i haustferien. I samarbeid med vaktmeister vart v indauga førebels sikra med lister slik at ikkje fleire av dei kan blåse ut, og lause/rotne vindskeier er festa der det lot seg gjere. Snøfangarar på taket skal òg vere tetta for å kunne fange opp skiferheller som lausnar. – Vi treng synleg sikring I møtereferat frå Foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU) 13. november les vi følgjande: […]Byggjet er framleis ikkje i god nok stand. Kommunen skal kjøpe inn eit stålgjerde som skal settast opp rundt det utsette området. Eigedom har ansvaret for at bygget er trygt. Noko stålgjerde ser vi ikkje. I ei tekstmelding viser også rektor Inger-Anne Knutsen til at Bygg- og eigedomsavdelinga no har ansvaret for gamleskulen. Nathalie Sæthre er forelder til ein sjuandeklassing ved skulen og leiar for FAU. – At tilstanden er ille veit vi, men vi veit ikkje kor ille. Vi treng umiddelbare sikringstiltak, og ein heilskapleg rapport om stoda. All ære til vaktmeister Roar, han tenkjer berre på ungane si sikkerheit og har verkeleg gjort alt i si makt. Sæthre fortel om god informasjonsflyt mellom rådsorgana og skulen, og at FAU meiner skulen no har gjort det dei skal og kan gjere. – Men no er tre månader gått sidan haustferien. At det bles her på Giske er regelen og ikkje unntaket, så då sit ein på jobb og lurer på om noko har falt ned i skulegarden. Borna veit Gamleskulen har ein gong vore ”nyeskulen”. Etter samanslåing av to skulekrinsar og auke i barnetalet mot slutten av 1800-talet fann ein at dei to gamle skulebygga ikkje lenger heldt mål. Skulestyret vedtok difor bygging av nytt skulehus. Etter fleire utsetjingar, mellom anna på grunn av usemje om tomteplassering, tok bygginga til i 1903, og skulen sto ferdig til jul same året. Utanom undervisning har skulen ei lang historie som mellom anna forsamlingsstad på 17. mai, møtestad for skulestyret og ulike lag og foreiningar, konsertlokale og andre kulturaktivitetar. Lærar Ole Pettersen med familie framfor Giske skule ca. 1910. Lager og systo Dei gamle klass undervisning, SF vaktmeistaren v som lager – til dø materiell frå sku lekorpset på Gis òg har systove he å setje i stand ei kvileheimen på For dei som e vi anbefale Skul år av Knut B. Gisk henta frå. Heftet dato til venstre 10 Torsdag 29. januar 2015 for sikkerheita leskulen på Giske at gamleskulen ikkje er i god stand, men det er ikkje noko dei spring rundt og tenkjer på i friminutta. Vi treng å synleggjere faren, og ventar enno på dette gjerdet. Kor vanskeleg kan det vere å få det på plass, spør Sæthre. Gjerde eller ikkje gjerde Vi ber leiar for Bygg- og eigedomsavdelinga Robert Valderhaug om å kommentere saka, og får eit møte på kontoret hans. Sidan det omtala gjerdet er det fyrste vi nemner vert det raskt klart at vi snakkar om sikringstiltaka på ulike premiss: I følg je avdel i ngsleia ren stemmer det ikkje at ein har vedteke å setje opp eit gjerde for sikring av området, men stadfestar at dette rett nok var tema på synfaringa. – Det er riktig at vi vurderte det den gongen, men det var før vi gjorde dei tiltaka vi gjorde i haustferien (sjå ovanfor, red. anm.) Bygg og eigedom si vurdering, og mi vurdering, er at det difor ikkje er nokon akutt situasjon i dag, og dette gjerdet trengst ikkje. Ja, bygget er i veldig dårleg forfatning, og vi vurderer tiltak fortløpande. Men vi har tid til å vente på budsjettet for 2015. Viss vi får økonomiske rammer av kommunen til å sette i stand tak og vindauge, kan vi nok sette i gong arbeidet til våren. Då må vi sjølvsagt sikre med gjerde, men det trengst altså ikkje i dag. – Viss det er slik at der har vore ”hendingar” sidan vi sikra staden er det sterkt beklageleg. Men noko slikt er ikkje meldt inn til oss i tida som har gått, seier Valderhaug. skulekrinsen stadig er i vekst. Nokon meiner riving er rett, andre har eit sterkt forhold til bygninga og peikar på verdien han har som berar av felles kulturhistorie og samlingspunkt på Giske. Bygg og eigedom har hatt koordineringsansvar for gamleskulen i 2014. Frå og med 2015 har avdelinga òg det budsjettmessige ansvaret for bygget, som tidlegare låg hos skulen. Avdelinga si innstilling til kommunen skisserer tre alternativ: • Riving til fordel for nybygg på tomta • Avhending til nokon som kan sette bygget i stand • Kommunen set sjølv bygget i stand så ein kan få aktivitet i huset igjen – Og skal ein fyrst gjere de skikkeleg må ein òg ta det elektriske, rør og så vidare. Med til dømes ein halv million årleg over nokre år kan vi nok gjere alt dette, meiner Valderhaug. I fyrste omgong ber avdelinga om ei ramme for delvis istandsetting, det vil seie tak og eventuelt vindauge. – Men får vi ein budsjettpost i 2015 på la oss seie eitt hundre tusen kroner, er jo det i seg sjølv eit sterkt signal om kva kommunen tenkjer om framtida til gamleskulen. – Vi må ta foreldra på alvor Etter at Valderhaug har fått tenkt seg om, går samtalen atter ein gong inn på dei kortsiktige tiltaka. – Det er jo eit stort dilemma, seier Valderhaug. – Skal ein sette opp eit gjerde for å vere føre var, og kva signal sender vi med det? Det er umogleg å garantere at ingenting vil skje – det gjeld jo alle bygningane våre. Dei akutte sikringsbehova har vi altså løyst med dei tiltaka som er gjort, men det du fortel om foreldra si uro er likevel noko vi må ta på stort alvor. Folk skal ikkje måtte vere redde for å sende borna sine på skulen, den belastinga skal vi ikkje påføre foreldra. – Slik eg tenkjer medan eg snakkar med deg, går det nok mot at vi likevel set opp eit sikringsgjerde for å kome foreldra i møte, slik at dei kan kjenne seg tryggare. Men dei pengane må ein ta einstads frå, så vi må likevel vente på budsjettmøtet 31. januar. Det kan ta ein månad. Mars kjem fort, avsluttar Robert Valderhaug. Nathalie Sæthre. – Gamleskulen er i praksis ikkje i bruk anna enn som lager i dag, seier Robert Valderhaug. – Så lenge bygget ikkje er i bruk, har heller ikkje kommunen inntekter på det, berre utgifter. Kva løysing kommunen bør velje, skal ikkje eg meine noko om, vi må berre rette oss etter dei politiske vedtaka. Det er ikkje gjort nokon takst eller budsjettvurdering så langt, men Valderhaug seier ein fort kan bli nøydde til å skifte heile taket. – Berre det vil koste opp mot ein million, seier han, og å ta alle vindauga vil koste nokre hundre tusen. Verne eller rive Det er klart at noverande løysing berre er mellombels. Kor mykje ressursar skal nyttast for å ta vare på gamleskulen, eller for å rive for å bygge nytt? Skulen har utfordringar med plass, og behovet for fleire klasserom blir ikkje mindre ettersom ove seromma vert ikkje lenger brukt til FO har òg flytta ut. I fyrste etasje har verkstad, elles gjer huset mest nytte ømes for ymse undervisnings- og anna ulen, uniformer og instrument frå gamske, og rekvisittar frå Giskespelet som er. I andre etasje held Giske Sogelag på it rom med inventar frå den nedlagde Giske, som skal rivast. er interesserte i skulen si historie, kan len i vekst – Giske skule gjennom 250 ke, der nokre av opplysningane her er t finst til utlån på Giske folkebibliotek. dato til høyre Torsdag 29. januar 2015 Robert Valderhaug. 11 75 år sidan vårt øy Ein artikkelserie om krigen i Giske kommune Godøying 250 mete då torpedoan Førre veke fortalde vi om torpederinga av kryssaren «Blücher» i Drøbak-sundet. Ei hending som seinka den tyske krigsmaskina sitt angrep mot Noreg. Midt oppe i denne dramatikken oppheld fenrik Johan Godø seg. Odd Egil Valderhaug Før Johan Godø gjekk til køys 8. april hadde han høyrt på radio at det tyske skipet «Rio De Janeiro» var torpedert av dei allierte utanfor Lillesand. Skipet var fullasta med tyske soldatar og hestar. Soldatane hadde fortalt at dei var på veg til Bergen. Det kom også melding om at ein større tysk flåtestyrke hadde gått ut i frå nordtyske hamner med kurs nordover. Med desse urovekkande meldingane i hovudet gjekk Johan Godø til sengs i si hytte på Mannen med skinnlua midt på bilete er Johan Godø etter at han var forfremma til kaptein. Bilete er tatt i Båtsfjord saman med mannskapet han hadde med seg under aksjonen på Sørøya. Men det er ei anna historie. Johan Godø Nordre Kaholmen. Han hadde fått lov til å bu i hytta ved Oscarsborg festning for å få litt meir fred og ro. Ut på natta til 9. april, litt etter k lok ka 04.0 0 var t han vekt av at kanonane på Oscarsborg fyrte av to skot mot kryssaren «Blücher». Johan Godø spratt opp av senga og begynte å kle på seg. Medan han stod halvegs påkledd utanfor hytta, kom «Blücher» glidande forbi utan styring, for styresystemet vart øydelagt av fulltreffarane frå kanonane Aron og Moses frå 1892 på Oscarsborg. Han kunne framleis høyre musikk frå høgtalarane om bord. Medan han stod der, berre 250 meter frå «Blücher», høyrde han ein fresande lyd og skjøna at no gjekk også torpedoane under festninga av. Torpedoane trengde langt inn i «Blücher» og sette det i brann. Den nye og moderne kryssaren som var ute på sitt aller første oppdrag, la seg over på sida og begynte å synke. Fenrik Godø sprang då å varsla dei ferske soldatane sine som hadde fått utdelt våpen berre eit par dagar før, men som ikkje hadde fått noko våpentrening. Godø braut seg inn i depotet for å få tak i ammunisjon til dei utrente soldatane. Han fekk beskjed om å ta med seg mannskapet og forsvare nordsida av Kaholmen der dei frykta at tyskarane ville ta seg i land. Men ingen levande tyske soldatar kom dit, men derimot dreiv ti døde soldatar i land. 1000 mann mista livet Klokka 05.30 eksploderte ammunisjonsdepotet om bord og det tok ikkje lang tid før skipet gjekk ned. Nøyaktig klokka 06.22 gjekk Hitlers stoltheit ned i Drøbak-sundet med baugen først. Mange soldatar og mannskap var framleis om bord då skipet vart slukt av havet. Somme prøvde å berge livet ved å hoppe i det brennande havet. Eit hav som stod i flammar etter at store mengder olje hadde spreidd seg utover sjøen. Skipet hadde eit mannskap på 1600 i tillegg til 800 soldatar. Av desse mista om lag 1000 mann livet. Hundrevis av soldatar låg og flaut i den kalde sjøen som ikkje hadde meir enn eit par grader. Somme døde medan andre prøvde å kave seg i land. Sjefen for Oscarsborg vurderte om dei skulle sende ut båtar for å plukke opp dei som låg og kava i den brennande sjøen, men han bestemte seg for ikkje å gjere det. Han frykta for at tyskarane då ville skyte på redningsmannskapet. Flyåtak på festninga Den tyske krigsmakta tok ein grusom hemn etter tapet av si stoltheit «Blücher». Utpå dagen 9. april sette tyskarane inn eit massivt flyåtak mot Oscarsborg festning. 42 tyske fly hadde eit kontinuerleg bombeangrep på festninga som varte i elleve timar. Men trass i bomberegnet så fekk ikkje festninga alvorlege skader. Reidar Godø dato til venstre 12 Torsdag 29. januar 2015 samfunn var i krig 1940-1945 og om innsatsen til lokalbefolkninga er frå «Blücher» e trefte skipet Overgav seg Om lag klokka 17.00 den 9. april kom ein tysk båt med kvitt flagg over til Oscarsborg. Den tyske offiseren kravde at festninga skulle kapitulere og at mannskapet skulle overgi seg. Tyskarane truga med at dersom dei ikkje overgav seg så ville Drøbak by bli jamna med jorda. Oberst Birger Eriksen såg inga anna utveg enn å overgi festninga til okkupantane. Det skjedde formelt dagen etter, 10. april klokka 09.00. Men Eriksen hadde eit krav for å overgi seg. Det var at soldatane ikkje skulle bli tatt til fange. Og det lova dei tyske offiserane. Ein lovnad dei held. Men då Johan Godø gjekk til køys den 10. april var han svært uroa og følte seg som ein fange sjølv om tyskarane hadde lova noko anna. Han stolte ikkje på lovnaden og bestemte seg før å rømme om natta. Saman med ein kamerat skulle dei ta seg over sundet med ein liten båt om natta, men då kameraten trekte seg vart det ikkje noko av flukta. Han gjekk derfor tilbake til hytta si og la seg. Dagen etter vart alle offiserane ført som fangar til Drøbak. Her fekk dei løn og måtte trekke i sivile klede. Krigen var på ein måte lutt før den hadde begynt, følte Johan og dei andre. Men Johan hadde ein plan, han tok båten tilbake til Oscarsborg festning og skaffa seg passordet for å kome inn. Ikkje overraskande var passordet «Blücher». Johan henta skia sine, ryggsekken sin og stakk innom skomakarverkstaden og fekk seg nokre gode marsjstøvlar. Så gjekk vegen til magasinet der han kjende godt han som jobba der. Han fekk rikeleg med ammunisjon før han igjen sette kursen mot Drøbak. Her trefte han broren sin Reidar som gjekk på krigsskulen i Oslo, og ein kamerat frå krigsskulen. Ved mobiliseringa fekk Reidar beskjed om å møte på Kopsåsbatteriet som låg ved Drøbak. Frå byen kunne dei sjå det tyske flagget som vaia på Oscarsborg festning. God utdanning Johan Godø hadde gjennomgått både gymnas og befalsskule då krigen braut ut. Han kom til Oscarsborg festning som vernepliktig fenrik i 1939. Planen var å studere vidare ved NTH i Trondheim når verneplikta var gjort unna, men slik vart det ikkje. Etter at tyskarane gjekk inn i Polen bestemte han seg for å bli verande på Oscarsborg. Så kom Finnlandskrigen, der han melde seg som frivillig. Men han fekk aldri svar på søknaden sin. Men derimot fekk Johan Godø gjort ein betydeleg krigsinnsats her i landet. Mellom anna på Sørøya der han blir minna som ein krigshelt. Men det er ei anna historie. Kjelde for denne artikkelen er boka Småsamfunn i storkrig av Ragnar Ulstein, Segn og soger av Magne Godøy og Det Norske Forsvaret. Ei av kanonane på Oscarsborg festning som seinka Blücher var i frå 1892. Tyske soldatar tok seg til rette på Oscarsborg festning etter at den tyske krigsmakta tok over festninga 10. april 1940. dato til høyre Torsdag 29. januar 2015 13 Heile teamet. F.v. Einar Furnes, vår mongolske sjåfør (populært kalt Champion), Gunnar Ramsli, Susanne Tennfjord Alnes, Emelie Valkvæ, Vilde Remmen, Andreas Furnes, Celina Valderhaug, Mathea Valderhaug, Per Oddvin Stornes, Lars-Petter Ødegård (jobbar som voluntør i Mongolia). Foto: privat På misjonstur til Mongolia Laurdag kom gjengen frå Godøy bedehus heim frå Mongolia, etter ei veke på misjonstur. Dette året samlar bedehuset inn pengar til eit par prosjekt i Mongolia, og målet er 130.000 kroner. Ragnhild Kristine Vartdal Espelund ragnhild@oyblikk.no Andreas Furnes frå Godøya er ungdomsarbeidar i Norsk luthersk misjonssamband (NLM), og svært engasjert på bedehuset på heimstaden. Han har tidlegare reist turar i forbindelse med ulike misjonsprosjekt, og no når Godøy bedehus ville samle inn pengar til eit prosjekt i Mongolia, ordna han det slik at den som ynskja kunne vere med å sjå og delta på prosjekta på nært hald. – Eg har tidlegare reist på fleire misjonsturar som har gitt meg mykje, difor hadde eg lyst å ta med ein gjeng frå bedehuset og gje dei same opplevinga, seier Furnes. – Gjennom ulike kontaktar ordna eg eit program vi kunne fylgje ei vekes tid, overnatting og reise. Så opna vi turen for dei som ynskja å vere med, og til slutt vart vi ein gjeng på ni stykker frå Godøya, Vigra og Valderøya. Aldersspennet var i frå 18-51 år, og det var både studenter og yrkesaktive som vart med, fortel Furnes. Besøkte barneheim I Mongolia er det mange folk som lever som nomader. For nomadene er det ikkje vanleg å ta med borna når dei reiser rundt og passar dyra sine, så då plasserer dei borna sine på barneheimar. – I tillegg er landet hardt Andreas Furnes, turleiar for Mongoliareisa, saman med Per Oddvin Stornes. Foto: Ragnhild Kristine Vartdal Espelund ramma av eit stort alkoholforbruk. Det fører igjen til mykje vald i heimane, det er også ein av mange grunnar til at det er mange barneheimar i landet, seier Per Oddvin Stornes, som til dagleg arbeidar som sjukepleiar på Ålesund sjukehus, kjem frå Vigra og tok moglegheita han fekk til å bli med til Mongolia. – Noko av den sterkaste opplev inga eg fek k var på barneheimen vi besøkte. Der var barneheimen lagt opp som mange små familiar. Seks-sju born var saman med ei ”mor” ein liten familie. Der fekk dei mykje kjærleik. Det var kjekt å få sjå og å vere med desse borna, fortel Stornes. Barneheimen er ein del av prosjektet Godø y bedehus gjev pengar til. Prosjektet heiter Strengthening Childrens Rights og handlar om å styrke borns rettigheiter. Machokultur Andreas Furnes og Per Oddvin Stornes måtte tenke seg nøye om då dei vart bedt om å skildre kulturen i Mongolia, og sette ord på nokre av dei største ulikheitene mellom det landet og Noreg. Etter litt kjem Stornes på noko. – Vi kan vel seie at Mongolia er ein machokultur, seier han og ler. Furnes nikkar svært bekreftande til det. I saman med Furnes og Stornes reiste det og med sju andre, også nokre jenter. I fylgje gutane sleit nok jentene med maten i Mongolia. – Det var mykje kjøt vi fekk servert, og det var ikkje lite feitt på dette. Eg trur jentene sleit ein del, og det vart nok ein del godteri for å dekke inn det tapte matbehovet, smiler Furnes. – Eg hadde nok også hatt ei utfordring om eg skulle levd lenger enn ei veke på det kosthaldet, fortel Stornes. Misjonstur Ein del av prosjektet Godøy bedehus skal støtte er arbeidet i ei av kyrkjene NLM samarbeider med i Mongolia. I løpet av veka fekk sunnmørsgjengen også besøkt denne kyrkja, i tillegg til både eit engelskkurs og ein bibelskule. Kristendomen har i fylgje Furnes vore i Mongolia berre sidan 1990, og i år 2015 har den spreidt seg frå éin til fleire tusen kristne. – Det sterkaste for meg var å sjå korleis evangeliet har spreidt seg. Vi fekk møte kona til éin av dei sju første kristne i landet. Han var aleine kristen i 1990, og i dag er det mellom 50 000 og 100 000 kristne, i om lag 400 ulike kyrkjer, fortel Furnes. Engasjere andre Turteamet på ni ynskjer å engasjere folket på Godøya med sine turopplevingar, og vil i næraste framtid fortelje i frå turen på eit søndagsmøte. I tillegg har dei ein plan om å samle inn 130.000 kroner til prosjektet i løpet av våren. – Vi skal blant anna ha ei misjonshelg, der vi vaskar bilar for folk og har misjonstivoli med meir, fortel Furnes. Innsamlinga til prosjektet har pågått sidan august i fjor. Furnes og Stornes synest ikkje å tenke at kronebeløpet er eit urealistisk mål, så pengar til misjonen blir det nok når eitt år har gått. Godøy bedehus har annakvart år innsamling til Indremisjonsforbundet, og annakvart år til Norsk luthersk misjonssamband. I fjor vart det samla inn 110.000 kroner til Sunnmøre Indremisjon sitt prosjekt i ytre bydel av Ålesund. dato til venstre 14 Torsdag 29. januar 2015 Frå ein av barneheimane sunnmøringane besøkte. F.v. Celina Valderhaug, Emelie Valkvæ og heilt til høgre Vilde Remmen. Foto: privat Bilete av Gunnar Ramsli som får halde ei ørn. Den siste dagen brukte giskeværingane på å oppleve kulturen i Mongolia. Foto: privat «Strengthening Childrens Rights» (SCR) • Starta i 2009. NLM arbeidar med å forbedre situasjonen til utsatte born og deira familiar. I januar 2014 starta SCR 2 der ein vil konsentrere seg om internatborn og deira situasjon. • Ein vil fokusere på borns rett til beskyttelse, rett til å bli høyrt, og rett til fritid og kvile. Ein ny komponent i prosjektet er borns rett til god helsehjelp. • I Mongolia lever mange som nomader. For at borna frå desse familiane skal få skulegong, må dei bu på internat frå dei er seks år. SCR konsentrerte seg tidlegare om Khovd fylke i Vest-Mongolia. Der har dei fleste internata hatt ei positiv utvikling i prosjektperioda. SCR 2 utvidar difor arbeidsområdet til også å omfatte Bayan-Ulgii fylke, der situasjonen på internata framleis er svært vanskeleg. • Gjennom det nye prosjektet vil NLM først og fremst arbeide saman med lokale myndigheiter, gi kurs og utviklingsmoglegheiter for internattilsette, lærarar, sosialarbeidarar og administrasjon på kommune- og fylkesnivå. Åpent brev til Giske kommune og ordfører Knut Støbakk 11. juni 2014 sendte jeg en underskriftsliste med over 300 signaturer til Giske kommune der vi innbyggerne krevde bedre trafikksikkerhet. Dette kalles et innbyggerinitiativ. I følge denne lovbestemmelsen er kommunen pliktig til å gi et svar innen 6 mnd. Nå er det gått 7 mnd og verken jeg eller Giske Nærmiljøutvalg har hørt et pip fra kommunen om innbyggerinitiativet. Dette mener jeg er slett arbeid av kommunen. Jeg har bodd på Giskeøya i cirka ni år. I et av de første årene ble det avholdt et fellesmøte i gymsalen på barneskolen der samme tema - trafikksikkerhet - ble tatt opp. Jeg husker jeg reagerte på den arrogante holdningen K nut Stø bakk viste den gangen når giskebeboere la f rem sine bek y mr inger vedrørende trafikksikkerheten. Oppgitte pust og himling med øynene dato til høyre Torsdag 29. januar 2015 var ikke akkurat det jeg hadde forventet av en ordfører. Nå vet jeg ikke om Støbakk har besøkt Giske siden, men jeg tror verken han eller de andre politikerne kan være klar over hvor ille situasjonen egentlig er her på øya. Noen store endringer er det ikke skjedd på disse ni årene, utover stor utbygging, flere innbyggere og dermed større trafikk. Men hva er gjort for å bedre trafikksikkerheten? Som hundeeier er jeg mye ute på tur rundt Giskeøya. For de om ikke har gått rundt øya kan jeg kort fortelle hvordan det oppleves: – Smale veier (ett kjørefelt, så vidt det er...) med dårlig belysning, i enkelte strekninger stadig manglene belysning da Tafjord Kraft tydeligvis sliter med noen tekniske feil her ute. – Ingen fortau – Ingen fartshindringer som kan begrense farten. – Flere steder står strømgjerder så tett inntil veien at man ikke har noe sted (grøft, jorde) å forflytte seg til når kjøretøyene kommer. – Når kjøretøyene kommer er det ofte om å gjøre å redde seg ut i en grøft, om en finnes og ikke er dyp og full av vann slik den for eksempel er på Skulevegen. – Sjåfører som ikke alle gidder slakke ned farten når de passerer på det som i realiteten er en kombinert veibane og fortau. – Man må noen ganger bare stå helt stille og håpe på det beste. – Noen sykkelgjengere bruker øya som treningsfelt og glemmer visst at også de skal holde trafikkreglene (fartsgrense og hensyn til gående). Steden skaper de farlige situasjoner. Og slik er det for en voksen person... Hvordan tenker dere at slike forhold skal være trygge for barn og eldre, de som er på skolevei, på vei til trening? De som triller tur med barnevogn og har gående småbarn å holde styr på i tillegg? Veistandarden er rett og slett elendig og må oppgraderes. Skilt må byttes ut eller fikses slik at de blir leselige og feil skilting må byttes ut. Om dette er Giske kommune, Møre og Romsdal Fylkeskommune eller andre sitt ansvar vet jeg ikke. Men i mitt hode er det naturlig at en ordfører og kommuneadministrasjon tar tak i et så åpenbart problem og løser det uansett om det betyr at de selv må utføre selve jobben eller bare følge opp at andre instanser løser problemet i denne kommunen de er satt til å styre. Jeg mener ikke at løsningen er bredere veier som kan innby til enda høyere fart men noe må gjøres. Et riktig steg på veien kan være at politikerne tar alvorlig de tilbakemeldingene de får fra innbyggerne og følger opp. Slik jeg forstår det vil det snarlig bli avholdt et møte der innbyggerne får komme med sine forslag til løsninger for å forbedre trafikksikkerheten. Deretter er det naturlig at politikerne stiller. Men først og fremst er det viktig at politikerne setter seg personlig inn i problemstillingen på en tilfredstillende måte. Derfor ønsker jeg med dette å invitere Knut Støbakk og andre partiledere til en tur rundt øya. Oppmøte kan være på Skjongholmen, så går vi over broa og rundt øya sammen. Turen vil ta ca 1,5 time. Det anbefales å ha på godt med refleks og gode sko som tåler bli våte om man må ut i en grøft. Invitasjonen er åpen. Om det ikke passer samme dag for alle stiller jeg gjerne flere ganger. Velkommen! Sissel Basso 15 Bruk vårt lokale næringsliv Utda Aluminiumsvindu – Aluminiumsdører – Fasader – Glasstak – Rullegitter www.Blindheim-mekaniske.no tlf: 70 18 32 96 tips Øy-Blikk på telefon Vidaregåande skule Studiespesialisering Påbygging Aktivt miljø Kristen internatskule 1. mars INTERNAT gode vener godt miljø god LÆRING! Foto: Mattias Fredrikson Kjører: Henrik Windstedt Stad:Strandafjellet Skisenter www.vestborg.no epost: info@vestborg.no tlf: 70 26 39 00 Vestborg.vgs Tlf.: 70 18 97 70 fax: 70 18 97 80 E-post: post@valumin.no Nordstrand, 6050 VALDERØYA Annonser her! Vi gir deg gode annonsepriser! ER DU KLAR FOR NESTE STEG? I et masterstudium oppnår du økt forståelse for ditt fagfelt. Du får flere valgmuligheter og økt innflytelse over arbeidet ditt. Høgskolen tilbyr masterprogram rettet mot deg som vil studere fulltid eller kombinere jobb og studier. MASTERSTUDIER 7018 6380 Helsefag Ingeniørfag Avansert klinisk sykepleie den kritisk syke Videreutdanninger Produkt- og systemdesign Skipsdesign Simulering og visualisering Økonomisk-administrative fag Vi inviterer til Masterdag! Internasjonal business og markedsføring Velkommen til Høgskolen 11. mars fra 14-18 og få mer informasjon om masterstudier som kan passe for deg. Maritime fag Ledelse av krevende maritime operasjoner www.hials.no Høgskolen i Ålesund er kjernen i Campus Ålesund og jobber kontinuerlig med å opprettholde og lansere nye studier og fagmiljø med tette forbindelser til næringslivet. dato til venstre 16 Torsdag 29. januar 2015 nning 2015/16 Åpen skole NORGES STØRSTE PRIVATE VIDEREGÅENDE SKOLE Begynne på videregående til høsten? Vi holder åpent hus i Moloveien 5, mandag 9. februar kl. 18.00. Her vil elever og foresatte få en nærmere presentasjon av Akademiet VGS. Vi vil fortelle om våre utdanningsprogram, vise dere skolen og svare på spørsmål. Vel møtt! NYHET! – Studiespesialisering med Teknologi og forskning – Studiespesialisering med Juss – Studiespesialisering med Toppidrett UTDANNINGSPROGRAM FOR HØSTEN 2015: STUDIESPESIALISERING MED TEKNOLOGI OG FORSKNING / STUDIESPESIALISERING MED JUSS STUDIESPESIALISERING ORDINÆRT LØP / STUDIESPESIALISERING MED INTERNASJONALT FOKUS / STUDIESPESIALISERING MED TOPPIDRETT MEDIER OG KOMMUNIKASJON / SERVICE OG SAMFERDSEL / IKT-SERVICEFAG / REALFAG / SPRÅK, SAMFUNNSFAG OG ØKONOMI SALG, SERVICE OG SIKKERHET / PÅBYGGING TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE AKADEMIET VGS ÅLESUND / MOLOVEIEN 5 / 6004 ÅLESUND / TELEFON 70 13 42 10 / ALESUND@AKADEMIET.NO / WWW.AKADEMIET.NO – Stolte fagfolk for framtida BORGUND VIDAREGÅANDE SKOLE For deg som ønskjer fagbrev/yrkesutdanning og for deg som ønskjer både fagbrev/yrkesutdanning og høgskuleutdanning TILBOD SKOLEÅRET 2015/2016 UTDANNINGSPROGRAM OG PROGRAMOMRÅDE VG1 VG1 VG1 VG1 VG1 VG1 VG1 Bygg- og anleggsteknikk Design og håndverk Elektro Helse- og oppvekstfag Restaurant og matfag Teknikk og industriell produksjon UTDANNINGSPROGRAM OG PROGRAMOMRÅDE VG2 Bygg – og anleggsteknikk VG2 Anleggsteknikk VG2 Byggteknikk VG2 Klima-, energi- og miljøteknikk Design og håndverk VG2 Design og tekstil VG2 Frisør VG2 Interiør og utstillingsdesign Elektro VG2 Automatisering VG2 Data og elektronikk VG2 Elenergi Helse- og oppvekstfag VG2 Helsearbeidarfag VG2 Helseservicefag VG2 Hudpleie Restaurant- og matfag VG2 Kokk- og servitørfag VG2 Matfag Teknikk og industriell produksjon VG2 Bilskade, lakk og karosseri VG2 Køyretøy VG2 Industriteknologi PROGRAMOMRÅDE VG3 VG3 VG3 VG3 VG3 VG3 VG3 VG3 Interiør (DH) Dataelektronikarfaget (EL) Automatiseringsfaget (EL) Apotekteknikk (H0) Helsesekretær (HO) Hudpleier (HO) Påbygging til generell studiekompetanse (30 t) VG3 Påbygging til generell studiekompetanse (23 t etter fullført yrkeskomp.) VAKSENOPPLÆRING Nærare informasjon på telefon: 70 17 00 00 Heimeside: www.borgund.vgs.no dato til høyre Torsdag 29. januar 2015 Er du over 25 år og ønskjer utdanning innanfor eit av skolen sine programområde, kan du ta kontakt med BORK, skolen si avdeling for vaksne. BORK kan også tilby kurs til bedrifter. Yoga på Vigra – Ville prøve noko nytt Avspenning, Yam eller Ashtanga. På Giske-senteret trener 16 kvinner med auge for både kropp og sinn. Nora R. Hesseberg – Vi startar med oppvarming. Solhelsing, seier Hildegunn Blindheim. Ho leier timane i Aktiv trening sine lokaler på Gjøsund. Til dagleg er ho yoga-instruktør i Spjelkavika. Denne gongen hadde ho blitt spurt om ho ville leie Ashtanga-gruppa i Giske kommune. Difor trenar ho folk både her og i indre bydel. Etterkvart kjem deltakarane inn døra til lokalet. Dei legg mattene på golvet og har på seg lett treningsutstyr som gjer det lett å tøye ut. To stearinlys lyser opp i hjørnet. Svak, behageleg musikk strøymer svakt ut av høgtalarane, før solhelsinga står for dør. Damene reiser seg. Yogaen er i gong. Kunsten å koble ut Ashtanga yoga er verdsomspanande. Pust, beveging og kvar ein fester blikket er avgjerande under øvingane. Søkelyset er mellom anna å stresse ned, få til å slappe av i kropp, sjel og sinn. For nokon handlar det om å bli meir fleksibel eller tøyeleg, og å klare å koble ut kvardagsstresset. Kva det eigentlege målet er varierar frå person til person. – Eg kjende at eg vart roleg i kroppen etterpå, sa Wibeke Jønsson. Saman med Siw Blindheim har ho teke steget ut i det litt ukjente terrenget kalla yoga. – Dette er tredje gongen vi er med, seier dei. – Vi hadde høyrt om det, såg at det skulle vere her, og ville prøve noko nytt. Begge damene jobbar for Securitas på flyplassen, og bur på Vigra. Ved å gjere øvingane på rett måte, så kan yoga virke bra for til dømes ryggen. – Det er mange menn som driv med dette rundt omkring, seier Blindheim. Både i Spjelkavika og Giske kommune overlet dei treninga til damene. Dette til tross for at Ashtanga yoga er ei veldig krevjande type øving. Så her har mennene eit nytt og spanande kort dei kan taka del i. Om dei tør. Farleg verka det ikkje. Underteikna var med under innleiinga, og fekk kjenne at dette både var nytt, utfordrande og spanande. Opp i flytestilling. Hildegunn Blindheim har praktisert yoga i mange år, og leier timane på Gjøsund, Vigra. Finner flyten Den erfarne yoga-instruktøren fortel at dei startar økta med oppvarming i form av solhelsing. Deretter er det ståande øvingar, etterfulgt av sittande, liggande og avsluttande former for beveging. Det er mykje å tenke på fyrste gongen. – Men ved gjentaking og repetisjon finn vi flyten, og berre flyt oss gjennom det. Stor interesse – Interessa for yoga-kurs er veldig stor. Difor står folk no på venteliste for å bli med og trene seg opp til å forene kropp og sinn. Det er meir enn berre ei fysisk trening; – den er også spirituell, avsluttar Blindheim. Siw Blindheim og Wibeke Jønsson synest dei har hatt litt utbytte allereie av øvingane, og synest det går betre og betre for kvar gong dei er med. Øvingar tilpassa alle Eigentleg er Hildegunn Blindheim tilsett i Yamyoga, med mangeårig bakgrunn og erfaring innan feltet. Ho seier at Ashtanga yoga er tilpassa alle. – Den består i seks seriar som du kan halde på med heile livet, utan å bli utlært. Med eit fast sett med øvingar kvar gong. Yoga er for alle dersom du ikkje har spesielle plager. Det er trygt, men ein må alltid kjenne på kroppen, seier ho, og understrekar ordet alltid. Ein treningsklar gjeng med damer, klar for ei økt med Ashtanga yoga. Her saman med instruktøren. Damene er på yoga- kurs to gongar i veka. dato til venstre 18 Torsdag 29. januar 2015 Familiedag i Valderøy kyrkje NYTTÅRSKONSERT SØNDAG 1. FEBR KL 18.00 I GODØY BEDEHUS Laurdag 31. januar kl. 12.00 til kl. 16.00 Medvirkende: Godøy Brass Giske Mannskor The Strangers Sal av rømmegraut, pølser, kaffi og kaker Utlodding - tombola Andakt kl. 14.00 sang av Kor Tøft alle velkomne! Inngangspenger kr 100 inkl. pausemat. Lotteri Valderøy kvinneforening NMS Valderøy Barneskule Søndag 8. februar Dørene og kafésalg åpnes kl. 15:00 Annonse sponsa av Giske Fremskrittsparti Kulturmønstring starter kl. 16:00 Nominasjonsmøte i Giske FrP Mandag 9. februar, kl 19.00 Sted: OptimarStette AS, Valderøya Vel møtt! Styret PÅMELDING TIL UKM 08.02 NY FRIST Ny påmeldingsfrist er laurdag 31.01. kl 23.00 Påmelding på http://ukm.no/pl3883/ GISKE SENTERPARTI kallar inn til Årsmøte Trenger du Elektriker? Trenger du Elektriker? Trenger du Elektriker? torsdag 5. februar 2015 kl. 19.00, Gamle Gullik på Giske Lokal kunnskap, med landsdekkende erfaring. Lokal kunnskap, med landsdekkende erfaring. Lokal kunnskap, med landsdekkende erfaring. Enkel servering Vel møtt! Styret 1550+ Likes! Takk! finn oss på Vi utfører alle elektro oppdrag for bolig og næring. Vi utfører Lavpris 144 oktober 2014:Layout 1 09.10.2014 10:58 Sidealle 1 elektro oppfor bolig og næring. Vi utfører drag elektro opp•alleSkift til LED: spar penger drag for bolig og næring. • Styr varmen: spar strøm • Skift til LED: spar penger • El. kontroll: lavere forStyr varmen: spar strøm NB!: • Skift til•LED: spar penger sikring Køyrerute kvar • El. kontroll: lavere foronsdag til Ålesund, Sula, • Styr varmen: spar strøm sikring lavere forGiske, Skodje, Haram, • El. kontroll: Kjetil Løvold Ørskog. Sykkylven (tirsdag) sikring Valderøy Pensjonistlag Årsmøte 2015 Vert halde på PSS, Ytterland Onsdag 11. februar 2015, kl 19.00 NB merk dato! Sakliste: årsmøtesaker | årsmelding | revidert regnskap 2014 kontingent | innkomne saker | val av nytt styre Saker en vil ha behandla på årsmøte må vere styret i hende 14 dagar før møtet. Vi ynskjer vel møtt til årsmøte Styret Annonsere? Ring 70 18 63 80 FURENE, 6100 VOLDA og Hareid (torsdag) FRAKTFRITT Ring 7095 11 67 14 05 Mob 46 99 eller 70 11 14 05 Ring Ring 70 11 14 05 LAVPRIS-MATERIAL sykkylvsbladet-høy.indd 1 - PRISAR INKL. MVA sykkylvsbladet-høy.indd NB! Alle bestillingar for KØYRERUTA må vere innkomne innan onsdag @oyblikk #øyblikk sykkylvsbladet-høy.indd 36x68 just . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . pr m kr 12,50 48x98 just . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . pr m kr 20,45 19x148 dobbelfals, 1. sort gr. kvit . . . . . pr m 2 kr 146,70 15x70 prof. golv/dør kvit . . . . . . . . . . . . . . pr m kr 33,95 21x70 prof. tak kvit . . . . . . . . . . . . . . . . . . . pr m kr 40,00 12 mm std. spon 122x239 . . . . . . . . . . . . . . . pr pl kr 154,90 Bever tak skygge MDF 12x128x239 eggk. pr m2 kr 165,Bygg1 Kari dør 70-100-200-210 kvit karm. pr stk kr 1200,70 mm Knauf isolasjon 037. . . . . . . . . . . .pr m 2 kr 32,40 100 mm Knauf isolasjon 037. . . . . . . . . . .pr m 2 kr 45,00 150 mm Knauf isolasjon 037. . . . . . . . . . .pr m 2 kr 65,90 200 mm Knauf isolasjon 037. . . . . . . . . . .pr m 2 kr 90,50 MDF perle, skygge, fas 11 x 620 x 2390 mm Eggkvit, Cafelatte, Lys Toscana, Skagen Kostmalt kr 129,- pr plate. Fritt levert Vi har Glava, Decra, ståltak, takstein, H-vindu, dører Be oss om tilbod! Telefon 70 04 59 90 Fax 70 06 87 70. OPE MANDAG – FREDAG 8 – 17. LAURDAG 9 – 14 HYTTER – SJØLVBYGGARGARASJER – ALT I TRELAST www.koppenind.no – post@koppenind.no dato til høyre Torsdag 29. januar 2015 1 1 5/13/2014 9:24:52 AM 5/13/2014 9:24:52 AM 5/13/2014 9:24:52 AM #øyblikk ALFA BEGRAVELSESBYRÅ AS Vi står alltid til tjeneste ved dødsfall og begravelse. Personlig oppfølging fra våre konsulenter. DØGNVAKT: 70 18 34 44 / 70 16 92 20 (Avd. Ytterland og Gåseid) Besøk vår hjemmeside:www.aabb.no GISKE KOMMUNE UTGREIING AV SIKRING AV HUND VED UTVIDA BANDTVANG I GISKE KOMMUNE Giske formannskap har, på bakgrunn av innspel frå Giske Bondelag, i f.sak 028/14 vedtatt å innhente informasjon om behov for utvida sikring av hundar ved bandtvang i heile eller delar av kommunen. Vi ber no partar og interesserte om å sende inn sine merknader som grunnlag for vidare politisk behandling. Merknader sendast kommunen seinast 1. mars 2015 til: post@giske.kommune.no, eller Landbrukskontoret, rådhuset, Valderhaug 4, 6050 Valderøya Landbrukskontoret Tidlegare Tidlegare SISenteret begravelsesbyrå SISenteret AS begr Tidl Døgnvakt: Døgnvakt: 70 17 86 60 70 17 86 60Døg VI VI ER DER ER NÅR DER DU TRENGNÅR OSS DU TREN VI E Vi Vi kankan avtale møte avtale i heimen, avdeling møte Øysenteret i heimen, eller Vi ka av kontoret kontoret i Spjelkavik i Spjelkavik kont E-post: E-post: sunnmore@imf.no sunnmore@imf.no www.bbsunnmore.no www www.sisenteret.no .sisenteret.no 19 E-po www Siste sida TIPS OSS PÅ TELEFON 70 18 63 80 sol og måne 29. jan. 9.13,15.25,04.29,11.58 30. jan. 9.10,15.28,05.35,12.38 31. jan. 9.08,15.31,06.30,13.28 1. feb. 9.05,15.34,07.12,14.27 2. feb. 9.02,15.37,07.45,15.34 3. feb. 8.59,15.40,08.09,16.45 4. feb. 8.57,16.43,08.28,17.57 Ut av ilden - Ingvar Ambjørnsen Håvard Bjørnelv, Giske folkebibliotek A lexander Irgens er ein aldrande norsk forfattar som har gjort stor lukke med sin fiktive kriminalhelt Stig Hammer. Han sel bøker i bøtter og spann både i utlandet og her heime. I samband med lanseringa av si nyaste bok, ”Høye, mørke menn”, reiser han rundt og deltek på forskjellige arrangement, mens helsa skrantar litt etter eit nyleg hjarteinfarkt under eit oppdrag i Paris. flo / fjære 29. jan. Fjære Flo Fjære Flo kl. m. 00:140,7 06:291,7 12:500,8 19:001,7 30. jan. Fjære Flo Fjære Flo kl. m. 01:290,8 07:441,7 14:070,6 20:181,7 31. jan. Fjære Flo Fjære Flo kl. m. 02:350,8 08:461,8 15:090,6 21:191,7 1. feb. Fjære Flo Fjære Flo kl. m. 03:280,7 09:341,8 15:590,6 22:061,8 2. feb. Fjære Flo Fjære Flo kl. m. 04:110,7 10:141,9 16:400,5 22:441,8 3. feb. Fjære Flo Fjære Flo kl. m. 04:320,6 10:362,0 17:010,4 23:101,9 4. feb. Fjære Flo Fjære Flo kl. m. 05:160,6 11:182,0 17:460,4 23:551,9 Lesetips til helga Irgens er godt gift, det synest han i alle fall sjølv, sjølv om han ikkje set trufastheit spesielt høgt på prioriteringslista. Til eit oppdrag på Lillehammer tek han med seg elskerinna si, ei fager ung bilethuggar med temperament som ein middels orkan. På ein pub utpå kvelden går det gale då ein av Irgens beundrarar ikkje vil ta eit hint om å la dei få sitja i fred. Beundraren endar på sjukehus og pressa fråtsar i detaljane, spesielt etter at Irgens gir eit ulykksaleg intervju til Se og Hør, det er på tide å ta ein timeout. Vi følger Alexander i nokre hektiske veker, mellom boklansering, dametrøbbel, familiekonfliktar og eit aukande alkoholkonsum. Men også med venskap, nye prosjekt og ein kamp for nok ein gong å koma seg ovanpå, til overflata, ut av ilden. Ingvar Ambjørnsen har med denne boka skrive ei underhaldande historie som viser fleire sider av den travle, smått kyniske bokbransjen. Der opplagstala er det viktigaste, og der publikums dom på mange måtar er den endelege. Ei historie om ein forfattar midt i livet, som med vekslande hell freistar å halde hovudet over vatnet. Kvar fjortande dag gir Giske folkebibliotek deg eit nytt lesetips til helga. Håvard Bjørnelv og Trine Naadland, ved biblioteket, er det som gir deg tipsa. hjernetrim Svar på førre Sudoku SuDoku 3 2 5 9 4 7 1 6 8 1 7 4 8 3 6 5 9 2 9 6 8 5 2 1 3 4 7 4 8 1 3 6 9 2 7 5 5 3 6 2 7 4 9 8 1 7 9 2 1 5 8 4 3 6 6 1 9 4 8 2 7 5 3 2 5 7 6 9 3 8 1 4 8 4 3 7 1 5 6 2 9 Fyll ut dei tomme rutene med tal frå 1 til 9, både vannrett, loddrett og i kvadrata. Levert av Media Berge @dortlis - Dorthe Nedregotten - 9.1.15 ����� ������������ �������������� ��� ����� ������� ����� ����������� ������ ��� �������� ������ ��������� �������� ��������� �������� ��������������� �� ������� ������� ��� #oyblikk | @øyblikk
© Copyright 2024